Rekorddeltaking i Vieåsen
Postet av Førde Idrettslag den 21. Mai 2026

Veldig gledeleg at så mange tok turen til Vieåsen og orienteringsløp 20. mai. Vi har over 80 registrerte namn på listene – i tillegg til mange forelder og besteforelder som var med dei yngste rundt. Veldig kjekt. Det var mange nye med, og ikkje sikkert alle registrerte seg ved målgang.
Dette var eit løp som ungdomsløparar i klubben arrangerte. Dei fortener skryt for godt gjennomført arrangement med gode løyper, og fullt trøkk for å halde orden på alle nye som skulle registrere seg, og ulike spørsmål som skulle svarast ut.
Løypevinnarar: A kvinner Vena Fristad, A lang Henning Tjørhom, B kvinner Tuva Bjørset-Hirth, B menn Martin Olai Spjutøy, C kvinner Arya Stubhaug Tjørhom, C menn Anders Mallasvik.
Fullstendig resultatliste med løyper og strekktider finn du her.
Neste løp vert onsdag 27. mai på Moskog, retning Holsen. Påmelding her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.