Helse Førde-stafetten - frivillige
Postet av Førde Idrettslag den 11. Mai 2025

Førde IL Orientering har siste åra stilt på Helse Førde stafetten, og tilbydd rakettløype både på dagtid og kveldstid.
Det er ein liten dugnadsjobb, som også gir litt penger i klubbkassa. Samtidig er vi ute og profilerer orienteringsgruppa og vår aktivitet.
Årets Helse Førde stafett er torsdag 22. mai.
Skal vi klare å gjennomføre dette i år, så treng vi HJELP frå medlemmer i gruppa.
1. På dagtid. 1 eller 2 personar. 182 5-klassingar er påmeldt eit opplegg i og kring sjukehuset denne dagen. O-gruppa har bidratt med ein uteaktivitet, rakettløype. Tidspunkt ca. 10-14. Oppgåve: Hente telt. Sette opp rakettløype. Ha med time-recorder og passe på at det går greitt. Er det nokon som har fri på dagtid og kan hjelpe med dette?
2. På ettermiddag/kveld når Helse Førde stafetten pågår. Ha eit tilbod om rakettløype. Ev. dele ut brosjyrer til foreldre/born om o-idretten. Tidspunkt kl 1700-1930, samt nedrigging av telt/rakettløype når arrangementet er slutt.
Håper at nokon kan vere med. Kan de gje ei tilbakemelding til Yngve Årdal, ardalyngve@gmail.com seinast onsdag 14.5. om de har høve til å vere med. Får ikkje vi nokon til å vere med, spesielt til dagaktiviteten, må vi gje beskjed til arrangør.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Hall-O-Ween
26.10.2025
Nattorientering 8. oktober
06.10.2025
Resultat KM natt
04.10.2025
Nattorientering onsdag 1. oktober
27.09.2025
KM natt og KM lang
26.09.2025
Flott avslutning på nærløpa
24.09.2025