Nærløp Langelandshøgda 13. juni - med resultat
Postet av Førde IL Orientering den 3. Jun 2019
Sidan Helse Førde-stafetten vert arrangert onsdag blir vekas nærløp flytta til torsdag 13. juni.
Denne kvelden arrangerer FIL orientering nærløp ved Langelandshøgda, på austsida av E39. (Sjå kartet nedanfor)
Fri start frå klokka 18.00.
Resultat: Resultat Langelandshøgda 130619.pdf
Resultat frå Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11656
Velkommen til alle store og små som ønsker å prøve ein spennande idrett!
På nærløpa finn du løyper for alle nivå, enten du er nybegynner eller erfaren orienteringsløpar!
- N-løype for nybegynnarar
- C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
- A-lang og A-kort for dei vidarekommande.
Påmelding ved frammøte, men vi vil gjerne oppfordre så mange som mogleg til å melde seg på løpet i Eventor. Dette er heilt gratis, og det tar kort tid for deltakarane å registrere seg. Registeringsarbeidet før og under løpet vil då bli enklare og spare tid for alle på løpsdagen.
På Eventor finn du også mange andre nyttige opplysninger, blant anna kan du lage din eigen personlege vegbeskrivelse.
Vi sees!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering
Resultat frå Romjulsløpet.
27.12.2024
O-posten 2024 er klar
19.12.2024
Orientering på Alti
08.12.2024
Innetrening Slåtten skule
05.11.2024
Premiefest onsdag 30. oktober
27.10.2024
Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025
16.10.2024