7. plass i NM
Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2023
Håkon Grønli vart laurdag 6. mai nummer 7 i NM knock-out sprint klasse H17-18 i Sandefjord. Og det er ein glad og fornøgd Håkon som fortel om dagen.
- Vi var kring 60 i klassen. Det starta med prolog kl 11. Då var det inn i karantene uten mobil og informasjon. Det starta med individuell start, og dei 30. beste tidene ville gå vidare. Eg var nummer 16 i prologen, og gjekk vidare til semifinalen. Der var vi delt inn i tre heat, 10 løparar i kvart. Dei tre beste løparane i kvart heat gjekk direkte til finale, samt den personen som hadde best tid av dei som vart nummer 4.E g vart nummer fire i mitt heat, men hadde sprunge i det heatet med dei klart beste tidene. Eg kunne difor gjere meg klar til finale. I finalen vart det ein 7. plass,
- Eg er veldig fornøgd med prestasjonen i dag, fortel Håkon. Det var veldig jamt, og det var berre 14 sekund opp til gullet. I finalen var det ikkje gafling, alle hadde same løypa, så det vart litt henging. Eg tok nokre i spurten, så hadde litt på lur heilt til slutt, fortel han.
Håkon har hatt ei veldig god sportsleg helg i Sandefjord. Fredag vart det ein 21. plass i sprint.
Førde IL Orientering gratulerer så mykje!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Orientering Sunde skule 17.9.
16.09.2025

Resultat nærløp 10. september
11.09.2025

Nærløp 10. september
07.09.2025

Resultat nærløp Kråkenesmarka
04.09.2025

Orientering onsdag 3. september
02.09.2025

Resultat Kråkenesmarka 27.8.
27.08.2025