Anja med 15. plass i junior-NM
Postet av Førde Idrettslag den 11. Sep 2022
NM i orientering vart arrangert denne veka i Asker. Langdistanse gjekk torsdag, medan mellomdistanse gjekk laurdag. Anja Hole og Håkon Grønli representerte Førde IL Orientering begge dagar.
Når vi snakkar med løparane i ettertid, er det Anja som er mest fornøgd. Ho noterte seg for ein sterk 15. plass på mellomdistansen, og ein 23. plass på langdistansen i klasse D17-18. – Eg er spesielt nøgd med mellomdistansen. Ein 15. plass er karrierebeste på eit storløp. Eg følte orienteringa gjekk bra, sjølv om det vart nokre småbom av og til, fortel ho.
Håkon Grønli tok ein 37. plass på mellomdistansen, og ein 38. plass på langdistansen i klasse H17-18. Resultata er han ikkje heilt fornøgd med. – Løpsformen er bra, men det var krevjande å halde stor fart og lese kart samtidig. Men eg konkurrerer mot mange løparar som er eitt år eldre, så det blir nye sjansar i same klasse neste år, seier han.
Kartet over viser løypa til D17-18 mellomdistanse. Resultat og livelox finn du her.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

PÅSKETUR
14.04.2025

Sesongstart Movika 9. april
07.04.2025

TURORIENTERING
03.04.2025

TURORIENTERING
28.03.2025

Årsmøte 25.2 - årsmelding
18.02.2025

NYTT I FØRDE
19.01.2025