Klart for ny o-sesong

Postet av Førde Idrettslag den 19. Apr 2025

Førde IL Orientering legg opp ein innhaldsrik sesong. Vi har samla opp litt av aktiviteten vår i eit nyhetsbrev. Her finn du oversikt over nærløpa på onsdagar, nyvinninga måndagstrening på Langeland, turorientering, samt mykje anna relevant informasjon om o-sporten. Velkomen til ny sesong!

Nyhetsbrev 1-25.pdf






PÅSKETUR

Postet av Førde Idrettslag den 14. Apr 2025

Då er alle 11 turane og 89 postane publisert i Tur-o appen, på turorientering.no og ute i naturen. Det fine turorienteringshefte med alle kart og turar er no tilgjengeleg på Intersport Førde (Erdal Sport)

I år vil vi anbefale å ta påsketuren uten ski, men med kart og kompass. God påske




Sesongstart Movika 9. april

Postet av Førde Idrettslag den 7. Apr 2025

Førde IL Orientering har sesongstart for nærløp-sesongen onsdag 9. april frå kl 18.00 ved Sunnford Museum i Movika. Løypertil alle nivå. A-løype 3,9 km, B-løype 2,2 km, C-løype 1,6 km og Nybyrjarløype på 1,4 km. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. Det er flott i skogen no, så velkomen til alle! 

Klubben har også tilgjengeleg lagsdrakter, og vi vil ha med eit utval til prøving av storleikar.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




TURORIENTERING

Postet av Førde Idrettslag den 3. Apr 2025

ENDELEG:

Då kan vi presetere 10 av 11 turar i årets turorientering. No er også alle skogsturane på plass. Turen i Sjukehusparken er sett på vent. Vi vurderer å komme med eit nytt spennande konsept, så følg med.

Bilde er frå ein fin post i Masdalen.