Nærløp Djupedalen 21. juni
Postet av Førde Idrettslag den 18. Jun 2023
Onsdag 21. juni vert det nærløp i Djupedalen ved flyplassen kl 18.00. Her er løypelengder som er langdistanse, A-Lang 5,97 km kart 1:10 000, A-Kort 3,93 km kart 1:7500, C-Løype 2,23 km kart 1:7500 og N-Løype 1,33 km kart 1:7500.
Merka frå rv 57, kjem du frå Førde er det først avkøyring etter Flyplassvegen, ca 200 meter ved postkassestativ. Adressa for arena er Svartetjørnvegen 38 (bildet). Det er bomveg kr 50,-, kan betalast med Vipps. Det er litt avgrensa med p-plassar, men vi får plass til alle :) Nytt dei utkøyringane på vegen som er der.
Påmelding gjer du enklast på Eventor, men det er og mogeleg å melde seg på ved start. Velkomen til alle!
NB! TRENINGSLØYPE: I Helgåsmarka i Naustdal ligg det ute treningsløype. For dei som var med på nærløpet tidlegare i år, er det same parkeringsplass. Der vil ein finne to løyper, ca 2,5 og 3,5 km. Karta ligg i postkasse, så ein forsyner seg og legg dei tilbake etter bruk.
Siste nærløp før vi sommaren vert onsdag 28. juni i Solheimsdalen.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

O-løp 25. juni Djupedalen
22.06.2025

Frivillig under Førde Rundt
05.06.2025

Trening 26.5. og nærløp 28.5.
25.05.2025

Omtale på NOF sine sider
23.05.2025

Stor o-aktivitet neste dagane
18.05.2025

Sunnfjordorienteringa onsdag 21.5
15.05.2025