Norgescup i Trondheim
Postet av Førde Idrettslag den 18. Sep 2021
Skal ein utvikle seg som o-løpar er det viktig at ein reiser ut av fylket og deltar i konkurransar der ein møter andre løparar på høgt nivå. Anja Hole og Håkon Grønli deltek denne helga på løp i Trondheim. På fredag var det Norgescup sprint der Håkon sprang inn til ein veldig sterk 4. plass av 26 deltakarar i klasse H16, . Anja vart nummer 33 av 50 i klasse D17-18. Laurdag var det o-idol for klasse H16. Håkon gjorde her ein feil på slutten av løpet og valgte å ikkje fullføre. I klasse D17-18 var det norgescup og Anja sprang inn til ein 23. plass av 60 deltakarar. Bildet er frå premieutdeling fredag i klasse H16.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Nærløp Kråkenesmarka 27. august
26.08.2025

Kreftforeningas Stafett for livet
22.08.2025

Resultat Gjesdalsdalen
21.08.2025

Nærløp Gjesdalsdalen 20. august
19.08.2025

Aktiv veke med trening, nærløp og KM-helg
18.08.2025
Hovedløpet og O-landsleir 2025
18.08.2025