Nærløp onsdag 20.mai i Helgåsmarka - med resultat!
Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 14. Mai 2020
Dei ordinære nærløpa er endeleg i gang! Onsdag 20. mai klokka 18.00 vert det nærløp i Helgåsmarka i Naustdal.
Det vil sjølvsagt vere ein del endringar i korleis ein skal opptre før, under og etter løpet. Først og fremst kan vi maksimalt være 50 personer samtidig på samlingsplass og vi må spritvaske hender før start og avlesning i mål. Meir informasjon i veiledaren nedanfor.
Løypeleggjer Mark har laga 4 løyper: N-løype, C-løype og A-kort og A-lang.
Løpsresultat: Helgåsmarka 200520.PDF
På arena vil det vere sterkt fokus på opptreden med tanke på smittevern. Ein smittevernansvarleg vil sjå til at krava vert oppfylt.
For å oppfylle myndighetenes krav til smittevern er det viktig at alle deltakarar les og set seg godt inn i regler om smittevern på nærløp:
Nærløpsregler smittevern for deltagere.pdf
Sjå også veileder for arrangering av nærløp:
FIL Orientering - Smittevernveileder for arrangering av nærløpa.pdf
Kun førehandspåmelding: Det vert kun mogleg med førehandspåmelding i Eventor innan tirsdag 19. mai kl 18.00: https://eventor.orientering.no/Events/Show/13067
Betaling av løpsavgift: På arena vert det berre anledning til å betale med VIPPS, til nummer 103618. Forøvrig vert det oppfordra til å kjøpe sesongkort på forehand til konto nummer 3700.07.15094.
Norsk orienteringsforbund har også laga ein smittevernveileder for o-løp, oppdatert 12. mai. Denne kan lastast ned her: veileder_for_lokale_o-lop_med_med_begrenset_deltagelse-12-mai.pdf
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kenneth Husevåg-Lobben
KM Natt 3. oktober og Haustbløyta 4. oktober
03.09.2020
Nærløp Etterlia 26. august - med resultat
23.08.2020