Orientering utanfor Førde
Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2023
Skal ein utvikle seg som o-løpar må ein inn i mellom prøve seg utanfor Førde. Det vere seg løp i krinsen, på nasjonalt nivå, eller reise til utlandet. Bildet er frå England i påska.
Håkon Grønli og Anja Hole var i vinter invitert med på treningsleir i Alicante i Spania av bergensklubben Varegg. Det vart ei hektisk veke med mykje trening.
Anja Hole var i påska i England saman med Mark Purkins og Charlotte Watson og deltok på JK Orientering 4-dagers. Anja fekk desse resultata: Dag 1, sprint, nr. 7. Dag 2, mellom, nummer 1. Dag 3, lang, nummer 2. Samanlagt nummer 2. Den fjerde dagen var det stafett, og ho sprang da saman med løparar frå Oppsal Orientering med ein 11.plass som resultat.
Sist helg var det to løp i Askvoll. Fredag var det KM natt. KM-vinnarar frå Førde: Anja Hole i D19, Håkon Grønli i H19 og Torodd Os i H70. Laurdag var det krinsløp med 38 startande frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Resultatlista finn du her. https://eventor.orientering.no/Events/Show/17549
Førstkomande helg er det NM nattorientering fredag i Halden. Der deltek Anja Hole og Håkon Grønli frå Førde. Same helg er det norgescup, verdenscup og publikumsløp i samband med det. Kring 1500 deltakarar er påmeldt til løpet laurdag, og det same søndag. Følgjande er påmeldt frå Førde: Helge Schei, Torodd Os, Kurt Grønli, Anja Hole og Håkon Grønli.
Mellomdistanse, England. Anja Hole vann klassen sin.
Kjekt med Førde IL Orientering-drakt på pallen i England.
Krinsløp Askvoll 22. april 2023. Premieutdeling.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering
O-posten 2024 er klar
19.12.2024
Orientering på Alti
08.12.2024
Innetrening Slåtten skule
05.11.2024
Premiefest onsdag 30. oktober
27.10.2024
Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025
16.10.2024
Idrettens møteplass 27.10.
08.10.2024