46 til start i Solheimsdalen
Postet av Førde IL den 17. Aug 2022
Godt oppmøte i Solheimsdalen. Vergudane var på arrangøren si side, og løparane fekk ei flott runde i solskinnet inst i Solheimsdalen.
Løypevinnarar: Anja Hole, A-lang kvinner; Håkon Grønli, A-lang menn; Gøril Fristad, A-kort kvinner; Knut Folkestad, A-kort menn; Elisabeth Kusslid, C-løype kvinner; Anders Mallasvik, C-løype menn. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Kjell Arne Hjellbrekke hadde ikkje beste vegvalet mellom post 8 og 9 på langløypa. - Eg kom litt skeivt ut, og orka ikkje å springe tilbake. Då var det å ta kartet i munnen og legge ut på ein liten symjetur. Trur det var ca 10 meter over. Temperaturen i vatnet var ikkje så verst, men eg følte meg ganske tung når eg starta opp igjen etter symjeturen, fortel han.
Neste løp vert onsdag 24. august på Langeland. Oppmøte på Langeland skisenter. Påmelding gjer du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest - #bildeler førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL
O-helg Sunnfjord 3.-5. mai
25.04.2024
Lagsmeisterskap sprint
24.04.2024
Rekordstor deltaking
17.04.2024
Nærløp Vieåsen 17.4.
15.04.2024
TURORIENTERING
11.04.2024