O-trolleir 3.-4. juni på skihytta på Langeland! Påmelding innan 1.juni.
Postet av Førde IL Orientering den 22. Mai 2016
Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 3.-4. juni
O- TROLLEIR 3.- 4. JUNI
Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 3.-4. juni
Frammøte på Langeland kl. 17.30.
Denne leiren høver best for aldersgruppa ca. 10 – 14 år.
Vi vil tilpasse samlinga til både dei som er nybyrjarar og dei som har prøvt orientering før, så ved påmelding er det fint om du oppgjer alder og om barnet har erfaring med orientering.
P R O G R A M
FREDAG 3. JUNI
17.30 Innkvartering og registrering
18.00 Instruksjon og enkle orienteringsøvingar
19.00 Pizza og brus (vi kosar oss)
20.00 Sosialt samver med o-bingo og andre leikar og spel
LØRDAG 4. JUNI
09.00 Frukost og opprydding
10.00 Leikar ute
11.00 Vi prøver oss på ei enkel orienteringsløype
12.30 Heimreise
Husk å ta med: Ekt-brikke og kompass(dei som ikkje har, får låne), treningskle, regnkle og
støvlar, sovepose, handkle og toalettsaker.
Foreldre eller andre vaksne er sjølvsagt også velkomne.
Husk å oppgje om de har noko matallergi ved påmelding
Påmelding: Til harald.olav.hjellbrekke@enivest.net tlf 97712051 innan onsdag 1.juni
Helsing Førde I.L. Orientering
Invitasjonen finn du også her: O-TROLLEIR 2016.doc
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.