Norvald Ospehaug 70 år
Postet av Førde Idrettslag den 6. Jul 2023
Norvald Ospehaug må sjåast på som ein legende i o-miljøet i Sunnfjord. Torsdag 6. juli fyller han 70 år. I 50 år har Norvald levert kart, løyper og gode utskrifter. Han har heile tida justert seg etter utviklinga og raskt sett seg inn i ny teknologi.
Her er han avbilda med ipad og ocad sketch app, slik at kartet blir nøyaktig. Norvald har vore og er ein viktig bidragsytar til o-miljøet i fylket, både på klubb- og kretsplan. I desse dagar held han på å ferdigstille nytt kart til KM mellom som Tambarskjelvar arrangerer i august, og han er også teknisk delegert under Vestlandsmeisterskapen seinare same måned. Dette og mykje meir får han tid til - om det er å arrangere nærløp eller legge ut treningsløyper i Helgåsmarka. Norvald er viktig for o-miljøet! Førde IL Orientering gratulerer så mykje med den runde dagen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Nattorientering 8. oktober
06.10.2025

Resultat KM natt
04.10.2025

Nattorientering onsdag 1. oktober
27.09.2025

KM natt og KM lang
26.09.2025

Flott avslutning på nærløpa
24.09.2025

O-løp Slåtten skule 24.9.
21.09.2025