O-løp 25. juni Djupedalen
Postet av Førde Idrettslag den 22. Jun 2025
Onsdag 25. juni vert det nærløp orientering i Djupedalen, nær flyplassen. A-løype: 6,2 km, kart i mål 1:10 000. Kart i målestokk 1:7500 B-løype 3,1 km, C-løype 2,2 km og N-løype 1,1 km. Vegen til arena er bomveg kr 60,-, parkering i ledige oppstillingsplassar (hyttenaboar er varsla om løpet) Det vert merka frå fylkesveg 57, Bygstadvegen. Adresse Arena er Svartetjørnvegen 38. Vi håper flest mogeleg bruker Eventor ved påmelding, men det er også høve til å melde seg på ved frammøte. Velkomen til alle.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Djupedalen Bringeland
Nybyrjarløypa på løpet onsdag 25. juni:
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Frivillig under Førde Rundt
Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2025
Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt 20. september og treng frivillige til ulike arbeidsoppgåver.
Ved hjelp av QR koden eller linken kan medlemmar i Førde IL melde seg på som frivillig, og krysse av for kva arbeidsoppgåve ein ynskje å hjelpe til med. Sparebanken Norge støttar Førde Rundt med midlar til dette som igjen blir delt ut på lag og organisajonar som stiller med frivillige.
Det er og mogleg å delta på løpet som har 3 ulike distansar, 5 og 10km samt halvmaraton. Ein kan springe/gå med eller utan tid. Der er også para-klassar. Flotte premiar til løypevinnar, 1-3 plass i kvar klasse, familiepremie (min 3 i fam.), til beste bedrift (flest km) og ikkje minst uttrekks-premiar bant alle løparane.
Trykk på linken eller skann QR koden for påmelding.