Kurs i løypeteikning
Postet av Førde Idrettslag den 14. Apr 2023
Sogn og Fjordane Orienteringskrins arrangerer digitale kurs i løypeteikning!
Førde IL Orientering oppfordrer alle som er interessert til å delta.
Interesserte melder tilbake til Knut Even Hole; knuteh@hotmail.com, innan måndag 17.4, så tar vi samla påmelding til kretsen.
"No byrjar o-sesongen å komme i gang og både ferske og erfarne løypeleggarar skal i aksjon framover. Frå krinsen si side vil vi hjelpe klubbane med å halde eit høgast mogleg teknisk nivå på treningar og løp, så om det er interesse for det vil vi arrangere kurs den kommande månaden i løypeteikning på PC for dei som ønskjer å lære eller bli flinkare på dette, og kurs i løypelegging for dei som er uerfarne løypeleggarar. Dette er ein type kurs som også finst i regi av NOF, men målet er at vi kan få til meir tilpassa opplegg og tettare oppfølgjing ved å arrangere sjølv.
Eg ber om at klubbane tar ein runde internt på kven som kan ønskje å delta frå dokker og gjev ei tilbakemelding, helst innan ei veke, på kva dag/tidspunkt som passar best. Nytt gjerne høvet til å huke tak i foreldre, ungdommar eller andre dokker vil inkludere meir i klubbdrifta og som kan få løypelegging som ein fin veg inn. Under har eg satt opp forslag til datoar, men dette kan vi tilpasse om det passar dårleg.
- Teikning av løyper i Purple Pen: Torsdag 27.04 eller 04.05 kl. 19-21
(valfri hjelp til å installere PP onsdag kveld) - Løypelegging: Torsdag 11. mai kl. 19-21
("heimearbeid" og oppfølgjing etter to veker)
Kursa er i utgangspunktet tenkt å vere digitale (på Teams), men eg er mobil og om nokon heller vi ha det fysisk så skal vi få til det. Berre ta kontakt. Eg legg opp til å starte kursa "frå scratch" så ein treng ikkje noko førehandskunnskap, også tilpassar vi etter nivået på deltakarane og eg er såklart tilgjengeleg for oppfølgjing også i etterkant."
Helsing Jakob Kalvig Skogan, SFOK"
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Sprintløp Sunde skule
18.09.2025

Orientering Sunde skule 17.9.
16.09.2025

Resultat nærløp 10. september
11.09.2025

Nærløp 10. september
07.09.2025

Resultat nærløp Kråkenesmarka
04.09.2025

Orientering onsdag 3. september
02.09.2025