Tid
Ungdomen i o-gruppa vil gjenta sukseen frå i fjor og inviterar til Hall-O-Ween 🎃 i Hafstadparken fredag 30. oktober kl 18.00. Der kan born (alder opp til og med 10 år) saman med forelder gå ei enkel orienteringsløype i "Skumleskogen". 🕸 (Ta med hodelykt)
Skogen vil være ekstra skummel denne dagen, siden hekser og spøkelser 💀 er ute på vandring. Tørr DU å være med?👻 Men om du blir litt skremt, så har nok spøkelsa og heksene med seg litt godteri, så husk å ha med noko til å ha godteriet med i!
I fjor kom det mange som våga seg ut i Skumleskogen, og vi håpar det kjem enda fleire i år. For at ikkje alle skal gå i ei rekkje gjennom skogen, så vil ei gruppe starte med nokre runder i rakettløypa. Fint om foreldre passar på å holde litt avstand til dei foran i skogen slik at alle får kjenne på kor skummelt det kan være☠️
Etter ein er ferdig med løypa, så er det kveldsmat og kakao inne på FIL-Huset. Dei vaksne kan få seg ein kopp kaffe. Her kan ein få i seg varmen igjen, og matlysta blir alltid bedre saman med andre.
O-løypa er så enkel at ein treng ikkje ha prøvd dette før for å delta. Her der det opplevelsen i Skumleskogen som gjeld.
Håpar vi ser deg!!🙂
(Påmelding kr. 30 for å dekke inn for mat og snop)
Sted
Pris
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.