Hall-O-Ween

Postet av Førde Idrettslag den 26. Okt 2025


Ungdomen i o-gruppa inviterar til Hall-O-Ween i Hafstadparken torsdag 30. oktober kl 18.00. Der kan born saman med forelder gå ei enkel orienteringsløype i "Skumleskogen". (Ta med hodelykt)

Skogen vil være ekstra skummel denne dagen, siden hekser og spøkelser er ute på vandring. Tørr DU å være med? Men om du blir skremt, så har nok spøkelsa med seg litt gotteri, så husk å ha med noko å ha snopen i!

Etter ein er ferdig med løypa, så er det kveldsmat og kakao/kaffe inne på FIL-Huset. Her kan ein få i seg varmen igjen, og matlysta blir alltid bedre saman med andre.

O-løypa er så enkel at ein treng ikkje ha prøvd dette før for å delta. Her der det opplevelsen i Skumleskogen som gjeld. 

Håpar vi ser deg!!

(Påmelding kr. 30 for å dekke inn for mat og snop)

Påmelding til Hall-O-Ween





Nattorientering 8. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 6. Okt 2025


Klart for nytt nattløp onsdag 8. oktober. Oppmøte på p-plassen til høgre frå Førde i nordenden av Langelandsvatnet. Løpet går i Bekkjaholten, med denne utsikta (i alle fall i dagslys). Løyper: A-løype på 2,6 km , A/B løype 1,9 km og C-løype. Løypeleggar fortel at han har prøvd å nytte den lettaste delen av terrenget, og postane er det mange av og dei ligg til tider tett. Start kl 19.30, eller når det er mørkt nok. Velkomen! 

Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL trening Høgda Langeland
Påmelding helst på Eventor, eller ved frammøte.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 






Resultat KM natt

Postet av Førde Idrettslag den 4. Okt 2025

Klubben arrangerte KM nattorientering i Gjesdalsdalen fredag 3. oktober. Oppmøtet kunne vore betre, men dei som stilte fekk ei fin og vindfulle runde i flott terreng. På bildet fire jenter som imponerte i C-løypa; Vena Fristad (Askvoll), Brita Svarstad (Markane), Olea Fristad (Askvoll) og Elise Holm Nedrebø (OK Moss). 

Resultatliste: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL KM Natt Gjesdalsdalen






Nattorientering onsdag 1. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 27. Sep 2025

Nattorientering onsdag 1. oktober. Oppmøte ca 3 km frå Moskog retning Holsen. Start frå kl 19.45 eller når det er mørkt nok. Relativt korte løyper, sidan KM natt er fredag 3.10.

Løyper; A 2,8 km, B 1,7 km, C 1,4 km. Påmelding på Eventor. 
https://eventor.orientering.no/Events/Show/22646

Sjølvbetjening med å føre opp løpstider.





KM natt og KM lang

Postet av Førde Idrettslag den 26. Sep 2025

Fredag 3. oktober er det KM nattorientering i Gjesdalsdalen. Første start kl 20.10. Påmelding innan onsdag 1. oktober. Arrangør Førde IL Orientering. Meir informasjon finn du her.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL KM Natt Gjesdalsdalen

Laurdag 4. oktober er det KM langdistanse / Haustbløyta i Naustdal, mot Vona. Første start kl 11.00. Påmelding innan tysdag 30. september. Arrangør Tambarskjelvar IL. Meir informasjon finn du her.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM-lang / Haustbløyta

Bli med på denne KM-helga i Sunnfjord.