Resultat Bekkjavatnet 13.8
Postet av Førde Idrettslag den 14. Aug 2025
43 løparar til start på første haust-løpet ved Bekkjavatnet. Løypevinnarar: C kvinner Sigrid Botnen, C menn Anders Mallasvik, B kvinner Julie Daling,B menn Torbjørn Holsen, A menn: Andreas Haug. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Bekkjavatnet
Neste nærløp vert onsdag 20. august i Gjesdalsdalen, Vassenden.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
O-løp Bekkjavatnet 13.8.
Postet av Førde Idrettslag den 12. Aug 2025
Nærløp orientering onsdag 13. august kl 18.00. Oppmøte Bekkjavatnet, avkøyrsle nærast Førde. Løyper: Nybyrjarløype på 1,5 km (sjå over), for litt øvde ei C-løype på 2,5 km, litt erfarne ei B-løype på 3,0 km og A-løype på 4,8 km. Velkomen til alle! Påmelding på Eventor (eller ved frammøte).
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Bekkjavatnet
NB! Det er litt få parkeringsplassar i området. Ber alle som kan samkøyre, slik at vi helst har 2-3 personar i kvar bil. For dei som kjem frå Førde møt på Plantasjen/Sparkjøp kl 1715 - 1730, slik at dei som er åleine kan finne nokon å sitte på med.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
O-aktivitet hausten 2025
Postet av Førde Idrettslag den 10. Aug 2025
Då er haustsesongen her! Etter ein liten pause frå o-aktivitet med trening og nærløp, startar vi opp igjen måndag 11.8. Bildet er frå ein av postane som Gunnar Gytri har hengt ut til treninga måndag kl 18 på Langeland skisenter. Bli med du og! Les meir om kva aktivitet o-gruppa har i haust.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Avlyst løp 6. august
Postet av Førde Idrettslag den 5. Aug 2025
AVLYST LØP 6.8: Grunna svært dårlege verutsikter tysdag og onsdag har klubben tatt avgjerd om å avlyse o-løpet onsdag 6.8. Løpet skulle vere i Førdslia, med mykje skråli og mange bekker/elvar vi frykta vil vekse seg store. Første nærløp etter ferien vert då onsdag 13.8.
Treningsøkt på Flugekartet
Postet av Førde Idrettslag den 7. Jul 2025
Framme frå venstre: Kaja Osvoll, Ann Kristin Kusslid, Anja Hole og Guilhem Elias. Bak frå venstre: Gunnar Gytri, Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Sjur Skilbrei og Gaute Osvoll. Foto: Knut Even Hole
Onsdag 2. juli hadde O-gruppa trening på Flugekartet for ungdomen som skal på Hovedløpet og O-landsleiren i Sandefjord 1.-6. august. Dei starta økta med oppvarming frå Flugekvam langs traktorvegen inn til start på korridor-orientering. Denne leia dei til start 2 og postplukk tilbake til traktorvegen igjen. Gunnar Gytri hadde laga opplegget, og var med som mentor for ei gruppe av ungdomane. Anja Hole og Guilhem Elias var og mentor for kvar si gruppe. Flott vær og fint terreng gjorde kvelden perfekt, og truleg gav trening ungdomen nokon nye o-tekniske tips. Tusen takk til Gunnar, Anja og Guilhem for hjelpa med treninga. Vi satsar på å ha minst ei økt til med ungdomen før dei setter nasen sørover til nokon kjekke dagar i Sandefjord.
![]() | ![]() |
I år sender Førde IL-Orientering heile 7 ungdomar til HL/OLL, noko som er heilt fantastisk, og kanskje ny rekord? Gjengen reiser samla frå Førde i minibuss. Totalt frå krisen så blir dei 9 deltakarar. Dei som reiser frå Førde er: Kaja og Gaute Osvoll, Ann Kristin og Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Sjur Skilbrei og Ella Ryste Haugsbø. Anne Therese Kusslid er reiseleiar og sjåfør for gjengen frå Førde. Frå Markane IL reiser Brita og Olina Svarstad Heggdal. Anne Marie Svarstad er med som reiseleiar og krinskontakt for Sogn og Fjordane.