O-skulen - ny påmeldingsfrist!
Postet av Førde IL Orientering den 29. Mar 2022
Nokre av deltakarane på O-skulen i 2021. Også i år vert det O-skule, med start onsdag 20. april.
Førde IL Orientering startar sesongen 2022 med "kick-off" i Movika, Sunnfjord Museum, onsdag 20. april. I samband med det vil vi også i år arrangere o-skulen. I år vil vi ha tilbod for barn, ungdom og vaksne. Ny påmeldingsfrist: måndag 18. april.
O-skulen startar opp onsdag 20. april frå Movika kl. 17.15. O-skulen held fram onsdagane fram til og med 18 mai og vil kvar gong føregå i tidsrommet 17.15-18.00.
I alt 5 frammøte, det vil lønne seg å delta frå dag 1.Målgruppa er barn som fyller 8 til 12 år i løpet av 2022.
Følg: https://orientering.fordeidrettslag.no/ for frammøtestad mm.
O-kle, vi tilbyr løpsdrakt og overtrekksdrakt til sponsa pris.
Innhald. Ved kvart frammøte er det leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar.
T.d. Fargar, brikke og postutstyr, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, sprintkart.
O-skulen er alltid ute, alt føregår i kort avstand frå nærløpsarena.
Instruktørar: Anja Hole og Håkon Grønli
Påmelding på e-post til Gunnar Gytri : gunnar.gytri@enivest.net innan 6 april.
Vi treng namn og etternamn, samt fødselsdato av omsyn til premiering.
Deltakaravgift: Kr 300. Faktura vert sendt til påmeldar sin e-post.
Rekruttpakke blir gjeve til nye som melder seg på, og ein må være medlem av Førde IL. Nokre har fått slik pakke tidlegare, ta denne rekruttpakken med.
NYTT AV ÅRET.
UNGDOM 13-16 år:
Eiga gruppe for ungdom som fyller 13-16 år i løpet av 2022.
Påmelding til samme e-post som for barn:
Avgift Kr 300 og rekruttpakke som for barn. Dei som har rekruttpakke frå før, tar den med.
Instruktør: Anders Grønli
VAKSNE:
Påmelding til same e-post som barn og ungdom.
Vi treng namn og etternamn, vi treng ikkje fødselsår.
Ingen deltakaravgift.
Ikkje rekruttpakke.
Instruktør: Ein vaksen frå o-gruppa, vil nok variere for kvar gang.
Innhald. Ved kvart frammøte er det samtale rundt same tema som for barn og ungdom.
T.d. Fargar, brikke og postutstyr, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, sprintkart.
Helsing Førde IL O-gruppa trenings-og rekrutteringsrådet
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.