Miljøsamlingen 29. mars med bilete
Postet av Førde Idrettslag den 31. Mar 2017
Informasjonskvelden i FIL-huset onsdag 29. mars samla nesten 30 store og små orienteringsinteresserte til ein kjekk kveld, med kaker, brus og kaffi.
Opplegg, tilbod og planar for årets sesong vart lagt fram av orienteringsgruppa. I tillegg vart årets informasjonsbrosjyre, med kort informasjon og terminliste for sesongen presentert.
Ein god del av dei yngste o-løparane fekk også tildelt rekruttpakkar, innehaldande kompass, Emit-brikke og mini-postskjerm.
Dei frammøtte vart utfordra til å kome med forslag og tilbakemelding på ønsker og behov, og tips om kva o-gruppa kunne bli betre på. Fra dette arbeidet kom det inn mange gode innspel som o-gruppa vil ta med seg videre. Kvelden vart avslutta med eit lite O-løp i området kring Hafstadparken i det fine vårveret!
Ein av våre mest ivrige juniorløparar, Anja Hole, ønskjer velkomen
Leiar Knut Even Hole
Leiar i trenings- og rekrutteringsrådet, Gunnar Gytri
Kurt Grønli leia idemyldringa
Mange gode innspel
Informasjonsbrosjyra for orienteringssesongen 2017 vart presentert
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

PÅSKETUR
14.04.2025

Sesongstart Movika 9. april
07.04.2025

TURORIENTERING
03.04.2025

TURORIENTERING
28.03.2025

Årsmøte 25.2 - årsmelding
18.02.2025

NYTT I FØRDE
19.01.2025