O-løp Sundsdalen 7. juni
Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2023

Då er det klart for lagsmeisterskap langdistanse i Sundsdalen onsdag 7. juni. Løypeleggar melder om følgjande løypelengder. A lang 6,8 km. A kort 4,0 km, C 1,5 km og N 1,1 km. Lause postbeskrivelsar på AL og AK. Målestokk: AL 1:10000. AK 1:7500. Annan info: Løparane på dei to A-løypene må passere to sauegjerder. Det er merka av anbefalt passeringsstad på kartet, men det kan være mogleg å passere andre stader og. Gjerda er i dårlig forfatning og ganske låge mange plasser. På A-løypene kan ein og finne eit delvis oppsatt straumgjerde (stått lenge). Ikkje straum på og heller ikkje med på kartet.
Ekstra: I tillegg til lagsmeisterskap vert det delt ut ein ekstra premie. Det vert delt ut spurtpris til beste herre/dameløpar, til den som har best strekktid AL/AK på strekket mellom nest siste og siste post. Premie blir delt ut på premiefesten i haust.
Velkomen til alle. Påmelding på Eventor. Det er også høve til å melde seg på ved start.
Parkeringsavgift kr 40,- til grendelaget, betalast med Vipps til #103904 Sunde krins grendalag

Om ein bommer i A-løypene kan ein finne denne karen her :
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Nattorientering 8. oktober
06.10.2025
Resultat KM natt
04.10.2025
Nattorientering onsdag 1. oktober
27.09.2025
KM natt og KM lang
26.09.2025
Flott avslutning på nærløpa
24.09.2025
O-løp Slåtten skule 24.9.
21.09.2025