O-løp 23. juni ved Brevasshytta - med resultat
Postet av Førde Idrettslag den 16. Jun 2021
20 løparar deltok på løpet. Resultata finn du her:
--------------------------------------------------------------------------
Sogndal IL og Førde IL orientering inviterer til nærløp i Bøyadalen i Fjærland, mellomdistanse, onsdag 23. juni.
Første start kl 17.00. Fleksibel start fram til 18.30. 10 minutt å gå til start i A-løypene. Start like ved arena i C- og N-løypene.
Frammøtestad/arena: Parkeringsplassen aust for Brevasshytta ved Bøyabreen i Fjærland, Sogndal Kommune.
Løyper og klassar: A-lang 4,4 km. A-kort 3,1 km. C-løype 1,9 km. N-løype 1,1 km. Det er inndelt ei klasse for kvinner, og ei for menn i kvar av løypene. Kart: Bøyadalen M: 1. 7 500. Utgitt 2014.
Kartet har framleis høg kvalitet, men nokre parti er prega av til dels sterk tilvekst av buskar og tre, og litt meir stein i dei opne skred-områda. Løypeleggar har difor lagt trasèar og postar i samsvar med dette for å sikre at løparane kjem gjennom utan at slump-momentet får vesentleg innverknad. Det vil ved frammøte vere kartoppslag som viser terrengdelane med størst avvik i høve til vegetasjon. Terrenget har i trasèane middels til god løpbarheit.
Påmelding på Eventor innan kl 12.00 løpsdagen. Eller på e-post til torodd.os@enivest.net innan kl 22.00 dagen før (tysdag). Vi tillet etterpåmelding/direktepåmelding i alle klassar på arena, men oppfordrar alle om å melde seg på via Eventor eller på e-post innan dei oppgjevne fristane. Dette er av ressurs- og miljømessige omsyn. Meld deg på her:
Stemplingssystem: Emit. Brikke kan eventuelt leigast av arrangør ved frammøte.
Premiering: Ingen premiering på løpsdagen, løpet inngår i samla opplegg for premiering dei to laga har for sine respektive nærløp.
Smittevern: Vi følgjer NOF og FHI sine retningslinjer.
Løpsleiarar: Christian Frøyd, Sogndal IL og Helge Schei, Førde IL
Løypeleggjar: Magnus Sandven, Sogndal IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Nærløp Kråkenesmarka 27. august
26.08.2025

Kreftforeningas Stafett for livet
22.08.2025

Resultat Gjesdalsdalen
21.08.2025

Nærløp Gjesdalsdalen 20. august
19.08.2025

Aktiv veke med trening, nærløp og KM-helg
18.08.2025
Hovedløpet og O-landsleir 2025
18.08.2025