Ny stad for o-løp 28.8.

Postet av Førde Idrettslag den 25. Aug 2024

Nærløp onsdag 28. august kl 18.00 frå Langeland skisenter. Dette løpet var i utgangspunktet planlagt i Blomlia, men store nedbørsmengder har gjort elvane der litt for store til at ein fant det forsvarleg å arrangere. Løpet vert no flytta til Langeland. 

Løypeleggar Kurt Grønli melder at forholda på Langeland er veldig bra, sett i forhold til nedbørsmengdene dei siste dagane. Myrene er våte så det blir fysisk krevjande for dei lengste løypene, som det skal vere når det skal kårast lagsmeister i mellomdistanse.

Løypelengder: A løype ca 4,6 km, B-løype ca 3,0 km, C-løype ca 2,2 km og N-løype ca 1,8 km.

Påmelding ved oppmøte, eller via Eventor.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri 





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.