Resultat romjulsløp

Postet av Førde IL Orientering den 27. Des 2022

O-gruppa arrangerte romjulsløp 2. juledag på kartet Ulvedalane mellom Moskog og Holsen. 16 deltakarar stilte til start. På bildet over klassevinnarane: Håkon Grønli med beste tid i A-lang herrer og Anja Hole med beste tid i A-lang damer. Kurt Grønli med best tid i A-kort menn, og Anja Sægrov i A-kort kvinner. Anders Mallasvik med best tid i C-løypa. Under Astrid og Ingrid Sellevoll Schei som gjekk C-løypa. Fullstendig resultatliste med strekktider finn ein her.




O-posten 2022

Postet av Førde IL Orientering den 23. Des 2022

O-posten 2022 oppsummerer av sesongen til Førde IL Orientering. Les om aktiviteten som har vore siste året. O-posten haust 2022.pdf   Her vil du finne årsmeldingar for dei ulike råda, deltakarliste for nærløp og turorientering, kartprosjekt og mykje meir.

Minner også om romjulsløp 2. juledag. Dersom vermeldingane held seg, ligg alt til rette for løp på Ulvedalane måndag 26.12. kl 12.00. NB! Endra stad. Meir informasjon her.




Romjulsløp 2. juledag - endra 23.12

Postet av Førde IL Orientering den 10. Des 2022

Førde IL innbyr til det tradisjonelle Romjulsløpet måndag 26. desember 2022. Første start ca. kl 12.00 (fri start). Frammøtestad: Ulvedalane - mellom Moskog og Holsen. Merka frå E39 Moskog. NB! Grunna snøforhold har ein endra stad for løpet.  Løypeleggar har sett postane i skogen 22.12, og melder om gode forhold. Han tilrår bruk av piggsko, sidan 'berg i dagen' er glatte. Det er også komt is på nokre av vatna, men den er ikkje trygg og er ikkje lov å springe på. Vermeldingane ser bra ut, så vi håper mange tar turen!

Løyper: To A- løyper: 3,6 km og 2,6 km. Ei C-løype på 1,2 km (løypelengder korrigert 23.12.)
Klassar: A-Lang H/D, A-Kort H/D og C-Løype H/D
Kart: Ulvedalane. Målestokk 1:7 500, ekv 5.m. Utgitt 2006. Sist revidert 2022.

Påmelding på Eventor eller ved frammøte. Startavgift kr 100. Det er høve til å bruke Vipps.
Vel møtt!

Løpsleiar: Knut Even Hole. Løypeleggjar: Helge Schei.




Digitale kurs i vinter

Postet av Førde IL Orientering den 24. Nov 2022


Ønsker du å øke kompetansen innen trenerrollen, løypetegning eller karttegning ?  

Norges Orienteringsforbund inviterer til en rekke kurs i perioden januar – april, med gode muligheter for å lære mer innen de nevnte områdene.    

Vi håper at klubber og kretser vil bidra til å spre informasjonen til sine medlemmer og benytter muligheten til kompetanseheving.

Det vil etter hvert bli satt opp kurs og webinar innen flere fagområder, så følg med på Eventor/forbundsaktiviteter.

Trenerkurs

  • Trener-1 kurs, Sandnes i Rogaland, start 14.-15. januar, les mer HER.
  • Trener-1 kurs, Drammen, start 4.-5. februar, les mer HER.
  • Trener-2 kurs, Oslo, start 25. januar, les mer HER.

Løypetegningskurs i OCAD og Purple Pen, digitale kurs

  • Kurs 1 Purple Pen, 9. januar, les mer HER.
  • Kurs 2 Purple Pen, 31. januar, les mer HER.
  • Kurs 1 OCAD, 16. + 17. januar, les mer HER.
  • Kurs 2 OCAD, 23. + 24. januar, les mer HER.

 

Synfaring og tegning av skolegårdskart og sprintkart

  • Synfaring og tegning skolegårdskart, Oslo, 28. + 29. januar, les mer HER
  • Kartoppdatering – sprintkart til instruksjon, Stavern 4. + 5. februar, les mer HER
  • Repetisjonskurs, Synfaring og tegning skolegårdskart, 13. februar, digitalt, les mer HER.
  • Repetisjonskurs, Synfaring og tegning skolegårdskart, 14. februar, digitalt, les mer HER
  • Synfaring og tegning skolegårdskart, digitalt, 6.-14. mars, les mer HER
  • Kartoppdatering – sprintkart til instruksjon, Trondheim, 18. + 19. mars, les mer HER
  • Kartoppdatering – sprintkart til instruksjon, digitalt, 20.-28. mars, les mer HER.  



Premiefest

Postet av Førde IL Orientering den 2. Nov 2022

52 personar stilte på premiefesten til Førde IL Orientering onsdag 2. november. Vi kosa oss med saft, kaffi og kaker. Så var det utdeling av premiar for turorientering, der 81 deltakarar har vore med i år. Etter det var det premiering for nærløp og lagsmeisterskap, før ein avslutta med lotteri. Takk til Coop Extra og Intersport for gevinstar. Kjekt at så mange hadde tatt turen. På bildet over unge løparar som fekk premie for fire nærløp og fleire. 

På bildet under "senior"-løparar som har delteke på 12 nærløp eller meir.

Det vert starta inne-trening på Slåtten skule onsdag 9.11 kl 20-21. Treninga er tenkt for personar frå 12 år og oppover. 




Haustmøte krinsen laurdag 5.11.

Postet av Førde IL Orientering den 31. Okt 2022


Sogn og Fjordane orienteringskrins har haustmøte laurdag 5.11 på Sandane.
Les meir om det her.

http://www.orientering.no/kretser/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/nyheter-sogn-og-fjordane/haustmotet-og-idrettens-moteplass/

Her er framleis mogeleg å melde seg på (sjølv om fristen er gått ut).  Frå krinsen si side vert det oppfordra til at klubbane tar ei runde med å få med fleire deltakarar. Så om nokon har interesse og lyst, ta turen til Sandane laurdag. 




Premiefest og natt-o-løp 2.11.

Postet av Førde IL Orientering den 29. Okt 2022

Haustsesongen blir avslutta med nattløp sprint i Hafstadparken og Førde sentrum onsdag 2. november.
Korte og enkle løyper slik at alle også rekk å få med seg premiefesten samme kveld. 

Løype A-lang 2,3 km, A-kort 1,9 km og C løype på 1,1 km. Kartmålestokk 1:4000. Alle fornuftige vegval går stort sett på fast underlag, slik at joggesko er rett utstyr for dette løpet.

27 løparar deltok på nattløpet før premiefesten. Resultatliste

Start og mål ved Filhuset. Klart for start frå kl. 17:45. Hugs lykt.
Premiefesten startar kl 18.30. Lett servering med kaker m.m.

Vedlagt liste for premiar nærløp. I tillegg blir det også premiering for turorientering.
Velkomen til alle - både på løp og premiefest. 

Premieliste 2022.pdf





Natt-o-løp 26.10. - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 23. Okt 2022

Nærløp natt-orientering onsdag 26.10. Start frå kl 19.10 (eller når det er mørkt nok). Løyper: A-lang 3,1 km, A-kort 2,0 km og C-løype 1,2 km. Løypene går i Bekkeholten, med arena p-plassen vest for E39, nordenden av Langelandsvatnet. Påmelding ved start. Velkomen ! 

--------------------------------------------------

22 løparar stilte til start. Her finn du resultata, samt ei fil med strekktider.

Resultat Nattløp Høgda-261022.pdf
Strekktid Nattløp Høgda-261022.pdf

Neste løp vert onsdag 2. november i Hafstadparken. Start ca kl 18.00.
Etter løpet blir det premiefest for 2022-sesongen. Kjem tilbake med meir info.







Natt-o-løp Blomlia 19.10 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Okt 2022


Natt-o-løp i Blomlia onsdag 19. oktober. Start frå kl 19.15 (når det er mørkt). Det er tre løyper: A-lang 3 km, A-kort 2 km og C-løype på 1,9 km. Påmelding ved frammøte. Velkomen til alle interesserte. 

---------------

Godt oppmøte på løpet i Blomlia. 21 løparar stilte til start. Resultat: 

AL 2,9 KM        

1 Håkon Grønli    26.46
2 Torbjørn Holsen    29.13
3 Torbjørn Os    36.10
4 Anders Grønli    42.31
5 Marius Dalin    44.10
6 Edvin Helle    47.22
7 Yngve Årdal    48.59
8 Anja Hole    50.48
9 Norvald Ospehaug    53.02
10 Torodd Os    60.50
Anders Slåtten    Disk
Mark Purkins    Deltok

        

AK 1,9 KM        
1 Gunnar Gytri    31.43
2 Anja Sægrov    37.48
3 Knut Even Hole    41.05
4 Anita Hole    43.05
Laila Clausen    Deltok
Liv Seljevold    Deltok

        

C 1,9 KM        
Jenny Hammerset Sørgulen    63.40
Elisabeth Kusslid    34.29
Anne Threse Kusslid    36.06





Olympiatoppen på Skei 1.11.

Postet av Førde IL Orientering den 12. Okt 2022

Olympiatoppen Vest inviterer alle trenere og foreldre/foresatte til foredrag; trener-, foreldre- og utøverrelasjon.

Vi ønsker å sette fokus på trenerens og foreldrenes rolle for barn og ungdom som ønsker å satse på idretten sin. Gjennom et godt samarbeid og god kommunikasjon mellom foreldre, trenere, utøvere og klubb/skolen kan vi være med å påvirke barna/utøvere til å utvikle seg best mulig. Hvordan kan trenere, foreldre og utøvere skape en god relasjon, slik at både trenere og foreldre kan bidra i utøverens utvikling på en positiv måte.

 

Sted: Skei, Thon hotell Jølster

Tid: tirsdag 1.november 2022, klokken 18.00-19.30.

Påmelding innen 26.10.22 på linken som du finner https://olympiatoppenvest.typeform.com/to/ZxOpXz4f

 

Program:
1800 Velkommen v/ Pia Mørk Andreassen OLTV
1805-1900 Hva er gode relasjoner mellom trener og foreldre, mellom trener og utøver v/Pia og Morten Ivarsen
1900-1930 Caser, diskusjon, oppsummering og avslutning v/ Morten og Pia

Ope arrangement der alle med interesse for temaet kan melde seg på.




Natt-o-løp Langeland 12.10 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 10. Okt 2022

Natt-o-løp frå Langeland skisenter onsdag 12. oktober. Start frå kl 19.30 (når det er mørkt). 5 minutt å gå frå samlingsplass til start. Løypelengder: A-lang 3,0 km, A-kort 2,0 km og C-løype 1,7 km. Påmelding ved start. Velkomen! 


---------------------------
Resultat:

A-kort:
Helge Schei 36.56, Jostein Fredly 34.30, Anja Sægrov 48.27, Patrik Langeland 34.00, Joar Svindland 34.00.

A-lang:
Torodd Os 44.00, Lars Kyte 50.25, Anja Hole 31.30, Anders F Slåtten 53.54, Norvald Ospehaug 1.00.34, Mark Purkins 40.19, Charlotte Watson 39.40, Torbjørn Holsen 28.15, Edvin Helle 43.11, Kurt Grønli 1.44.29.





1 Kommentar

Nattløp 5.10 Byrkjeflot - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 3. Okt 2022

15 løparar stilte til start på nattløpet på Byrkjeflot. Resultata:  

Løype AL: Charlotte Watson 37,42; Mark Purkis 27,31; Yngve Årdal 48,18; Torodd Os 47,48; Anders Fagerstrøm Slåtten 32,24; Håkon Grønli 30,55; Marius Dalin Brote; Torbjørn Holsen 46,06

Løype AK: Knut Even Hole 41,39; Anita Hole 51,23; Kurt Grønli 38,18; Anja Sægrov 42,46 

Løype C: Lars Kyte 38,33; Elisabeth Kusslid 40,44; Anne Therese Kusslid 41,00 


--------------

Det blir natt o- løp onsdag 5.10.2022. Løpet går i Sundsdalen, oppmøte Byrkjeflot v/grushola.
Kart: Kinna M 1:7500. Første start kl 19.45. Løyper AL 2,7 km,  AK 2,1 km,  C 1,7 km. NB! Påmelding ved frammøte (ikkje Eventor på nattløpa). Så finn fram hovudlykta, set den på lading, og ta turen på onsdag. 





Turorientering til 23. oktober

Postet av Førde IL Orientering den 27. Sep 2022

Hausten kan vere ei fin tid til ein tur i fjellet. Grunna dårleg ver i sommar, utvidar vi tur-o-sesongen til 23. oktober. Det er såleis framleis mogeleg å få med seg mange tur-o-postar dei neste tre vekene. 

Det er enkle turar (grøne) i Hafstadparken, Vieåsen/Slåtten, Førde sentrum og Sunde/Farsund. Dette er turar der postane er lett tilgjengeleg.

Så er det turar som går ut i marka. Dei finn du i Sundsdalen (Koltjønna), Soleide, Kråkenesmarka og Sundsdalen (Høgelia).

Nedlasting av kart og utskrift gjer du sjølv på denne linken her. 

Bruk hausten godt - ta deg ein tur ut i skog og mark! Bildet over er frå Sundsdalen og området Høgelia. 






KM natt-orientering Vassenden

Postet av Førde IL Orientering den 24. Sep 2022

Førde IL Orientering arrangerer KM i nattorientering på Vassenden i Jølster fredag 30. september. Første start kl 20.15. Påmelding  innan onsdag 28.9 kl 21 (høve for etterpåmelding). Løpet går på nytt kart i Gjesdalsdalen, og det vert første løp som vert arrangert på kartet. 

Velkomen! For løypelengder, meir informasjon og påmelding, sjå Eventor på denne linken her.

Minner også om Haustbløya som går på Ramsdalsheia laurdag 1. oktober. Påmelding her. 




Sprintløp i Førde sentrum

Postet av Førde IL Orientering den 21. Sep 2022

Onsdag 21. september stilte 50 løparar til start på sprintløpet frå Førde ungdomsskule. Det var mange tette duellar i dei ulike løypene. Kva vegval ein hadde tatt, og kor det var lovleg å springe i forhold til hagar/avsperra område, var også eit tema for diskusjon i etterkant av løpet. Sjå linken for kven som var med, og resultatliste med strekktider her.

Førde IL Orientering arrangerer KM Natt på Vassenden fredag 30.9. Informasjon finn du her.
Tambarskjelvar arrangerer Haustbløyta på Ramsdalsheia laurdag 1.10. Informasjon finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde  




O-løp Førde ungdomsskule

Postet av Førde IL Orientering den 19. Sep 2022

Onsdag 21. september går sesongens siste nærløp (i dagslys). Oppmøte Førde ungdomsskule. Start frå kl 18.00. Løpet er lagsmeisterskap i sprint. Løypelengder: A-lang 3,2 km, A-kort 2,4 km, C-løype 1,4 km og N-løype 1 km. 

Det har vore god oppslutning om årets nærløp-sesong. Med 26 deltakarar på siste løp, vil vi sette ny årsrekord på nærløp. Vi håper difor at AKKURAT DU kjem og blir med denne ettermiddagen!
Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  




Unge KM-vinnarar

Postet av Førde IL Orientering den 18. Sep 2022

I helga var det orienteringshelg i Sogndal. Laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, medan søndag var det KM Lang i Hodlekve. Førde hadde bra med løparar til start begge dagar. 

Mange fekk utfordringar søndagen, med krevjande terreng og løyper. På bildet nokre av KM-vinnarane på løpet søndag: Gaute Osvoll (H13-14), Olina Svarstad Heggdal, Markane (D13-14), Anja Hole (D17-18) og Håkon Grønli (H19). I tillegg hadde Førde desse klassevinnarane: Anders F Slåtten (A-lang open) og Yngve Årdal (H50). 

Resultater frå KM Lang søndag finn du her: 




Kompetansehelg Gardermoen

Postet av Førde IL Orientering den 17. Sep 2022

Invitasjon til Kompetansehelg Norsk Orientering 29.-30. oktober 2022

Norges Orienteringsforbund invitere til en helg for inspirasjon, erfaringsutveksling og faglig påfyll på Quality Airport Hotel Gardermoen

Det blir et rikholdig og variert program og vi håper at temaene frister til deltakelse.  Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen. Meld deg på nå!


- Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER 

- Påmelding gjøres i Eventor/forbundsaktiviteter HER (påmeldingsperiode 1. – 30. sept.)  

 Nyhet om Kompetansehelgen på orientering.no: HER

 Nytt i år er kveldswebinar i dagene før Kompetansehelga. Sjekk siste side i programmet.

 -------------------

Førde IL Orientering, styret, tenker å ha representantar her. Dersom DU er interessert å vere med, gje beskjed til Knut Even, epost: knuteh@hotmail.com, innan 22.9.. Sjå gjennom programmet om kva tema du "brenn for", og du kan tenke deg å bidra med neste året. Styret tek avgjerd på kven og kor mange vi sender. 




50 til start på Slåtten

Postet av Førde IL Orientering den 14. Sep 2022

50 løparar stilte til start på nærløpet frå Slåtten skule onsdag 14. september. Løypevinnarar vart: Elisabeth Kusslid, C kvinner; Martin Olai Spjutøy, C menn; Anita E. Hole, A kort kvinner; Alfred Daling Korsøen, A kort menn; Anja Hole, A lang kvinner, Anders F Slåtten, A-lang menn. Resultatliste med strekktider finn du her.

Siste nærløp vert onsdag 21. september kl 18.00 med oppmøte Førde ungdomsskule.
Løpet er sprintløp. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde  




Nærløp Slåtten skule 14.9.

Postet av Førde IL Orientering den 13. Sep 2022

Minner om nærløp, sprint, på Slåtten skule onsdag 14. september. Start frå kl 18.00. Løyper for alle. Velkomen! Påmelding gjer du her.




Orienteringshelg i Sogndal

Postet av Førde IL Orientering den 12. Sep 2022

O-troll leir og Ungdomsleir
Sogn og Fjordane Orienteringskrins / Sogndal IL arrangerer o-troll leir og ungdomsleir for yngre løparar i Sogndal 17. og 18. september. Påmelding via Eventor, der du også finn meir informasjon (sjå ev. link under på KM-helg i Sogndal)

O-trolleir(-12 år):  https://eventor.orientering.no/Events/Show/17000
Ungdomssamling (13+ år): https://eventor.orientering.no/Events/Show/17001

Kretsløp sprint i Sogndal sentrum laurdag 17., og KM langdistanse Hodlekve søndag 18. sept.
For løparar frå Førde som ønsker overnatting frå laurdag til søndag har Yngve Årdal moglegheit til å huse ein del på hytte i Hodlekve. Framleis ledige senger. Gje beskjed til Yngve om ein ønsker det.

Informasjon om løpa i Sogndal finn du her:
http://www.orientering.no/kretser/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/nyheter-sogn-og-fjordane/sprintlop-og-km-lang-i-sogndal-og-hodlekve-17-18-sep/


Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  





257 km for Kreftforeningen

Postet av Førde IL Orientering den 11. Sep 2022

Kreftforeningen sitt arrangement Stafett for livet vart arrangert i Førde denne helga. Førde IL Orientering stilte lag, og hadde minst ein løpar på bana gjennom dei 24 timane stafetten varte.

Det vart eit veldig flott arrangement for ei viktig sak. Over 1000 personar deltok på bana dette døgnet. Vi hadde ein del medlemmer som hadde takka ja til å ta 1 eller 2 timar på bana. I tillegg dukka det andre opp og gjekk for klubben. Og mange tok også fleire runder etter det ein hadde forplikta seg til. Takk for alle for ein veldig god innsats.

Totalt gjekk klubben 643 runder på bana. Med 400 meter pr. runde blir dette over 257 km.

Knut Even Hole har kommentert dette på Facebook: "Da er underteikna ferdig med mine to timer fra 05.00-07.00 og tatt to timer til for å få opp antallet på telleren til o-gruppa. Fam. Hole gir 1 krone til Kreftforeningen pr runde o-gruppa klarer, og oppfordrer o-løpere og andre om å gjere det samme. Bruk linken her og støtt opp om ei fantastisk god sak." 

https://innsamling.kreftforeningen.no/stafett-forde…/5-17636

 






Anja med 15. plass i junior-NM

Postet av Førde IL Orientering den 11. Sep 2022

NM i orientering vart arrangert denne veka i Asker. Langdistanse gjekk torsdag, medan mellomdistanse gjekk laurdag. Anja Hole og Håkon Grønli representerte Førde IL Orientering begge dagar.

Når vi snakkar med løparane i ettertid, er det Anja som er mest fornøgd. Ho noterte seg for ein sterk 15. plass på mellomdistansen, og ein 23. plass på langdistansen i klasse D17-18. – Eg er spesielt nøgd med mellomdistansen. Ein 15. plass er karrierebeste på eit storløp. Eg følte orienteringa gjekk bra, sjølv om det vart nokre småbom av og til, fortel ho.

Håkon Grønli tok ein 37. plass på mellomdistansen, og ein 38. plass på langdistansen i klasse H17-18. Resultata er han ikkje heilt fornøgd med. – Løpsformen er bra, men det var krevjande å halde stor fart og lese kart samtidig. Men eg konkurrerer mot mange løparar som er eitt år eldre, så det blir nye sjansar i same klasse neste år, seier han.

Kartet over viser løypa til D17-18 mellomdistanse. Resultat og livelox finn du her.




Stafett for livet i helga

Postet av Førde IL Orientering den 8. Sep 2022

Stafett-for-livet.pdf

Førde IL Orientering er med på Kreftforeningen sin Stafett for livet i Førde i helga. Mange har sagt ja til å vere med, men vi har plass til fleire. Sjå meir informasjon her:  Stafett-for-livet.pdf




Resultat Naustdal 7.9.

Postet av Førde IL Orientering den 7. Sep 2022

33 løparar deltok på nærløpet nær Ramsdalsheia onsdag 7. september. Løypevinnarar vart: A-lang menn Håkon Grønli; A-lang kvinner Anja Hole; A-kort menn Patrick Langeland; A-kort kvinner Anja Sægrov, C-menn Lars Kyte, og C-kvinner Anita E. Hole. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste nærløp vert onsdag 14.9 på Slåtten skule. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  






Nærløp Naustdal 7.9.

Postet av Førde IL Orientering den 5. Sep 2022

Nærløp orientering onsdag 7. september i Naustdal. Start frå kl 17.30. Merka frå Rv5 Naustdalstunnelen i Naustdal sentrum, Følg vegen mot Ramsdalsheia. Samlingsplass langs vegen. Løyper: A-lang 5,8 km, A kort 3,4 km, C-løype 2,1 km, N-løype 1,2 km. Velkomen til alle. Påmelding gjer du her. 




Haustsesongen i o-gruppa

Postet av Førde IL Orientering den 4. Sep 2022


Det er framleis mykje god o-aktivtet igjen av årets sesong.
Les om det her: Nyhetsbrev 3-22.pdf







55 til start på Flatene

Postet av Førde IL Orientering den 31. Aug 2022

Heile 55 løparar stilte til start på sprintløpet frå Flatene skule onsdag 31. august. Det var også ei lita markering rett før kl 18 for leiaren i o-gruppa, Knut Even Hole, som fyller 50 år i dag. Gratulerer! Løypevinnarar vart: Anja Hole, A-lang kvinner; Håkon Grønli, A-lang menn; Anita E Hole, A-kort kvinner; Øivind Korsøen, A-kort menn; Elisabeth Kusslid, C kvinner; Anders Mallasvik, C menn.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste løp vert onsdag 6. september på Ramsdalsheia, Naustdal. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde  






"Stafett for livet" 10. og 11. sept

Postet av Førde IL Orientering den 30. Aug 2022

Førde IL Orientering har fått førespørsel om å vere samarbeidspartnar når "Kreftforeningen - Stafett for livet" vert arrangert på Førde stadion laurdag 10. og søndag 11. september. Dette er eit 24 timers løp med start kl 12.00 laurdag 10.9, med målgang kl 12.00 søndag 11.9.  Dei ulike laga kan ha så mange deltakarar som ein vil. Laga må til ei kvar tid ha minst ein deltakar på bana. Vedkomande kan gå eller springe. Ein kan veksle så mange gonger som ein vil. 

Så langt er det over 300 deltakarar, fordelt på i overkant 20 lag. Det vil til ei kvar tid vere mykje folk på stadion, og arrangøren ønsker at det skal vere litt aktivitet kring arrangementet. O-gruppa har difor fått spørsmål om vi kan ha eit opplegg frå kl 14.00 på laurdagen, mynta på born. Det mest nærliggande er å tenke ei rakettløype, og/eller ei N-løype. Dette kan vere ein god måte å marknadsføre oss på overfor nye grupper. Vi har sagt ja til dette. Dersom nokon kan vere med å hjelpe til, kontakt Knut Even.

Så er det komt opp spørsmål om Orienteringsgruppa også skal ha lag på stafetten. Det krev litt av oss, sidan det er eit 24 timars løp, og vi må ha ein del personar som seier ja til å vere med - også om natta. Er det interesse for dette? Hadde vore kjekt å fått dette til. 

Skriv i kommentarfeltet på Facebook-sida om dette er noko de kan tenke å vere med på.
Så tar vi ein status når vi nærmar oss helga om vi tenker vi har har nok personar til å gjennomføre stafetten. 

Link til arrangementet finn de her:  Førde - Kreftforeningens Stafett for livet





Sprintløp Flatene skule

Postet av Førde IL Orientering den 28. Aug 2022


Onsdag 31. august går første av flere sprintløp i nær framtid. Samlingsplass er Flatene skole, merket fra E39 retning Bergen, like før første lyskryss. Første start kl. 1800.  Løyper: N-løype 1,1 km, C-løype 1,8 km, A-kort 2,2 km og A-lang 2,8 km.

Hvis meteorologene får rett i sin spådom, er shorts og T-skjorte godt egnet som løpsantrekk denne ettermiddagen. Det er ikke behov for sko med pigg. 

Om noen skulle treffe på spesielle o-skjermer, så tilhører de Halbrend skole og ikke vårt arrangement.
Alle løypene krysser gater, vær obs på biltrafikken. Vel møtt til en fartsfylt ettermiddag.

Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  





Mange unge på Langeland

Postet av Førde IL Orientering den 24. Aug 2022

53 løparar stilte til start på nærløpet på Langeland onsdag 24. august. Veldig gledeleg var det å sjå mange unge løparar i løypene, og på bildet er nokre av dei samla etter målgang. Løypevinnarar vart: Håkon Grønli, A-lang menn; Anja Sægrov, A-kort kvinner; Knut Folkestad, A-kort menn; Anders Mallasvik, C-løype menn; Sissel Karin Hals, C-løype kvinner. Arrangøren vil gje ros for at dei aller fleste hadde førehandspåmeldt seg på Eventor. Det lettar arbeidet med å arrangere, så hald fram med det :) Her finn du fullstendig resultatliste og strekktider.

Minner om kretsløpet "Rotekoppen" på Utvikfjellet førstkomande laurdag kl 15.00. Påmelding her.
Neste nærløp vert onsdag 31. august kl 18.00 på Flatene skule. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




Rotekoppen laurdag 27. august

Postet av Førde IL Orientering den 23. Aug 2022

Rotekoppen, Utvikfjellet, laurdag 27. august. Oppmøte nær Karistova. Dette løpet var sett opp i mai, men er flytta til denne laurdagen. Fullstendig innbyding: Innbydinga og påmeldingslink finn du her.




Nærløp Langeland skisenter 24.8.

Postet av Førde IL Orientering den 22. Aug 2022

Onsdag 24. august vert det nærløp frå Langeland skisenter frå kl 18.00. Løyper: A-lang 4,7 km, A-kort 2,9 km, C-løype 1,9 km og N-løype på 1,5 km. Dei to kortaste løypene går i og kring skitraseane. Løypeleggar melder om fint og lettløpt terreng. Velkomen til alle. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde




DM i Bergen til helga

Postet av Førde IL Orientering den 17. Aug 2022

Vestlandsmesterskapet (DM), Bergen, laurdag 20. og søndag 21. august. Mål krefter med løparar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Så langt er det kring 200 påmeldte kvar dag av dagane, men det er svært få løpararar frå Sogn og Fjordane som tek turen. Oppfordrar fleire til bli med.
Løpa går rett sør for Bergen. Fleire har booka rom på Edvard Grieg-hotellet som er kun 1 km frå arena. Dersom ein nyttar linken i Eventor får ein nytte seg av NOF sin rabattavtale.

Påmelding laurdag (lang) gjer du her.
Påmelding søndag (mellom) gjer du her.

På påmeldingslinkane finn du innbyding med oversikt og kart og terren, og N-løypene og C-løypene er lagt ut. Bildet viser C-løypa på laurdag.




46 til start i Solheimsdalen

Postet av Førde IL Orientering den 17. Aug 2022


Godt oppmøte i Solheimsdalen. Vergudane var på arrangøren si side, og løparane fekk ei flott runde i solskinnet inst i Solheimsdalen. 

Løypevinnarar: Anja Hole, A-lang kvinner;  Håkon Grønli, A-lang menn; Gøril Fristad, A-kort kvinner; Knut Folkestad, A-kort menn; Elisabeth Kusslid, C-løype kvinner; Anders Mallasvik, C-løype menn. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Kjell Arne Hjellbrekke hadde ikkje beste vegvalet mellom post 8 og 9 på langløypa. - Eg kom litt skeivt ut, og orka ikkje å springe tilbake. Då var det å ta kartet i munnen og legge ut på ein liten symjetur. Trur det var ca 10 meter over. Temperaturen i vatnet var ikkje så verst, men eg følte meg ganske tung når eg starta opp igjen etter symjeturen, fortel han. 

Neste løp vert onsdag 24. august på Langeland. Oppmøte på Langeland skisenter. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde

 





Solheimsdalen 17.8.

Postet av Førde IL Orientering den 15. Aug 2022

Nærløp Solheimsdalen onsdag 17. august kl 18.00 Parkering innerst i Solheimsdalen. 5 minutt å gå til samlingsplass / start / mål. Følg skogsvegen innover langs bøen og ta til høgre over bru over elva etter og følg stien til grind. Parkeringsavgift kr 20 betalast på Vipps - informasjon på staden.
Løyper:  A Lang 5,1 km, A kort 2,7 km, C 1,7 km, N 1,5 km. Velkomen til alle.
Påmelding gjer du her.




39 på nærløp i Blomlia

Postet av Førde IL Orientering den 11. Aug 2022

39 løparar stilte til start på første løpet etter sommarferien onsdag 10.8.
Løypevinnarar vart; Andreas Haug, A-lang menn; Norvald Ospehaug, A-kort menn; Gørill Fristad, A-kort kvinner; Johann Husevåg-Lobben, C menn; Anita Hole, C-kort kvinner. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. https://eventor.orientering.no/Events/Show/17025

Neste nærløp vert i Solheimsdalen onsdag 17.8.  Påmeldingslink.

Her finn du meir informasjon om haustsesongen (oppdatert 10.8).


Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde   




DM, Rotekoppen og KM - oppdatert 10.8

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2022

NB! Oppdatert versjon 10. august:
Etter nokre veker med feriepause for lokale løp, startar haustsesongen opp igjen. Hadde vore kjekt om løparar frå klubben tar turen ut og prøver seg i andre terreng enn i Førde :) 

Her er nokre av dei løpa som er:

Vestlandsmesterskapet (DM), Bergen, laurdag 20. og søndag 21. august.  Mål krefter med løparar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Løpa går rett sør for Bergen. Sogn og Fjordane O-krins vurderer å bestille felles overnatting (hytte) om det melder seg nok interesserte. Meld i så fall tilbake til Jakob Kalvig Skogan,. epost jakob.ks.93@gmail.com, innan 10. august. Eit anna alternativ er Edvard Grieg der ein får rabatt på overnatting gjennom Norges Orienteringsforbund (ligg på Eventor). 

På påmeldingslinkane finn du innbyding med oversikt og kart og terreng. 


Rotekoppen, Utvikfjellet, laurdag 27. august. Oppmøte Karistova. Dette løpet var sett opp i mai, men er flytta til denne laurdagen. Om det er interesse, ønsker klubben å sette opp felles buss. Gje beskjed til Knut Even Hole innan 17.8 om ein ønsker å vere med på den. Epost: knuteh@hotmail.com  Innbydinga og påmeldingslink finn du her.

Orienteringshelg Sogndal 17. og 18. september.
Påmeldinga til sprintløp og KM Lang er no opna og innbydinga ligg på Eventor.
Sprint laurdag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/15996
KM lang sundag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/15999
Det blir også både o-trolleir og ungdomssamling gjennom helga.


Arrangøren Sogndal IL håpar å få til sosialt samvær for alle som drar på KM-helga i Hodlekve og oppmodar dei som har hytte og ledig sengeplass i Hodlekve om å invitere med seg andre o-løparar. I tillegg finst det mange mindre utleigehytter og plassar til campingvogn. Både o-trolleir og ungdomsleir blir i Hodlekve og vi håpar flest mogleg andre også blir å overnatte der.
Yngve Årdal har hytte i området, og har plass til ein del overnattingsgjester. Ta kontakt med han på epost: ardalyngve@gmail.com, eller tlf. 911 49 805, om det er av interesse. Først til mølla etc....


Slik ser terminlista ut for hausten. Merk også at løpet 24.8 er flytta frå Fjærland til Langeland skisenter. 

FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde




Klart for nærløp onsdag 10.8.

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2022

Første løp etter sommarferien vert onsdag 10. august kl 18.00. Oppmøte Sunnfjord skisenter Blomlia. Løypeleggar melder om følgjande løypelengder: A-lang 5 km, A-kort 3 km, C løype 2 km og N-løype 1,5 km. Litt å gå til start for dei tre lengste løypene (opp slalåmbakken).  Påmelding gjer du her.  Velkomen til alle!




Fjord-O: Anja med fire sigrar

Postet av Førde IL Orientering den 18. Jul 2022

Anja Hole tok fire sigrar av fire mogelege under Fjord-O 2022 som vart arrangert på Sunnmøre og i Nordfjord forrige veke.

- Eg er godt fornøgd med det. Det var ikkje akkurat forventa at eg skulle vinne alle dagane, men kjekt for meg, seier Anja.

Dei to første dagane var det Emblem som var arrangør. – Desse dagane var det ein del fjellterreng, mykje ope, og det passar meg bra. Dag to var det imidlertid mykje regn og tåke, så det var vanskeleg å orientere.

Løp tre og fire gjekk i Nordfjord og Veten. – Nytt kart og nytt område for meg. Eg likte terrenget veldig bra. Mykje likt det vi finn i Førde, seier ho. Anja trekk fram løpet søndag som hennar beste under Fjord-O.  – Eg fekk god flyt. Orienteringa gjekk bra, ikkje så mange teite bommar, og så var formen god denne dagen, fortel ho.

Tidlegare i sommar var Anja med på O-festivalen, med ein 15.plass som beste resultat. – Kjekt å få det til å fungere i konkurranse med dei beste løparane i Norge i min klasse.

No vert det ein liten konkurransepause, før Anja tek turen til hovudløpet o-landsleir for 14-16 åringar i Stavanger. – Her skal eg vere med som trenar. Det var eg også i fjor, og er noko eg ser fram til, fortel ho.


Løypa klasse D17-18 under dag 4 på Veten. På bildet øverst er Anja veg til mål. Foto: Anita E. Hole.

Førde IL Orientering hadde med fleire løparar under Fjord-o. Resultatlister og løypene for Fjord-0 finn du på denne linken. I Livelox vil du sjå vegvala til løparane, også Anja sine.

Neste løp i Førde vert onsdag 10. august. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde 




Resultat Etterlia 29. juni

Postet av Førde IL Orientering den 29. Jun 2022

40 løparar stilte til start i strålande ver på nærløpet onsdag 29. juni. Løypevinnarar vart: A kort kvinner Julie Daling, A kort menn Harald Hjellbrekke, C kvinner Laila Claussen, C menn Alfred Daling Korsøen, A lang menn Håkon Grønli. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Førde IL Orientering takk for god innsats i vårsesongen. No blir det ein liten sommarpause, før vi er tilbake med nytt nærløp onsdag 10. august. For dei som ønsker å springe orientering i sommar minner vi om at det ligg ute turorienteringsopplegg - sjå turorientering.no - samt at det finst mange sommarløp å vere med på rundt om i Norge. Slår eit lite slag for Fjord-O som har to løp på Veten i Stryn. Info om det løpet finn du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde




Endeleg nye o-drakter

Postet av Førde IL Orientering den 27. Jun 2022

Mange nytta i vår høvet til å bestille nye orienteringsdrakter. Det har tatt si tid, men no er dei i alle fall komt til klubben. Vi kjem til å ta draktene med til nærløpet i Etterlia onsdag 29. juni, der det er mogeleg å få dei utdelt. 

Neste høve vert på nærløpa onsdag 10. august i Kråkenesmarka, eller onsdag 17. august i Solheimsdalen.
Det er også høve til å kontakte Knut Even Hole, tlf. 902 01 994, knuteh@hotmail.com, for direkte utlevering på Moskog. 

Vi har også kjøpt inn nokre ekstra drakter. Dersom det er nokon som ikkje bestilte, men som no ønsker seg drakt, ta kontakt med Knut Even.




Nærløp 29.6 Etterlia

Postet av Førde IL Orientering den 27. Jun 2022

Nærløp onsdag 29. juni kl 18.00 i Etterlia, øverst i Sundsdalen. Løypelengder: A-lang 5,3 km, A-kort 3,3 km, C-løype 2,3 km, N-løype 1,2 km. Dette vert siste nærløpet før vi tek ein sommarpause. Velkomen til alle. Påmelding gjer du her.

Dei nye orienteringsdraktene til Førde IL Orientering er også komt. Utdeling på løpet i Etterlia.
Les meir om det her.




Resultat Djupedalen 22.6.

Postet av Førde IL Orientering den 22. Jun 2022

32 løparar stilte til start i Djupedalen onsdag 22. juni. Torodd Os var løypeleggar, og samlingsplass var ved hytta hans, her saman med Knut Ivar Osvoll og Gaute Osvoll som sprang C-løypa.
Løypevinnarar: C kvinner: Jenny Korsøen Daling. C menn: Anders Mallesvik. A-kort kvinner: Anja Hole. A-kort menn: Helge Schei. A-lang menn: Andreas Haug. På A-lang menn var det 47 sekund som skilte dei tre beste. Fullstendig resultatliste finn du her:

Onsdag 29. juni vert det nytt nærløp, med oppmøte i Etterlia i Sundsdalen. Dette vert det siste før vi tek sommarferie for løp i Førde. Oppfordrar Førde-løparar til å vere med på årets Fjord-O, der to av løpa går i Nordfjord i midten av juli. Så langt er det over 500 påmeldte. Ordinær påmeldingsfrist er 1. juli. Les meir om Fjord-o her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




Nærløp onsdag 22.6

Postet av Førde IL Orientering den 20. Jun 2022

Nærløp i Djupedalen ved flyplassen onsdag 22. juni. Løyper og kart:  A-Lang går på 1:10 000 kart, 6,0 km, A-Kort 1:7 500 3,4 km, C-Løype 1:7 500 2,4 km og N-Løype 1:7 500 1,2 km.

Djupedalen: Når du kjem frå Førde køyrer du forbi avkøyrsla til flyplassen, opp til høgre etter ca 1 km. Frå dette punktet er det merka med postskjermar. Djupedalen er bomveg, kr 50,-, betaling med Vipps. Køyr gjerne fleire i same bil.

Påmelding gjer du her.






Resultat torsdag 16. juni

Postet av Førde IL Orientering den 16. Jun 2022

21 løparar til start på nærløpet på kartet Kinna torsdag kveld. Bildet over viser dei første postane i A-lang løypa. Post 3 på A-løypene hadde spektaktulær utsikt over Movatnet, Sunde og Farsundfeltet. Løypevinnarar vart C-løype menn Anders Mallasvik, A-kort kvinner Anja Hole, A-kort menn Gunnar Gytri, A-lang menn Torbjørn Os. Resultatliste finn du her:

Det er planlagt to nærløp til før ein tek sommarpause. Onsdag 22.6 i Djupedalen ved flyplassen, og onsdag 29.6 i Etterlia i Sundsdalen.

---------------------- 

FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




O-gruppa på Helse Førde-stafett

Postet av Førde IL Orientering den 16. Jun 2022

I samband med Helse Førde-stafetten onsdag 15. juni var orienteringsgruppa invitert inn for å sette opp rakettløyper. Knut-Even, Anita og Anja hadde laga eit flott opplegg.
"Totalt sprang 60 barn (og nokre vaksne) rakettløypene. Den ivrigaste var ei jente som sprang løypene 50 gonger. Tipper snittet låg på 15-20 runder pr pers. 900-1200 runder til sammen. MTR avleseren gikk det nesten varmgang i, og vi brukte opp to ruller med papir. Der var nokre familier som ville prøve ut dette, og komme på nærløp. En far som har hatt datter på o-skulen syns det var så kjekt at han og vil begynne".

Konklusjon er at dette var vellukka bruk av tid. Ein hadde også med seg turorienteringheftene som låg framme. Skal vi nå ut og få nye med på orientering, er slike arrangement ein god arena.

PS! Minner om nærløp torsdag 16.6 kl 18.00 i Sundsdalen, retning Kinna.


---------------------------

FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




Nærløp torsdag 16. juni

Postet av Førde IL Orientering den 14. Jun 2022

Førde IL Orientering arrangerer nærløp torsdag 16. juni på kartet "Kinna". Merka frå E39 på Sunde, opp Sundsdalen, og til venstre litt etter vassverket. Staden er "Lien", og ligg inn til vegen.
Løyper til alle, og løypeleggar melder at det er 7-8 minutt å gå frå parkering til start. Oppfordrar flest mogeleg til å melde seg på via Eventor. Sjå link her. Velkomen til alle!
PS! Helse Førde-stafetten vert arrangert onsdag 15. juni. Klubben har stand med rakettløype i sjukehusparken, så her er det mogeleg å komme innom.




Orienteringshelg Markane

Postet av Førde IL Orientering den 12. Jun 2022

Helga 11. og 12. juni var det orienteringshelg i Markane, med start i nærleiken av Ullsheim skianlegg. KM mellom på laurdag samla nesten 60 deltakarar, og Førde stilte med ein god tropp på 13 løparar. Fullstendig resultatlister, med strekktider og løypene i livelox finn du her. 

Søndag var det krinsløp langdistanse frå same stad - der hadde Førde med 8 løparar.

Fullstendig resultatliste finn du her.

Minner om nærløp i Førde torsdag 16.6 kl 18.00 frå Kinna. 




Resultat lagsmeisterskapen 8.6.

Postet av Førde IL Orientering den 8. Jun 2022

Nærløp og lagsmeisterskap mellom onsdag 8. juni samla totalt 42 deltakarar, og mange glade ansikt å sjå etter løpet. Løypevinnarar vart: Brita Eilertsen Grønli (C kvinner), Anders Mallasvik (C menn), Julie Daling (AK kvinner), Joar Svindland (AK menn), Anja Hole (AL kvinner) og Håkon Grønli (AL menn). Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 
Neste nærløp vert TORSDAG 16. juni på Kinna. 

VÅRE STØTTESPELARAR - BRUK DEI: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




God start på tur-o-sesongen

Postet av Førde IL Orientering den 8. Jun 2022

Alle karta i turorienteringa er klare, og gledeleg er det å sjå at mange alt har starta på sesongen. Men vi har plass til mange fleire. Her laster du ned kart. Bilda her er frå Høgeheia. Bildet over er utsikt frå post 14 med Digernesvatnet i bakgrunnen, medan bildet under er frå post 9 i retning Storehesten og Lisjehesten. Parkering på denne turen er øverst i Sundsdalen, Etterlia. Dette er også utgangspunkt for toppturar i opplegg som Sunnfjord kommune arrangerer, og på p-plass er det skilt med kr 50,- i parkering som ein kan vippse til 83338. Vi har vore i kontakt med Sunnfjord kommune, og fått beskjed at for turorienteringa er det frivillig om ein vil betale. Velkomen på tur! (Foto: Kurt Grønli)

__________________________________________________________________________________________________________
FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde




Nærløp og lagsmeisterskap 8.6.

Postet av Førde IL Orientering den 6. Jun 2022

Nærløpet onsdag 8. juni har oppmøte ved Langelandsvatnet. Køyrer ein frå Førde er det på den enden som er nærast Førde sentrum. Løpet er også lagsmeister mellom. Løyper for alle. A-lang 4,7 km, A-kort 2,6 km, C 2,6 km og Nybyrjarløype 1,3 km. Knappe 10 minutt å gå til start for N, ca. 20 minutt å gå til start for C og A-løypene. Løypeleggar har lagt starten høgt, og løypene har begrensa med stigning. Ønsker at flest mogeleg bruker eventor ved påmelding. Du melder deg på her. Velkomen til alle.




Turorienteringa er klar!

Postet av Førde IL Orientering den 3. Jun 2022

Då er alt klart for årets turorientering-sesong.  Postane er blitt lagt ut etter kvart som snøen har slept taket. Nokre område har vore klart ei stund, og siste veka er siste postane på plass. Postane vil henge ute til 10. oktober.

Turorientering er ein aktivitet utan tidtaking og utan faste turdagar. Du kan springe aleine eller saman med heile familien. Det er fleire kart der postane har ulik vanskegrad: Grøn tur er den lettaste typen der postane er plassert i urbant eller parkliknande område. Vanskegraden aukar gradvis via Blå tur, Raud tur og opp til Svart tur.

Turane i 2022 går på fylgjande kart og vanskegrad:

Hafstadparken                     Grøn tur
Vieåsen/Slåtten                    Grøn tur
Førde Sentrum                     Grøn tur
Sunde/Farsund                     Grøn tur
Sundsdalen (Koltjønna)        Raud tur
Klappene (Soleide)                Blå tur
Kråkenesmarka (Vasslia)        Raud tur
Høgelia                                  Svart tur

Alle kart som blir brukt i turorienteringa 2022 kan lastast ned frå nettet ved at du registrerer
deg på www.turorientering.no

Ved nedlasting får du ei PDF-fil og frå denne kan du skrive ut kart med innteikna postar. Det følger med kontrollkort for registrering av postkodane. Du kan også registrere postkoden med QR kode som finst på alle postane. Ved manuell registering må postkodane registerast på www.turorientering.no

Det er også høve til å kjøpe kart og kontrollkort på Intersport Førde (Erdal Sport)

På denne linken finn du karta til årets tur-o-sesong i Førde.


Grøn tur i Hafstadparken.



1 Kommentar

58 deltakarar på Jølster

Postet av Førde IL Orientering den 1. Jun 2022

58 deltakarar var med på nærløpet onsdag 1. juni frå Jølster skisenter. Her finn du resultatlistene og strekktider. Gapahuk/grillhytte var ein flott samlingsplass.
Løypevinnar vart: C-kvinner: Johanna Aakre Høgli. C-menn: Johan H. Lobben, AK kvinner: Anja Hole. AK menn: Jon-Kristoffer Navelsaker. AL menn: Håkon Grønli.

Neste nærløp vert onsdag 8. juni med oppmøte ved Langelandsvatnet.





Nærløp Jølster skisenter 1. juni

Postet av Førde IL Orientering den 29. Mai 2022

Onsdag 1. juni er det nærløp frå Jølster skisenter. Dette løpet var planlagt i Gjesdalsdalen, men grunna snø har ein valgt å flytte løpet til Jølster skisenter. Det er merka frå Jølstraholmen Camping, mot skisenteret. Registrering i gapahuk nederst i bakken. Løypelengder: AL 4,2 km, AK 2,6 km, C 1,5 km, og N 1,2 km. Bildet over viser Nybyrjarløypa. Det skraverte området er forbode å krysse, og gjeld for alle løypene.
Håper at mange tar turen til Jølster denne onsdagskvelden. Start frå kl 18.00. Kjekt om flest mogeleg melder seg på via Eventor. Klikk her. Velkomen! 




Løp i Markane - og ungdomssamling og o-troll

Postet av Førde IL Orientering den 27. Mai 2022


Minner om løp i Markane 11. og 12. juni. Innbydinga finn du her: 
Hugs at klubben dekker påmeldingsavgift på krets/nasjonale løp til barn og ungdom under 25 år, samt deltakeravgift på o-troll og ungdomssamlingar. 
 
Kretsen skriv: "Påmelding til krinssamlinga for ungdom under KM i Markane 11.-12. juni er no open her: https://eventor.orientering.no/Events/Show/16813. Innbydinga ligg på Eventor.
Håpar ungdommane blir med på det som blir ei lett og sosial samling. Minner også om at det er o-trolleir same plass, begge med overnatting på Ullsheim.

Seinare i juni blir det også felles opplegg gjennom krinsen under Geilo 3-dagers, med overnatting for alle og o-trolleir for 7-12 år. Det blir ei flott helg i fjellterreng på Geilo som kickstartar sommaren".



O-troll leirar Markane og Geilo

Postet av Førde IL Orientering den 18. Mai 2022

Sogn og Fjordane orienteringskrins legg opp til to o-troll leirar for aldersgruppa 7-12 år  i juni.


Den første går i Markane 11. og 12. juni.
https://eventor.orientering.no/Documents/Event/33060/2/Innbydelse


Så er det Geilo 17.-19. juni. Her er det grunna overnatting ønskeleg med påmelding alt torsdag 19.5.

https://eventor.orientering.no/Documents/Event/33202/1/Innbydelse





Godt oppmøte i Helgåsmarka

Postet av Førde IL Orientering den 18. Mai 2022

Kartet over viser siste del av løype A-lang frå løpet i Helgåsmarka i Naustdal 18. mai. Totalt 53 stilte til start, noko arrangøren var veldig godt nøgd med. Resultata frå løpet finn du her.

Neste nærløp er onsdag 1. juni. Det er framleis mykje snø i Gjesdalsdalen, er det tatt avgjerd om å flytte løpet til Jølster skisenter. Frammøte nedre heisstasjon.  




Nærløp, Nordfjord-løp og tur-o

Postet av Førde IL Orientering den 15. Mai 2022


Nærløp onsdag 18. mai kl 18.00 i Naustdal, Helgåsmarka. Merka frå brua over Nausta i sentrum. Løyper for alle. Hugs også o-skulen frå kl 17.15. Påmelding via denne linken.

Rotekoppen som skulle arrangerast torsdag 26. mai er utsett til laurdag 27. august.

Onsdag 1. juni vert det nærløp på heilt nytt kart i Gjesdalsdalen på Jølster, merka frå Vassenden sentrum.

Pinseløp på Hedmarken (Stange/Løten) 3.-5. juni. 

O-helg i Markane i Stryn laurdag 11. og søndag 12. juni. KM mellomdistanse laurdag 11.6.
Innbyding med påmeldingslink finn du her: Innbydelse o-helg Nordfjord.pdf

Klubben ønsker å legge til rette for sosialt opplegg kring desse løpa.
- felles buss (plass til 16 + sjåfør)
- overnatting i hytter på Stryn camping. Har reservert 3 hytter, plass til 15 (5i kvar hytte). Hyttene er reservert til 18. mai. Dei som ønsker overnatting i hytte gje beskjed til Gunnar Gytri, epost: gunnar.gytri@enivest.net; eller muntleg på løpet i Naustdal onsdag 18. mai. Håper at Førde kan stille med mange på desse løpa.

Det er også ungdomsleir og o-troll-leir på Ullsheim same helga.
Innbydinga til o-troll-leir finn du her. o-troll leir nordfjord.pdf
Innbydinga ungdomsleir kjem. Følg med på eventor.


Turorientering:

Opplegget for turorientering byrjar å ta form. For dei mest utolmodige kan vi melde at grøne løyper er sett ut i Hafstadparken, Førdehuset, Vieåsen og Farsund/Sunde, samt blå løype er klar på Soleide/Kletten. Raud løype rundt Koltjønna vil også vere på plass denne veka. Her kjem meir informasjon i eigen post innan kort tid. Bildet øverst viser post på Soleide.

 


 







Unge løparar på o-troll leir

Postet av Førde IL Orientering den 15. Mai 2022

O-troll leiren på Langeland hadde ni deltakarar frå tre klubbar i fylket.
Les meir om leiren her: O troll 2022.pdf
 
Vi minner også om ny o-troll leir 11.-12. juni i samband med løp i Markane i Stryn.




Resultat nærløp 11. mai

Postet av Førde IL Orientering den 11. Mai 2022

36 løparar ignorerte vergudane, og stilte til start på nærløpet på Moskog/Holsen onsdag 11. mai. Det var attbruk av postar frå Sunnfjordorienteringa.

Resultata finn du her.

Neste nærløp blir onsdag 18. mai i Naustdal, Helgåsmarka. Påmelding via denne linken.
Har også fått beskjed om at Rotekoppen som skulle arrangerast torsdag 26. mai vert utsett til  27. august. 




Sunnfjordorienteringa

Postet av Førde IL Orientering den 8. Mai 2022

Kring 40 løparar stilte til start i den tradisjonsrike Sunnfjordorienteringa som klubben arrangerte søndag 8. mai. Resultata frå løpet finn du her.

Neste nærløp blir onsdag 11. mai. Også det blir arrangert på kartet Ulvedalane mellom Moskog og Holsen. Gjenbruk av postar frå Sunnfjordorienteringa, men løypene er ulike. Løyper for alle. Påmelding her.





Resultat KM sprint

Postet av Førde IL Orientering den 7. Mai 2022

Førde IL Orientering arrangerte KM sprint laurdag 7. mai. Start og mål var i Vieåsen i Førde. Nesten 50 løparar stilte til start, av dei var det 29 som representerte Førde IL. Klassevinnarar  frå Førde: Jørgen Korsøen (C open 10-16), Morris Sægrov Asheim (H11-12), Anders Mallasvik (C Open 17-), Anja Sægrov (D40), Anita E Hole (D50), Håkon Grønli (H17-), Anja Hole (D17-) og Brita Eilertsen Grønli (D80). Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

På bildet over nokre av medaljevinnarane: Henning Tjørom, Førde (nr 3 H17), Olina Svarstad Heggdal, Markane (nr 1 D13-14), Håkon Grønli, Førde (nr 1 H17) og Anja Hole, Førde (nr. 1 D17).




Felles opplegg pinseløp Hamar

Postet av Førde IL Orientering den 4. Mai 2022

Sogn og Fjordane Orienteringskrins ønskjer å få til felles overnatting og sosialt opplegg for alle frå Sogn og Fjordane under nasjonale løpshelger der vi reknar med fleire frå krinsen vil delta. I utgangspunktet gjeld det følgjande helger:

- 3.-5. juni: Pinseløpene på Hedmarken (Stange/Løten)
 - 17.-19. juni: Geilo 3-dagers
 - 24.-26. juni: O-festivalen (Kongsvinger)
 - 20.-21. aug: Vestlandsmesterskapet (Bergen)

Først ut er det Pinseløpene der ein tenker overnatting i felles hytte. Overnattinga blir bestilt frå fredag til måndag (tre netter) i ca. 30 min køyreavstand til løpa.

Er det løparar frå Førde som ønsker å vere med på pinseløpa, gje beskjed til Knut Even innan søndag 8.5 kl 18.00, så sender han felles oversikt for klubben på overnatting til krinsen. Epost: knuteh@hotmail.com

Kvar enkelt melder seg sjølv på via Eventor. 





Resultat Hafstadparken

Postet av Førde IL Orientering den 4. Mai 2022

Over 50 på nærløpet på sprintløpet i Hafstadparken onsdag 4. mai. Litt småsurt, men mange glade ansikt å sjå. Resultata finn du på denne linken.

Neste løp blir laurdag 7. mai kl 12.00 i Vieåsen, og søndag 8. mai kl 12.00 på kartet Ulvedalane mellom Moskog og Holsenvatnet.
Så langt er det veldig få påmeldte frå Førde. Håper fleire nyttar høvet til å bli med. Påmelding her.




Stor aktivitet i mai og juni

Postet av Førde IL Orientering den 1. Mai 2022

Det er stor aktivitet neste vekene. Vi har laga eit lite nyheitsbrev om aktiviteten. Les om: 

- Neste nærløp onsdag 4. mai
- KM sprint laurdag 7. mai i Vieåsen
- Sunnfjordorienteringa søndag 8. mai på Moskog retn. Holsen
- O-troll leir på Langeland 7-8. mai
- Ungdomsleir på Langeland 6.-8. mai
- Rotekoppen 26. mai; felles transport
- Orienteringshelg i Stryn 11. og 12. juni.

Les det her:  Nyhetsbrev 2-22.pdf




65 på start på Soleide

Postet av Førde IL Orientering den 27. Apr 2022

65 løparar på resultatlistene. Med forelder og andre var som var med rundt i løypene var det veldig folksamt på Soleide onsdag 27.4, og ein måtte vere kreativ med parkering av bilar. Litt kluss på lengste løypa, og post nummer 2 vart difor fjerna frå tidtakinga.

Resultatlistene finn du på denne linken.

Neste nærløp vert ondag 4. mai i Hafstadparken. Velkomen til sprintløp! Her er link til påmelding.




Nærløp Soleide 27. april

Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2022

Orientering på Soleide, inst på Vie, onsdag 27. april kl 18.00.
O-skulen startar kl 17.15. Oppmodar deltakarar om å vere ute i god tid - både til o-skulen og nærløpet
For nærløpet kan løypeleggar Helge Schei melde om følgjande løyper: Nybyrjarløype på 1,0 km, C-løype på 1,5 km. For vidarekomne er det A-kort på 2,5 km med 80 meter stigning, medan A-lang er 3,0 km med 170 meter stigning. Relativt liten skilnad i lengde på A-løypene, men stigninga er ganske ulik. Har vore mykje sol og fine temperaturar i det siste, så flotte forhold i skogen. 
Vi ønsker at flest mogeleg registrerer seg på førehand, det lettar arbeidet vårt.
Klikk på denne linken for påmelding: 

Velkomen til o-løp på Soleide :) 




70 på nærløp i Movika

Postet av Førde IL Orientering den 20. Apr 2022


Det var folksomt på kick-off i Movika onsdag 20.4. Over 70 personar var innom, og dei aller fleste av desse finn vi igjen på resultatlistene. Sol, fin temperatur og mange glade o-løparar, gjorde dette til ein fin start på årets sesong. Kjekt var det også med godt oppmøte på o-skulen. Resultatliste finn du her, og du kan også få opp strekktidene.

Mange var interessert i dei nye o-draktene til orienteringsgruppa. Siste frist for bestilling er torsdag 21.4. Ønsker du ny drakt må ein no hive seg rundt. Her kan du bestille.

Neste nærløp vert onsdag 27. april på Soleide på Vie. 




Nærløp onsdag 20. april i Movika

Postet av Førde IL Orientering den 12. Apr 2022

Vi ønsker velkomen til årets første nærløp i Movika. Start kl 18.00. Ver gjerne ute i god tid, vi er på plass frå kl 17.00. 

Vi har fire ulike løyper - tilpassa alle nivå. Nybyrjarløype, C-løype for dei som har prøvd litt, samt to løyper på A-nivå for dei som har vore med ein del.  Meld deg på her: 

Det er også første dagen for o-skulen, den startar kl 17.15.

I år er rakett-løpa tilbake, og vi kan også servere boller el. frukt, samt vatn/saft ved målgang
Vi minner også om at det er høve å prøve orienteringsdrakter, der bestillingsfrist er 21.4.

Velkomen til alle! 





Klart for ny o-sesong

Postet av Førde IL Orientering den 12. Apr 2022

Orienteringssesongen 2022 er her!
Vi har laga eit lite nyheitsbrev om ein del av aktiviteten vi skal ha framover. Her får du info om nærløpa, nye drakter, o-skulen, turorientering, årskort m.m.

Les det her: Nyhetsbrev 1-22.pdf




O-troll-leir og Ungdomssamling

Postet av Førde IL Orientering den 10. Apr 2022

Førde IL Orientering og Sogn og Fjordane Orienteringskrins arrangerer to samlingar for barn og ungdom første helga i mai. Denne helga vert det også arrangert to krinsløp i orientering i Førde-regionen.

O-troll-leir for aldersgruppa 8-12 år:
Rødekorshytta på Langeland. Frå laurdag 7. til søndag 8. mai.
Meir informasjon o-troll finn du her: Invitasjon O troll leir22.pdf

Ungdomssamling for aldersgruppa 13-25 år:
Skihytta på Langeland. Frå fredag 6. til søndag 8. mai.
Meir informasjon om ungdomssamlinga finn du her: Invitasjon til ungdomssamling mai 2022.pdf

Her vil det vere tilbod for alle orienterings-interesserte, nybyrjarar eller vidarekomne. Velkomen til alle! 




Bestill ny o-drakt - siste frist 21.4.

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2022

Klubben skal kjøpe nye orienteringsdrakter. Vi har hatt eit lager av gamle drakter, men no er det tomt.
PS! Logoane ovanfor er berre eksempel, her blir endringar. 

Siste frist for bestilling vert torsdag 21. april. 
Vi har med drakter til kick-off i Movika onsdag 20. april, slik at ein kan prøve og finne rett storleik.

Bestilling
Ein bestiller på nettbutikken til Noname: https://clubshop.nonamesport.com/
Gå inn der og følg oppskrifta med å opprette ein konto.
Bruk kode: 00307FIO (dvs. 00307 i tal og bokstavane FIO (Førde IL Orientering)

Vi har fått med oss sponsorar, slik at vi kan tilby spesielt ny løpsdrakt og overtrekksdrakt til veldig god pris.
Vi håper at flest mogeleg vil nytte høve til å bestille seg nye drakter. På den måten vil våre nye sponsorarar komme til rett, og klubben sine medlemmer er med å synleggjer dei som er med og støttar oss. 

For dei t.o.m. 19 år:
Inntil 1 løpstrøye pris kr 100,-. BATTLE SHIRT SS UX "Opp Till 19 År"
Inntil 1 løpsjakke pris kr 150,- RUNNING JKT PLUS UX "Opp Till 19 År"
Inntil 1 løpsbukse kr 150,- TERMINATOR O-PANTS LONG UX 22 BLACK STOCK "Opp Till 19 År"
I tillegg til dette kjem det eit "frakttillegg" på kr 50,- for bestillinga, uavhengig kor mange plagg.
For kr 450,- har du eit komplett løpssett med overtrekksdrakt.

For dei som er 20 år eller eldre: 
Inntil 1 løpstrøye pris kr 250,-. BATTLE SHIRT SS UX
Inntil 1 løpsjakke pris kr 350,- RUNNING JKT PLUS UX
Pris for løpsdrakt og overtrekksdrakt kr 600,-.
I tillegg til dette kjem det eit "frakttillegg" på kr 50,- for bestillinga, uavhengig kor mange plagg.
For kr 650,- har du eit nytt draktsett.

I butikken finn du mange andre orienteringsprodukt som du kan bestille.

Du finn dei produkta du vil ha. Klikker på dei. Legg inn rett storleik.
Du betaler direkte til på nettsida når du bestiller.
Klubben får alle produkta tilsendt samla, og vi leverer dei ut så fort vi har dei i hende. 





O-skulen - ny påmeldingsfrist!

Postet av Førde IL Orientering den 29. Mar 2022

Nokre av deltakarane på O-skulen i 2021. Også i år vert det O-skule, med start onsdag 20. april.


Førde IL Orientering startar sesongen 2022 med "kick-off" i Movika, Sunnfjord Museum, onsdag 20. april. I samband med det vil vi også i år arrangere o-skulen. I år vil vi ha tilbod for barn, ungdom og vaksne. Ny påmeldingsfrist: måndag 18. april. 

O-skulen startar opp onsdag 20. april frå Movika kl. 17.15. O-skulen held fram onsdagane fram til og med 18 mai og vil kvar gong føregå i tidsrommet 17.15-18.00.

I alt 5 frammøte, det vil lønne seg å delta frå dag 1.Målgruppa er barn som fyller 8 til 12 år i løpet av 2022.
Følg: https://orientering.fordeidrettslag.no/ for frammøtestad mm.
O-kle, vi tilbyr løpsdrakt og overtrekksdrakt til sponsa pris.

Innhald. Ved kvart frammøte er det leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar. 

T.d. Fargar, brikke og postutstyr, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, sprintkart.
O-skulen er alltid ute, alt føregår i kort avstand frå nærløpsarena.
Instruktørar: Anja Hole og Håkon Grønli

Påmelding på e-post til Gunnar Gytri : gunnar.gytri@enivest.net innan 6 april.

Vi treng namn og etternamn, samt fødselsdato av omsyn til premiering.
Deltakaravgift: Kr 300. Faktura vert sendt til påmeldar sin e-post.

Rekruttpakke blir gjeve til nye som melder seg på, og ein må være medlem av Førde IL. Nokre har fått slik pakke tidlegare, ta denne rekruttpakken med.


NYTT AV ÅRET.

UNGDOM 13-16 år:
Eiga gruppe for ungdom som fyller 13-16 år i løpet av 2022.
Påmelding til samme e-post som for barn:
Avgift Kr 300 og rekruttpakke som for barn. Dei som har rekruttpakke frå før, tar den med.
Instruktør: Anders Grønli

VAKSNE:
Påmelding til same e-post som barn og ungdom.
Vi treng namn og etternamn, vi treng ikkje fødselsår.
Ingen deltakaravgift.
Ikkje rekruttpakke.
Instruktør: Ein vaksen frå o-gruppa, vil nok variere for kvar gang.

Innhald. Ved kvart frammøte er det samtale rundt same tema som for barn og ungdom.
T.d. Fargar, brikke og postutstyr, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, sprintkart. 

Helsing Førde IL O-gruppa trenings-og rekrutteringsrådet





Klubbutvikling og kretsting Skei 6. mars

Postet av Førde IL Orientering den 20. Feb 2022

Sogn og Fjordane Orienteringskrins, i samarbeid med Norges Orienteringsforbund, innbyr til fagsamling med tema klubbutvikling søndag 6. mars kl 09.00 - 12.15 på Skei. 

Målgruppe for samlinga: Ledere og medlemmer i o-gruppene (14 år+) med interesse for klubbutvikling relatert til rekruttering av barn, unge og voksne og tilrettelegging for o-aktivitet.

Sjå innbyding her. Invitasjon fagsamling med tema klubbutviklling 6. mars 2022 SFOK (1).pdf

Påmelding innan 27.2 på Eventor. 

Etter fagsamlinga er det lunsj, og så starter kretstinget for Sogn og Fjordane Orienteringskrins,
der alle har høve til å vere med. 

Håper mange frå Førde IL Orientering tar turen til Skei denne dagen. 




Sakliste til årsmøte 14.2.

Postet av Førde IL Orientering den 6. Feb 2022

Balanse 2021.pdf

Sakliste til årsmøte 14.2.
Det vises til innkalling til årsmøte av 16. januar 2022. 

Stad: FIL-Huset, Hafstadparken. 
Dato og tidspunkt: Måndag 14. februar 2022 kl 18.00.

Sakliste 

1. Godkjenne de stemmeføre. 
2. Godkjenne innkallinga og sakliste. 
3. Velge dirigent, referent, samt 2 medlemmer til å underskrive protokollen.
4. Behandle årsmeldinga. 
5. Behandle rekneskap 2021. 
6. Behandle forslag og saker. 
         - Støtte til unge løparar. 
7. Vedta budsjett 2022 
8. Føreta valg. 

Følgande dokument blir lagt ut på nettsida.  
1. Årsmelding 2021.  Vil bli delt ut på årsmøte.  Årsmeldinga finn du her:  årsmelding2021.pdf
2. Rekneskap 2021. Rekneskapen finn du her: Resultatregnskap 2021.pdf
     Balanse: Balanse 2021.pdf
3. Styrets forslag til budsjett 2022: Budsjett 2022.pdf
4. Valkomiteens innstilling. Vert presentert på årsmøtet. 

Med vennleg helsing 
Styret FIL-Orientering





Krinsting søndag 6. mars

Postet av Førde IL Orientering den 6. Feb 2022


Sogn og Fjordane Orienteringskrins har krinsting søndag 6. mars på Skei.  
Ein planlegg klubbutviklings-samling med representant frå NOF same dag på føremiddagen.
Der vil ein legge opp til diskusjoanr om m.a. rekruttering og tilrettelegging for o-aktivitet som t.d. skulesprint og turorientering.

Forslag til tinget senest 2 uker før (20.2)

Påmelding senest 1 uke før (27.2)  https://eventor.orientering.no/Activities/Show/4380


Du finn innbydelsen her:
Innkalling krinsting 6 mars 2022.pdf






Innkalling til årsmøte 14.2.

Postet av Førde IL Orientering den 16. Jan 2022

Styret kallar inn til årsmøte i Førde IL Orientering måndag 14. februar kl. 18.00 på FIL-Huset.

Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 1. februar 2022  til knuteh@hotmail.com

Det vil bli vanlige årsmøtesaker. Fullstendig sakliste med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengelig for medlemmene seinast ein veke før årsmøtet på  https://orientering.fordeidrettslag.no/

For å ha stemmerett må medlemmer ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. 

Velkommen til årsmøte!

Med vennlig helsing
Styret Førde IL - Orientering