Nærløp Byrkjeflot/Kinna 5. september - med resultat
Postet av Førde Idrettslag den 1. Sep 2018
Onsdag 5. september er det endeleg premiere på det nye o-kartet Kinna! FIL Orientering har gleda av å ynskje velkomen til nærløp i orientering ved Byrkjeflot/Kinnaheia.
Kinnaheia er ei turperle i eit flott fjellterreng som omkranser Dyttingsvatnet. Dette er eit løp ein ikkje må gå glipp av!
RESULTAT: 16-Resultat Byrkjeflot-050918.pdf
Foto: H. Mjanger
Løpet har også status som lagsmeisterskap langdistanse.
Start er klar frå kl.17.30 ( spesielt A-lang blir oppfordra til å starte tidleg, og det vert ingen anledning til start i A-lang etter kl 18.30)
AL tek kartet i det dei startar, preparerte kart ligg ved start. Øvrige får upreparerte kart ved s-plass, deretter ca 10 min å gå motbakke til start. Merking frå sti og inn til start. .
Løypelengder for løpet er: N: 1,4 km, C: 1,8 km, A-kort 3,6 km og A-lang 5,8 km.
Vegen er merka frå krysset Sundsdalen/E39 med O-skjermar. Sjå også kartet/vegvisar:
Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:
- N-løype for nybegynnarar.
- C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget.
- A-lang og A-kort for dei vidarekommande.
Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.
Vel møtt til alle!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Nattorientering 8. oktober
06.10.2025

Resultat KM natt
04.10.2025

Nattorientering onsdag 1. oktober
27.09.2025

KM natt og KM lang
26.09.2025

Flott avslutning på nærløpa
24.09.2025

O-løp Slåtten skule 24.9.
21.09.2025