Resultat frå Romjulsløpet/Sunnfjordorienteringa 2020

Postet av Førde IL Orientering den 26. Des 2020

Deltakarrekord og svært god stemning når 56 orienteringsløparar stilte til start i Romjulsløpet. Litt synd å ikkje kunne servere pølse og gløgg, men nokre nytta bålet til å grille medbrakt pølse og marshmallows. 

Vinnarane i ALH/K og AKH/K fekk O-boka 2020 i premie. Vinnarane i CLH/K fekk pose med reinsskinn.  

Resultata ligg på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=14049&groupBy=EventClass

Resultatliste (PDF) kan lastast ned her: Resultatliste Romjulsløpet-Sunnfj-O-261220.pdf





Romjulsløpet/Sunnfjordorienteringa 2020

Postet av Førde IL Orientering den 19. Des 2020

Velkommen til FIL Orientering sitt Romjulsløp! Denne gongen inkluderer vi den endå meir tradisjonsrike Sunnfjordorienteringa som skulle vore avvikla i mai, men måtte avlysast av Koronaomsyn.

Invitasjon kan lastast ned her: Førde IL- romjul-Sunnfjord-O 2020.pdf

Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/14049





O-posten 2020 er klar!

Postet av Førde IL Orientering den 3. Des 2020

2020 har vore eit ganske så spesielt år. Dette gjeld også orienteringssesongen for Førde Il Orientering. Men året skal oppsummerast og kva er vel betre enn å gjere det med ei ny utgåve av O-posten! 

O-posten 2020 kan lastast ned HER

Tidlegare utgåver finn du i vårt Filarkiv i mappa O-posten.





Velkommen til innetrening onsdagar kl 20-21 på Slåtten skule

Postet av Førde IL Orientering den 8. Nov 2020

Førde IL Orientering har fått tildelt treningstid i gymsalen på Slåtten skule onsdagar kl. 20-21.
Vi startar opp onsdag 11. november. 

Opplegget blir styrketrening som er kombinert med oppgåver. Målgruppa er ungdom frå 12 år og oppover, samt voksne. Vi ser gjerne at nye deltakarar blir med!

Velkommen! 

Helsing trenings- rekrutteringsrådet 





Resultat nattløp i Hafstadparken

Postet av Førde IL Orientering den 4. Nov 2020

 

Løype A-lang
Torbjørn Os14,46
Anders F. Slåtten14,46
Håkon Grønli15,02
Stian V. Alvær17,04
Anders Grønli17,45
Anja Hole19,42
Anja Sægrov23,40
Anita Hole25,18
Helge Schei28,26
Åsmund Berthelsen31,02
Torodd OsDeltatt


C-løype
Sakarias Gytri Juklestad16,57
Julie Daling18,05
Jørgen Daling Korsøen18,05
Marius Sægrov19,27
Ellen Marie Kjærland19,34
Maren Bråten19,36
Sverre Stubhaug20,24



Onsdag 4. november - Premiering og premieutdeling 2020

Postet av Førde IL Orientering den 1. Nov 2020

2020 har vore eit spesielt år. Dette gjeld også orienteringsaktivitetane til FIL Orientering. Som ein avslutning på sesongen har det vore vanleg å arrangere ein premiefest for å heidre nærløpsdeltakarane våre. 

Smittevernrestriksjonar gjer det umogleg å arrangere ein vanleg premiefest dette året, men premieutdeling vert det! 

Vi vil derfor invitere til premieutdeling i samband med det siste nattløpet denne sesongen. 

Stad: Utanfor FIL-huset i Hafstadparken, mot fotballbana.

Tid: Onsdag 4. november mellom klokka 18.00 og 19.00

Premieoversikta nedanfor viser kven som vert premiert for nærløpsdeltaking og lagsmeisterskap. 

Dette er også eit flott høve til å delta på nattløpet i Hafstadparken denne kvelden. Dette startar klokka 18.

Løyper og løypelengder:

A-lang 2,6 km, A-kort 1,5 km, C-løype 1,3 km

Velkommen!





Lagsmeisterskap nattorientering ved Klappene/Soleide 28. oktober - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 27. Okt 2020

Løypeleggjar Gunnar kan melde om at det er klart for nattløp onsdag 28.10 frå Soleide kl 18.00. 

Kartet er Klappene i M 1:5000 for alle løyper. Løpet tel også som LM natt for Førde IL. Vil du bli Lagsmeister, må du springa AL eller AK.

Løypene er slik:

  • AL 2,8 km med sommarfugl, kartet taes i det ein startar.
  • AK 1,7 km
  • C 1,3 km

Påmelding ved frammøte. Vanlege smittevernregler. 

Velkommen! 


Resultat frå løpet:


 





Deltakarliste for nærløpa i 2020

Postet av Førde IL Orientering den 21. Okt 2020

Ein oppsummering av den litt spesielle nærløpssesongen 2020 er no i gong. Deltakarliste over kven som er registrert på løpa, finn ein ved å laste ned oversikten her: 

Deltakarliste nærløp 2020.xlsx

Vi ber om at alle sjekker at vi har registrert rett antall gjennomførte nærløp. Dette gjeld spesielt løpa som gjekk som Usynleg-O. Tilbakemelding kan sendast til Knut Even Hole: knuteh@hotmail.com





Nattløp Blomlia onsdag 21. oktober kl 19.00

Postet av Førde IL Orientering den 19. Okt 2020

Onsdag 21. oktober vert det nattløp ved Blomlia alpinanlegg. Løpsstart kl 19.00. Påmelding ved start. Vanlege smittevernregler. Velkommen!

Løypelegger Jostein har planlagt tre løyper:

  • C-løype: 1,4 km
  • A kort: 2,4 km
  • A lang: 3,2 km

Etter ønske fra deltagere på kretsmøtet lørdag vil løypene, inkludert start og målpost, henge ute til søndag!




Nattløp onsdag 14. oktober ved Langeland skisenter - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 11. Okt 2020

Onsdag 14. oktober vert det nattløp på Langeland. Løpsstart mellom kl 19.30 og 20.30. Start og mål ved Skihytta på Langeland skisenter. 

Løypelegger Torbjørn kan friste med flott vær og tre løyper:

  • C-løype: 1,6 km
  • A kort: 2,5 km
  • A lang: 3,6 km

Resultat:

Påmelding ved oppmøte på arena. Vanlege smittevernregler gjelder. Velkommen! 




Invitasjon til Ope møte i O-krinsen 24 oktober i Førde

Postet av Førde IL Orientering den 10. Okt 2020

Vestland idrettskrets inviterer til samlinga Idrettens Møteplass 2020. Interesserte foreldre, trenarar m.m. frå alle idrettar er inviterte til felles føredrag (kl 10-12, tema: „Livslang Idrettsglede“, NB, maks 80 deltakarar) og lunsj (kl 12-13). Etterpå er det separate samlingar i særkrinsane. Det er gratis deltaking på heile programmet.

Påmelding innan 19. oktober.

Invitasjon kan lastast ned her: Ope møte i o-krinsen 24.10.20.pdf





Idrettens Møteplass 2020 - laurdag 24. oktober i Førde. Gratis deltaking.

Postet av Førde IL Orientering den 10. Okt 2020

For fjerde gong inviterer Vestland idrettskrets til Idrettens Møteplass! Denne gong i Førde.

 

Tid: Laurdag 24. oktober frå kl. 9.30

Stad: Førdehuset, Sunnfjord kommune

 

Kva skjer?

 

  • Foredrag med Olympiatoppen Vest, Antidoping Norge og Høgskulen på Vestlandet. Overordna tema: Livslang idrettsglede!
  • Haustmøte i Skikrinsen, Friidrettskrinsen og Orienteringskrinsen.
  • Styremøte Vestland idrettskrets
  • Samling for idrettsråda, kombinert med anleggskurs (kurset ope for alle interesserte!)
  • Treningssamling for ungdom 12 – 19 år, på tvers av idrettar. To økter basistrening med dyktige trenarar, samt foredrag med Antidoping Norge og Olympiatoppen Vest. Meir informasjon her!
  • Paraidrettssamling! Nytt av året! Målgruppa er personar med fysisk funksjonsnedsetjing eller synsnedsetjing i alderen 12-30 år som driv med idrett eller har lyst til å begynne. Føresette, trenarar og leiarar som har lyst å starte eit tilbod eller lære meir, er hjarteleg velkomne. Blant anna vil parautøvar Jan Roger Klakegg vere med og dele av sine erfaringar! Invitasjon til samlinga er lagt ved. Meir informasjon på nettsida vår her!

 


Her finn du heile programmet til Idrettens Møteplass.

 

NB! Her melder du deg på – innan 19. oktober.

 

NB! Møteplassen vert arrangert i tråd med dei offentlege råda for smittevern – og enkelte av programpostane har difor avgrensa tal plassar.


Merk dykk også Olympiatoppen Vest sin kompetanseturné: Sogndal 22.10 og Førde 23.10. Meir info her!




Problem med luftbobler i kompasshuset på NOR Spectra tommelkompass i Rekrutteringspakkene

Postet av Førde IL Orientering den 10. Okt 2020

Det har kome tilbakemelding at enkelte tommelkompass frå rekrutteringspakkene har fått luftboble i kompasshuset. Problemet gjeld rekrutteringspakker frå 2019 og 2020.
Om noen har problem med sitt, så kan dei ta kontakt med Knut Even på mail: knuteh@hotmail.com
Vi vil då sende dei inn samla. Sjå også mail fra NOF nedanfor.


"SILVA har de siste to årene hatt utfordringer med sine leveranser av kompass. Særlig opplever SILVA og NOF tilbakemelding på for stor andel luftbobler i kompasshuset på NOR Spectra tommelkompass i Rekrutteringspakken. Først og fremst gjelder det årets leveranse , men trolig også noe fra i fjor.

 

De som opplever dette problemet, kan sende disse i retur til Idrettsbutikken, att. Irene Dalby, Færdervegen 49, 2270 Flisa . De vil sende nytt erstatningskompass, JET Spectra Classic, så langt det rekker (en super erstatning).

Vi ber klubbene om å sende defekte NOR Spectra tommelkompass samlet til Idrettsbutikken. Vi understreker at dette kun gjelder tommelkompass i Rekrutteringspakken fra i år og evt. i fjor.   

 

SILVA og NOF beklager bryet dette har medført klubber og enkeltutøvere. Silva har lovet å levere kompass med høyere kvalitet ved leveranser i 2021."





Nærløp nattorientering ved Vasslia onsdag 7. oktober kl 19.30, med Resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 5. Okt 2020

FIL Orientering ønskjer velkommen til nattorientering onsdag 7. oktober. 

Oppmøte ved Nordheitunellen, Vasslia, kart Kråkenesmarka. Start etter kl 19.30 når det er mørkt nok.

Løyper:

A-Lang 3,2 km, 

A-kort 2,1 km 

C-løype 1,3 km.

 




Resultat KM natt 3. oktober

Postet av Førde IL Orientering den 4. Okt 2020

Resultat frå KM natt kan lastast ned her: KM Natt Resultat-031020.pdf






Invitasjon til bokslepp 21. oktober

Postet av Førde IL Orientering den 3. Okt 2020

Invitasjon til bokslepp!

Førde Idrettslag og Selja Forlag har den store gleda å invitere deg til bokslepp i høve utgjevinga av Rune Fossum Lillesvangstu si jubileumsbok «Den spreke hundreåringen» - Førde IL 1920 – 2020.

Boksleppet går av stabelen i Førdehuset, festsalen onsdag 21. oktober kl. 19.00.

Fint om de melder i frå om de kjem. 

Arrangementet vil sjølvsagt vere underlagt gjeldande smittevernreglar.





Nattorienteringa startar onsdag 30. september kl 20.00

Postet av Førde IL Orientering den 28. Sep 2020

Her er terminlista for nattorienteringsløpa denne hausten. 

Det kan bli endringer, og tidspunkt for løpsstart vert annonsert her på heimesida kort tid før løpsdagen. Påmelding ved oppmøte på arena.

Løpsstart onsdag 30 september vert kl 20.00. Oppmøte ved skianlegget i Masdalen. 

Løypelegger Helge melder om følgjande løypelengder: A-lang: 4,4 km. A-kort: 2,8 km. C-løype: 1,4 km


-Også verdt å merke seg er KM natt laurdag 3. oktober. Her er påmeldingsfrist 1. oktober. Påmelding i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/12261




Olympiatoppen Vest inviterer til kompetanseturne 2020

Postet av Førde IL Orientering den 23. Sep 2020

Olypiatoppen Vest inviterer til kompetanseturne 2020 i Førdehuset fredag 23. oktober. Dei stiller med fagfolk innen styrke, utholdenhet, teknikk/motorikk, mental trening/coaching, idrettsernæring og skadeforebygging. 

Invitasjon kan lastast ned her: invitasjon Førde.pdf

  • Stad: Førdehuset - Angedalsvegen 5
  • Tid: Fredag 23. oktober kl 16-20
  • Påmeldingsfrist: tysdag 20. oktober
  • Pris: Gratis
  • Påmelding: Trykk her

For meir informasjon, ta kontakt med Morten Ivarsen i Olympiatoppen Vest på e-post: morten.ivarsen@olympiatoppen.no eller tlf 47375775.




Nærløp sprint ved Slåtten skule onsdag 23. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 18. Sep 2020

Onsdag 23. september arrangerer FIL Orientering nærløp ved Slåtten skule. Start frå klokka 18.00.

Resultat: Resultatliste Nærløp Slåtten Skule 230920.pdf

Strekktider: http://obasen.orientering.se/winsplits/online/no/default.asp?page=classes&databaseId=71708

Dette er det siste nærløpet denne sesongen, så ikkje gløym å delta denne onsdagskvelden! Det er også ein del løparar som er nær ved å kvalifisere til deltakerpremie. Vi håper mange kjem! 

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Av smittevernhensyn ber vi om førehandspåmelding innan onsdag kl 14.00. Dette kan gjøres på to måter:

Velkommen til alle! 




Nærløp sprint ved Sunde skule 16. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 13. Sep 2020

Onsdag 16. september arrangerer FIL Orientering nærløp frå Sunde skule. Start frå klokka 18.00.

Resultatliste Nærløp Sunde Skule 180920.pdf

Dette er det nest siste nærløpet denne litt annerledes sesongen, men det er en del løpere som er nær ved å kvalifisere til deltakerpremie. Vi håper mange kjem denne kvelden! 

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Av smittevernhensyn ber vi om førehandspåmelding innan onsdag kl 14.00. Dette kan gjøres på to måter:

Velkommen til alle! 




KM-natt og Haustbløyta 3. og 4. oktober

Postet av Førde IL Orientering den 11. Sep 2020

Laurdag 3. oktober arrangerer FIL Orientering Krinsmeisterskap i nattorientering. Invitasjonen med blant anna klassar og løypeinformasjon kan lastast ned her: 

Innbyding KM natt 3 okt 2020.pdf

Link til påmelding i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/12261


Søndag 4. oktober inviterer IL Tambarskjelvar til Haustbløyta 2020. Invitasjon til dette arrangementet finn du her:

Innbyding Haustbløyta 4 okt 2020.pdf

Link til påmelding i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/12369





Nærløp Stakaldefossen 9. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 6. Sep 2020

Resultat her: Resultatliste Nærløp Stakaldefossen 090920.pdf

Nærløpet onsdag 9. september vert arrangert frå Stakaldefossen ved Moskog.

Løpsstart frå klokka 18.00. 

Følg merkinga med O-skjermar frå krysset ved Moskog. Sving til venstre ca 450 meter etter Moskogkrysset. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Av smittevernhensyn er det kun mogleg med førehandspåmelding innan onsdag kl 14.00: 




Turorientering 2020

Postet av Førde IL Orientering den 18. Jun 2020

Turorientering er ein aktivitet for alle, og passar svært godt dette året. Du kan gjennomføre åleine, eller i lag med andre i familien. Det er inga tidtaking og du vel sjølv når du vil ta turen, og kva for tur du vil gjennomføre. Hugs likevel dei generelle smittevernråda: Ikkje gå for mange i lag. Hald avstand dersom du møter andre på turen. Følg tilrådde hygienereglar: Vask hendene, host i albogen og unngå berøring av postane.

Førde IL Orientering har turorientering i følgjande områder i 2020:

  • Hafstadparken
  • Førdehuset
  • Sunde-Farsund
  • Vieåsen
  • Ulvedalane
  • Kråkenesmarka
  • Kinna

Dei fire første (Hafstadparken, Førdehuset, Sunde-Farsund og Vieåsen) er grøne turar, dvs. den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg slik at turane også kan gjennomførast av rullestolbrukarar. Desse fire turane er gratis og kan lastast ned på turorientering.no

Postane til dei grøne turane består av ein stolpe med postnummer og postkode på toppen.

I tillegg til dei fire grøne turane har FIL Orientering turorientering ved Ulvedalane, Kråkenesmarka og to forskjellige turar på Kinna. Desse kan kjøpast for 50,-kr per stk og lastast ned på turorientering.no eller dei kan kjøpast på Erdal Sport i Førde.






FIL Orientering inviterer til O-troll-dagsleir laurdag 6. juni!

Postet av Førde IL Orientering den 22. Mai 2020

O-troll vert arrangert ved Langeland skisenter 6. juni kl 11.00 - 16.00. 

Vi lovar mykje moro for alle barn mellom 8-12 år som har lyst til å lære orientering. Om ein har vore med på orientering før eller ikkje: O-troll passar for alle!

Det vert like mykje fokus på det sosiale som på orienteringsaktivitetar. Dei som ikkje har løparbrikke eller kompass får sjølsagt låne dette.

Sjå invitasjonen nedanfor eller last den ned her: invitasjon o-troll 2020.pdf





Ny versjon av Usynlig-O i Vieåsen

Postet av Førde IL Orientering den 13. Mai 2020

Det var noen feil med opplasting av løypene i Usynlig-O appen denne veka. Dei er forhåpentlig vis nå riktige, og ny versjon ligg ute i appen. Dei som allerede hadde sprunge løp har fått registrert løpet i nærløpsstatistikken. De treng ikkje å ta løypene på nytt.

Nye kart med postbeskrivelse ligg til nedlasting her: A-lang Nærløp veke 20-A-lang.pdf 

                                                                                    C-løype Nærløp veke 20-C-løype.pdf




Nærløp veke 17

Postet av Førde IL Orientering den 19. Apr 2020

No er to nye løyper klar ved Halbrend skule. Dei ligg ute på Usynleg-O appen. Skriv ut kart fra appen eller de kan også finne karta i linken under. Om noken ikkje har mulighet for å skrive ut kart, gi beskjed på mail: knuteh@hotmail.com så fikser vi det. Det er ikkje hengt ut postskjermer denne gangen heller, siden løypa blir liggande i bebygd område ei heil veke. 

For att vi skal få registrert alle som deltar på løpa i forhold til premiering til hausten, om ein ikkje bruker appen, så må de sende navn, alder og kva løp ein har deltatt på til: knuteh@hotmail.com . Send gjerne etter kvart løp eller kvar måned.

God tur!


Nærløp veke 17-A-løype.pdf

Nærløp veke 17-C- løype.pdf





Informasjon om orienteringssesongen

Postet av Førde IL Orientering den 12. Apr 2020

Hei alle sammen, og fortsatt god påske!

Det er ei spesiell tid vi er inne i, og eg håper det går bra med dåkke alle.

Koronaviruset rammer hardt rundt om i heile verden, og da blir det i den store sammenhengen en bagatell at vi ikkje får drive med o-sporten slik vi er vandt til.

Kommende onsdag var det også i år planlagt kickoff i Movika. Dette og all annen organisert idrett er innstilt til 15/6 så langt. Om det blir utvida lenger fram veit vi ikkje ennå.

Men litt o-aktivitet er det lagt opp til. Vi prøver å få lagt løyper kvar veke på dei plassane som tidligere var bestemt. (sjå vedlagt O-brosjyre)

Løypene blir lasta opp i ein App som heiter Usynlig-O (les meir om det her: https://usynligo.no/ ). Den kan alle som ønsker laste ned på telefonen og finne dei forskjellige løypene i. Bruken av denne appen er gratis. Der finn de kartet som de kan skrive ut og ta med, eller bare bruke kartet på telefonen. Når du har starta løypa og komt til en post, så gir telefonen beskjed om at du er på posten. Der er ikkje hengt ut poster eller stemplingsbukk i skogen.

Pass på å les korleis den virker, og kva du må gjere med telefonen for at alt skal virke optimalt. Fint om de registrerer resultatet i appen, slik at vi har oversikt over kven som deltek med tanke på premiering av løpa i haust. Viss vi får det til så blir resultata lasta opp i Eventor slik som vi pleier. Vi får sjå kor godt dette virker og om vi klarer å premiere ut fra antall løp som tidligere år. (sjå o-brosjyre for premiering) 

Vi lar løypene ligge fra søndag til søndag før vi laster opp resultata, men de må gjerne bruke løypene for trening utover dette. Så det er bare å finne ein passande dag å komme seg ut i marka på 🙂. Allerede no ligg det ute to løyper med start ved museet i Movika.

Følg med på FB og heimesida vår for info, og lik å del gjerne innlegga slik at flest mulig får med seg det som skjer.

Turorienterings tilbud er også snart klart. Her blir det alt fra grønne turer som ligg lett tilgjengelig for alle, til svarte turer som er meir krevande og lengre turer.

Løypene er lagt på flotte plasser i og rundt Førde, så følg med på FB og heimesida.

Løypene kan de finne her: https://turorientering.no/forde/ når dei er klare.

Pass på når de driv med o-aktivitet og forhold dere til Folkehelseinstituttet sin anbefalinger.

Sjølv om vi no ikkje har organisert tilbud som vi pleier kvar onsdag, så oppfordrer eg dåkke til å betale medlemskontingent til FIL for å støtte opp om klubben.

Er du ikkje medlem, så kan du registrere deg her: https://minidrett.nif.no/

Vi blir også svært glad om de kjøper sesongkort for å støtte o-gruppa. Priser og betalingsmåte står i o-brosjyra.

Obrosjyra2020 fram og bakside.pdf

Obrosjyra 2020innside.pdf

Er det noke de lurer på eller ønsker å fortelle, ta kontakt med meg på mail 🙂

Oppfordr gjerne andre til å prøve orientering!

 

Med helsing

 

Knut Even Hole

FIL-Orientering

 




Digitalisering av O-posten

Postet av Førde IL Orientering den 28. Feb 2020

No kan du lese i gamle O-posten fra 1975 og fram til i dag her: https://orientering.fordeidrettslag.no/storage/files?uid=1101165341&pfi=10958 . Der er en del hull i årgangane så om nokon har desse privat, så er eg svært interessert i å få låne dei så vi kan få komplett serie tilgjengelig. Nokre av dei som er scanna inn har veldig svakt trykk, så fins det betre utgaver, gi beskjed så erstatter eg dei. Ta kontakt om de har noko å bidra med til knuteh@hotmail.com .


God lesning! 





1 Kommentar

Hugs påmeldingsfristen: Fagsamling med tema "Klubbutvikling" laurdag 29/2

Postet av Førde IL Orientering den 23. Feb 2020

Hugs påmeldingsfristen 24. februar for fagsamlinga med tema "Klubbutvikling"på Skei 29/2. Det er også mogleg å stille på krinstinget same stad og dag (uten stemmerett) for alle som ønsker det.

klubbutvikling--samling-29.02.2020.pdf

innkalling-krinsting-2020.pdf





Hovedløpet og O-landsleiren 31. juli – 5. august.

Postet av Førde IL Orientering den 19. Feb 2020

Østmarka OK ønsker velkommen til Hovedløpet og O-landsleiren 31.juli – 5. august. Det er lagt opp til spennende dager med løp og leir og vi håpar at fleire O-løparar fra Førde IL kan bli med!

Deltakarane må fylle 14, 15 eller 16 år dette året.

Om du har spørsmål, kan du sende ein e-post til Anders Eilertsen Grønli (anders.gronli@enivest.net) som er lagleiar for Sogn og fjordane krins. 

Presentasjon og program finn du her: Presentasjon til klubb_krets.pdf

Du finn nyheter og informasjon på nettsida til Østmarka OK: http://www.ostmarkaok.no/hl2020/ og i andre sosiale medier; Instagram og Facebook






Stemningsrapport frå vintertreninga

Postet av Førde IL Orientering den 14. Feb 2020

Her kjem Gunnar Gytri med ein kort rapport om FIL Orientering sitt vintertreningsarbeid (Foto: Gunnar Gytri og Mark Purkis):

Styret inngikk hausten 2019 ei avtale med Mark Purkis om å ha o-tekniske treningar kvar 14. dag for våre ivrige ungdommar. Treninga er opne for dei som vil uavhengig av alder.

Laurdag 8 februar var treninga lagt til Flokeneset. 
Anita Hole hadde full bil frå Førde (Anja, Håkon, Trygve, Mark og Gunnar), og på møteplassen i Flokeneset kom også Andreas Haug og Edvin Helle.
Vi sprang linjeorientering i ca 9 km. Været var surt med vind og regn. Myrane blaute, men det var god karttrening og ikkje minst god fysisk trening, og vi kunne føre inn 2 timar i treningsdagboka.
Vi såg mange hjortar.
Vil du bli med på neste trening er laurdag den 22 februar. Ta kontakt med Gunnar om du vil ha info om frammøtestad.

Ellers er det styrketrening kvar onsdag på Slåtten skule kl.20.00-21.00. Alle er velkomne!



Sakliste til årsmøtet 11. februar

Postet av Førde IL Orientering den 2. Feb 2020

Årsmøtet i FIL Orientering nærmar seg. Tirsdag 11. februar klokka 18.00 på ARKI (Angedalsvegen 4).

Her er saklista som nedlastbar pdf-fil: Sakliste årsmøte.pdf





Årsmelding 2019 - Førde IL Orientering

Postet av Førde IL Orientering den 2. Feb 2020

Årsmeldinga for Førde IL Orientering er klar, og kan lastast ned her: Årsmelding 2019.pdf

Denne og tidlegare årsmeldingar finn du også i mappa Årsmeldingar under Filarkiv-fana på heimesida her.

Saksliste for Årsmøtet  tirsdag 11. februar kjem seinare, og vil snart bli publisert her på heimesida.




Innkalling til årsmøte 2020 - Førde IL Orientering

Postet av Førde IL Orientering den 19. Jan 2020

Styret innkallar hermed til årsmøte i Førde IL - Orientering. 

Årsmøtet blir den 11. februar kl. 18.00 i ARKI sine lokalar i Angedalsvegen 4.

Saker til årsmøtet må sendast styret seinast 28. januar til knuteh@hotmail.com

Vanlige årsmøtesaker. Endeleg sakliste vil bli gjort tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet på https://orientering.fordeidrettslag.no/

Velkommen til årsmøte! 


Med vennlig helsing Styret Førde IL - Orientering


Årsmøteinnkalling lastast ned her: Innkalling årsmøte 2020.pdf