Påmelding til VM-samling for ungdommar og vaksne 9. – 14. august 2019.
Postet av Førde IL Orientering den 13. Jan 2019
Før jul vart det sendt ut innbyding til samling for ungdommar og vaksne i samband med VM i orientering 2019. Vi minnar om påmeldingsfristen til samlinga som er 20. januar.
FIL Orientering sender samla påmelding til O-krinsen, så meld deg på ved å sende epost til Knut Even Hole: knuteh@hotmail.com
Samlinga vert arrangert 9. – 14. august, og startar på Nøtterøy i Vestfold. Frå 12. august er vi i Østfold og får med oss ein del av VM i orientering (inkl. VM Langdistanse). I tillegg kan vi delta vi på publikumsløpa der. Meir omtale av dette og programmet finn du nedanfor.
Invitasjonen kan også lastast ned her: Innbyding til VM-samling.jpg.
Prisar på overnatting i hytter på Onsøy Hyttepark i Østfold på siste del av samlinga er:
Pr. hytte for 2 døgn, kr. 2700,-
Pr. hytte for 3 døgn, kr. 3250,-
Pr. hytte for 4 døgn, kr. 3750,-
Pr. hytte for 5 døgn, kr. 4100,-
Hyttene har fire soveplasser i seng + sovesofa i stua, dusj/WC, TV og mulighet for å lage mat. Prisane er inkludert sengetøy og utvask. Det er reservert 5 hytter.
Håpar vi blir en god gjeng fra Førde, både på samlinga og under VM. Det er publikumsløp kvar dag.
Meir informasjon om VM Orientering finn du ved å klikke på denne linken: https://woc2019.no/no/
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering
O-posten 2024 er klar
19.12.2024
Orientering på Alti
08.12.2024
Innetrening Slåtten skule
05.11.2024
Premiefest onsdag 30. oktober
27.10.2024
Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025
16.10.2024
Idrettens møteplass 27.10.
08.10.2024