Nærløp Sprint Halbrend skule 21. april - med resultat
Postet av Førde Idrettslag den 17. Apr 2021
42 deltakarar deltok på Nærløpet på Halbrend skule. Her finn du tidene (klikk på link) Resultater:
Neste løp vert onsdag 28. april. Ca 3 km frå Moskog, retning Holsen. Merka frå Moskog.
Nærløpet onsdag 21. april er sprintløp med relativt korte løyper. Start og mål er på skuleplassen ved Halbrend skule.
Som vanleg for nærløpa er det ved dette sprintløpet løyper som vil passe for alle:
- N-løype på 0,6 km, med 7 postar
- C-løype på 0,9 km , med 8 postar
- A-kort løype på 1,2 km, med 10 postar
- A-lang løype på 1,8 km, med 14 postar
I A-løypene er det enkelte strekk som går i skogsterreng. Dei andre løypene går berre på sti, veg eller fast underlag. Fri start i alle løypene frå kl.18:00.
På grunn av korona-restriksjonar ber vi om at flest mogleg melder seg på i Eventor (trykk linken).
Sjå også Smittevernreglar for FIL Orientering
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

PÅSKETUR
14.04.2025

Sesongstart Movika 9. april
07.04.2025

TURORIENTERING
03.04.2025

TURORIENTERING
28.03.2025

Årsmøte 25.2 - årsmelding
18.02.2025

NYTT I FØRDE
19.01.2025