O-trening måndag og onsdag

Postet av Førde Idrettslag den 27. Nov 2023

O-gruppa har to treningsaktivitetar gåande fram mot jul. På måndag kl 18.00 er det morO i Hafstadparken. I samband med det ligg det ute ei A-lang og A-kort treningsløype som det er mogeleg å gå/springe. Nattorientering, så hugs lys. Utdeling av kart kl 18.00. 

Onsdag er det innandørstrening på Slåtten skule kl 19.00. Her er plass til fleire, så bli med :) 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Leik og moro på måndagar

Postet av Førde Idrettslag den 18. Nov 2023

Orienteringsgruppa har starta opp "mor-O" i Hafstadparken på måndagar. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg serverer vi kveldsmat på FIL-huset før ein reiser heim. Sist måndag var det 16 unge med - og vi har plass til fleire. Så det er berre å ta turen til Hafstadparken kl 1800 på måndagar. 

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 

Lokalavisa Firda var også innom på første kvelden. Les meir om det her:
https://www.firda.no/det-er-kjekt-a-kunne-bidra-til-at-ungar-har-det-moro-i-kvardagen/s/5-15-164640

Minner også om innandørstrening på Slåtten skule på onsdagar kl 19.00 for aldersgruppa 13 år oppover. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Innetrening Slåtten onsdagar

Postet av Førde Idrettslag den 6. Nov 2023

Det vert innetrening på Slåtten skule, gymsalen, frå kl 19.00 på onsdagar. Ein times trening. Litt styrketrening, balansetrening og o-teknisk trening.  Hjarteleg velkomne til alle frå 13 år og oppover. Bli med du og :)