Turorientering i sommar

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jul 2023

Sommaren er ei fin tid for turorientering, og i og kring Førde finn du 8 ulike terreng/kart med ulik vanskegrad du kan prøve deg på. Så langt er det 67 personar som har registrert seg, men vi har plass til mange fleire :) Bildet over er frå Mo jordbruksskule og Huldefossen, som er utgangspunkt for ein av turane. Turen på Mo er ein del av Norges Orienteringsforbund sitt samarbeid med Skoda, og du kan finne meir informasjon om dette her.

Full oversikt over turane og nedlasting av kart i Sunnfjord gjer du på turorientering.no
God tur! 




Norvald Ospehaug 70 år

Postet av Førde Idrettslag den 6. Jul 2023

Norvald Ospehaug må sjåast på som ein legende i o-miljøet i Sunnfjord. Torsdag 6. juli fyller han 70 år. I 50 år har Norvald levert kart, løyper og gode utskrifter. Han har heile tida justert seg etter utviklinga og raskt sett seg inn i ny teknologi. Her er han avbilda med ipad og ocad sketch app, slik at kartet blir nøyaktig. Norvald har vore og er ein viktig bidragsytar til o-miljøet i fylket, både på klubb- og kretsplan. I desse dagar held han på å ferdigstille nytt kart til KM mellom som Tambarskjelvar arrangerer i august, og han er også teknisk delegert under Vestlandsmeisterskapen seinare same måned. Dette og mykje meir får han tid til - om det er å arrangere nærløp eller legge ut treningsløyper i Helgåsmarka. Norvald er viktig for o-miljøet! Førde IL Orientering gratulerer så mykje med den runde dagen!  



Førde på Midnattsolgaloppen

Postet av Førde Idrettslag den 1. Jul 2023

Sjølv om det det er orienteringsfri i Førde framover, finst det rikeleg med moglegheiter for dei som ønsker å springe orientering i Norge i sommar. Denne veka har Midnattsolgaloppen blitt arrangert, og Førde hadde ein god delegasjon til stades. Dei to første løpa gjekk i Sverige i Abisko med IFK Kiruna som arrangør, medan dei to siste gjekk i Bjerkvik, rett nord for Narvik. - Sol frå skyfri himmel, døgnet rundt, var tilbakemelding som vart gitt. Resultatmessig har det også vore mykje å glede seg over. Våre gratulasjonar til Håkon Grønli som vann klasse H17-18E alle fire dagane.  

Resultata kan ein finne her.