Overnatting Pinseløpet og O-festivalen

Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2025

Sogn og Fjordane orienteringskrins ønskjer å organisere felles overnatting for klubbane i Sogn og Fjordane på følgjande løp før sommaren. Påmelding er lagt ut i Eventor, klikk på linkane under. 

Merk kort frist: 26. april.

- Pinseløpet på Kongsberg, 7.-9. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6212
- O-festivalen på Geilo, 20.-22. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6213

I tillegg kan det bli organisert noko under O-ringen og Vestlandsmeisterskapen dersom det er interesse. Ta gjerne kontakt om du/dokker har tenkt å reise på desse løpa.

Overnatting blir bestilt ut frå kor mange som er påmeldt ved fristen. Etter dette er det berre mogleg å melde seg på dersom det finst restplassar. Ved for få påmeldte blir det ikkje bestilt noko, så det er viktig at dei som veit dei vil reise melder seg på i tide!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.