Utvikfjellet og Askøy
Postet av Førde IL Orientering den 31. Mai 2024
Miner om to arrangement denne helga og neste helg som går utanfor Førde.
Laurdag 1. juni går Rotekoppen på Utvikfjellet.Start kl 15.00. https://eventor.orientering.no/Events/Show/19282
Helga 8.-9. juni har Hordaland KM på Askøy. Start laurdag kl 1430 og søndag kl 1100. Vi hadde besøk av mange løparar frå Hordaland på vårt vårløp i Førde, og oppfordrar våre løparar til å reise ut og delta på løp andre stader. https://eventor.orientering.no/Documents/Event/41471/1/Innbydelse
O-løp onsdag 22. mai
Postet av Førde IL Orientering den 19. Mai 2024
EKSTRA LØP: Det vert nærløp onsdag 22. mai kl 18.00. Stad: Ulvedalane, dynamittlageret, ca 2 km langs riksveg 13 frå krysset på Moskog. Løyper: A 4,9 km, B 2,8 km, C 1,5 km og Nybyrjarløype på 1,1 km.
200 meter å gå til start og 100 meter fra målpost til brikkeavlesing på samlingsplass.
Påmelding gjer du her. Det er også høve å melde seg på ved frammøte.
Minner også om desse kretsløpa i Sogn og Fjordane:
25.-26. mai: Sogndal med løp laurdag og søndag + o-troll leir og ungdomssamling
29. mai: Sunnfjordorienteringa i Førde
1. juni: Rotekoppen på Utvikfjellet
Du finn meir om arrangementa på Sogn og Fjordane Orienteringskrins sine nettsider.
Oppfordrar løparar frå Førde om å delta på kretsløp i fylket!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Nærløp Naustdal 15. mai
Postet av Førde IL Orientering den 12. Mai 2024
Onsdag 15. mai vert det nærløp i Helgåsmarka i Naustdal. Merka frå brua på rv 5 i sentrum. Start frå kl 18.00. Løyper A-lang 4,1 km, B-løype 2,7 km, C-løype 2,3 km, N-løype 1 km. Kart: målestokk 1:7500. Utskrift på vassfast papir.
Påmelding på Eventor, ev. ved frammøte.
NB! Onsdag 22. mai vert det nærløp på Skjervane (frå Moskog mot Vettereinene). Dette løpet står ikkje på nærløpsoversikten. Kjem tilbake med meir info om løypelengder og påmelding.
54 på nærløp Førde Vassverk
Postet av Førde IL Orientering den 7. Mai 2024
Løypevinnarar 8. mai: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellangen, A-lang menn Håkon Grønli, B-kort kvinner Julie Daling, B-kort menn Gunnar Gytri, C kvinner Bodil Ryste, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
-------------------------------------------------------------
Onsdag 8. mai er det klart for nærløp i orientering frå Førde Vassverk i Sundsdalen. Løypelengder. A-løype 4,6 km, B-løype 2,7 km, C-løype 1,9 km, N-løype 1,3 km. Ca 10 minutt å gå til start. Det gjer det ein del enklare for arrangør om ein melder seg innan kl 1400 onsdag på Eventor, men det er mogeleg å melde seg på ved oppmøte. Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Trygg på trening
Postet av Førde IL Orientering den 4. Mai 2024
Tambarskjelvar IL inviterer til Trygg på trening foredrag 7. april på Naustdal skule kl 18.00-20.00. Foredraget er åpent for alle (tillitsvalgte, trenere, lagledere og utøvere) over 16 år, også foreldre som ikke har en rolle i idrettslaget. I foredraget får dere mer kunnskap om hva seksuell trakassering og overgrep slik at dere kan kjenne det igjen, dere får noen tips til hvordan håndtere det, enten du er leder, trener, forelder eller lagkamerat. Du får konkrete tips til hvordan prate om det, du får kjennskap til retningslinjer og til varslingskanal. Alt dette for at idrettslaget skal stå tryggere og at utøverne skal være tryggere.
Overgrep skjer overalt i samfunnet, også i idretten. Det er naivt å tro at det ikke kan skje i eget idrettslag. Foredraget er kunnskapsbasert og formidles gjennom fakta, historier, video og en case.
Påmelding via denne lenken Gratis inngang.
KM og krinsløp i Førde
Postet av Førde IL Orientering den 4. Mai 2024
Denne helga har det vore arrangert to o-løp i Førde med arena på Førde ungdomsskule. Fredag var det KM-sprint, med 39 deltakarar. KM-vinnarar frå Førde: Gaute Osvoll i H15-16, Trygve Hermansen i H17-, Julie Daling i D50, og Brita Eilertsen Grønli i D80. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Laurdag 4. august var det krinsløp mellomdistanse på det nyreviderte kartet over Førdslia. 50 løparar stilte på startstreken. Resultat her.
Det er krinsløp i Askvoll 5.5.
Neste nærløp i Førde vert onsdag 8. mai med oppmøte Førde vassverk i Sundsdalen. Merka frå E39. Løyper for alle. Påmelding gjer du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar: #specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri |