morO startar opp igjen 26.8
Postet av Førde IL Orientering den 26. Aug 2024
Det vert gratis aktivitet for aldersgruppa 8-12 år i Hafstadparken kvar måndag i haust kl 18.00-19.00, etterfølgt av gratis kveldsmat på FIL-huset 1900-1930. Velkomen til alle.
Første dag blir onsdag 26. august.
Det er oppretta ei eiga facebook-side der informasjon blir lagt ut. https://www.facebook.com/groups/1415887119062587
Ny stad for o-løp 28.8.
Postet av Førde IL Orientering den 25. Aug 2024
Nærløp onsdag 28. august kl 18.00 frå Langeland skisenter. Dette løpet var i utgangspunktet planlagt i Blomlia, men store nedbørsmengder har gjort elvane der litt for store til at ein fant det forsvarleg å arrangere. Løpet vert no flytta til Langeland.
Løypeleggar Kurt Grønli melder at forholda på Langeland er veldig bra, sett i forhold til nedbørsmengdene dei siste dagane. Myrene er våte så det blir fysisk krevjande for dei lengste løypene, som det skal vere når det skal kårast lagsmeister i mellomdistanse.
Løypelengder: A løype ca 4,6 km, B-løype ca 3,0 km, C-løype ca 2,2 km og N-løype ca 1,8 km.
Påmelding ved oppmøte, eller via Eventor.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
O-helg i Sogndal 7.-8. sept
Postet av Førde IL Orientering den 23. Aug 2024
Sogndal IL arrangerer krinsløp 7.-8. september. Same helg er det også o-troll leir og ungdomsleir.
"Påmeldinga til krinsløp i Sogndal 7.-8. september ligg no på Eventor og påmeldinga er opna.
Laurdag (sprint): https://eventor.orientering.no/Events/Show/19287
Sundag (mellom): https://eventor.orientering.no/Events/Show/19288
Hugs også at det er leirar (o-troll og ungdom) samtidig med løpa, med påmeldingsfrist no på sundag. Påmeldinga ligg under "Aktiviteter" i Eventor: https://eventor.orientering.no/Activities"
Nærløp Kråkenesmarka 21.8.
Postet av Førde IL Orientering den 19. Aug 2024
Onsdag 21. august kl 1800 er det klart for nytt nærløp io orientering frå Skyttartun i Kråkenesmarka. Løypetilbod for alle. Enkel ntybyrjarløype. C-løype for litt vidarekomne. B-løype for løparar som har vore med litt, og ei A-løype for erfarne o-løparar.
Påmeling ved frammøte, eller via Eventor.
Etter løpet inviterer vi alle inn i Skyttartun, der det er mogeleg å kjøpe seg ein vaffel, ein kopp kaffi eller eit glas saft.
Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Nærløp Kråkenesmarka
Postet av Førde IL Orientering den 12. Aug 2024
Onsdag 14. august vert det o-løp i Kråkenesmarka kl 18.00. Løype-tilbod: A-lang 4 km, B-løype 2,5 km, C-løype 2,1 km og nybyrjarløype på 1,2 km. Start og mål nær parkeringen ved Skyttartunet.
O-gruppa kjem til å Skyttartun i Kråknesmarka som arena for løp dei tre neste onsdagane; 14.8, 21.8 og 28.8. Etter løpet er det mogeleg å sette seg ned inne i Skyttartun, kjøpe seg ei vaffel, kaffi og/eller saft, og sjå på gode og mindre gode o-tekniske val :)
Påmelding ved frammøte, eller aller helst her via Eventor.
Velkomen til alle!
Minner og om Vestlandsmeisterskapen i orientering som vert arrangert 17.-18. august på Os litt sør for Bergen. Her skulle vi gjerne hatt med fleire løparar frå Førde. Informasjon og påmelding finn du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Nærløp onsdag 7. august
Postet av Førde IL Orientering den 4. Aug 2024
Første lokale nærløp etter sommaren vert onsdag 7. august. Start frå kl 18.00. Oppmøte på Reset, Halbrendslia. Løypeleggar planlegg ei A-løype på ca 5 km, B-løype på ca 3 km, C-løype på ca 2 km og ei Nybyrjarløype.
Ca 10 minutt å gå til start for alle løyper. Velkomen til alle!
Påmelding ved frammøte, eller aller helst på Eventor.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri