Nytt og nyttig utstyr på FIL-huset
Postet av Førde IL Orientering den 2. Mai 2019
Vi kan nå skrive ut alle kart til nærløpa m.m. med vår skrivar på FIL-huset. Skrivaren er ein Canon fargelaser som kan skrive ut både A4 og A3 format. Skrivaren er kopla til ein Lenovo PC med Windows 10 operativsystem. I tillegg har vi installert OCAD 19 ("for teams"), og komplett MS Office 365. Andre program, f.eks. Purple Pen, kan etter behov lastast inn på PC'en frå nettet.
Du loggar inn på PC'en med Brukarnamn: Orientering og Passord: 4321. Når du skal skrive ut kart må du ha med ein minnepinne med både løypefiler og kartfil for det aktuelle løpet. Ved bruk av web-mail (gmail, outlook, enivest, telenor, osv.) kan du alternativt sende dei aktuelle filene som vedlegg på e-post til deg sjølv, logge deg inn på din e-post på PC'en på FIL-huset og hente filene på den måten. Vi reknar med å legge inn oppdatert kartfiler på PC'en etter kvart. Bakgrunnskart kan dermed hentast rett frå PC'en.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.