Hall-O-Ween

Postet av Førde Idrettslag den 26. Okt 2025


Ungdomen i o-gruppa inviterar til Hall-O-Ween i Hafstadparken torsdag 30. oktober kl 18.00. Der kan born saman med forelder gå ei enkel orienteringsløype i "Skumleskogen". (Ta med hodelykt)

Skogen vil være ekstra skummel denne dagen, siden hekser og spøkelser er ute på vandring. Tørr DU å være med? Men om du blir skremt, så har nok spøkelsa med seg litt gotteri, så husk å ha med noko å ha snopen i!

Etter ein er ferdig med løypa, så er det kveldsmat og kakao/kaffe inne på FIL-Huset. Her kan ein få i seg varmen igjen, og matlysta blir alltid bedre saman med andre.

O-løypa er så enkel at ein treng ikkje ha prøvd dette før for å delta. Her der det opplevelsen i Skumleskogen som gjeld. 

Håpar vi ser deg!!

(Påmelding kr. 30 for å dekke inn for mat og snop)

Påmelding til Hall-O-Ween





Nattorientering 8. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 6. Okt 2025


Klart for nytt nattløp onsdag 8. oktober. Oppmøte på p-plassen til høgre frå Førde i nordenden av Langelandsvatnet. Løpet går i Bekkjaholten, med denne utsikta (i alle fall i dagslys). Løyper: A-løype på 2,6 km , A/B løype 1,9 km og C-løype. Løypeleggar fortel at han har prøvd å nytte den lettaste delen av terrenget, og postane er det mange av og dei ligg til tider tett. Start kl 19.30, eller når det er mørkt nok. Velkomen! 

Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL trening Høgda Langeland
Påmelding helst på Eventor, eller ved frammøte.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 






Resultat KM natt

Postet av Førde Idrettslag den 4. Okt 2025

Klubben arrangerte KM nattorientering i Gjesdalsdalen fredag 3. oktober. Oppmøtet kunne vore betre, men dei som stilte fekk ei fin og vindfulle runde i flott terreng. På bildet fire jenter som imponerte i C-løypa; Vena Fristad (Askvoll), Brita Svarstad (Markane), Olea Fristad (Askvoll) og Elise Holm Nedrebø (OK Moss). 

Resultatliste: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL KM Natt Gjesdalsdalen






Nattorientering onsdag 1. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 27. Sep 2025

Nattorientering onsdag 1. oktober. Oppmøte ca 3 km frå Moskog retning Holsen. Start frå kl 19.45 eller når det er mørkt nok. Relativt korte løyper, sidan KM natt er fredag 3.10.

Løyper; A 2,8 km, B 1,7 km, C 1,4 km. Påmelding på Eventor. 
https://eventor.orientering.no/Events/Show/22646

Sjølvbetjening med å føre opp løpstider.





KM natt og KM lang

Postet av Førde Idrettslag den 26. Sep 2025

Fredag 3. oktober er det KM nattorientering i Gjesdalsdalen. Første start kl 20.10. Påmelding innan onsdag 1. oktober. Arrangør Førde IL Orientering. Meir informasjon finn du her.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL KM Natt Gjesdalsdalen

Laurdag 4. oktober er det KM langdistanse / Haustbløyta i Naustdal, mot Vona. Første start kl 11.00. Påmelding innan tysdag 30. september. Arrangør Tambarskjelvar IL. Meir informasjon finn du her.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM-lang / Haustbløyta

Bli med på denne KM-helga i Sunnfjord.




Flott avslutning på nærløpa

Postet av Førde Idrettslag den 24. Sep 2025

Flott oppmøte og 74 deltakarar til start på siste nærløpet denne sesongen på Slåtten skule 24. september. Løypevinnarar: A-kvinner Olea Fristad, A-menn Henning Tjørhom, B-kvinner Sunneve Kalstad, B-menn Martin Olai Spjutøy, C-kvinner Sigrid Botnen, C-menn Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her:
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Slåtten skule

No vert det nattorienteringsløp dei neste fem onsdagane. Første løp på Ulvedalane, mellom Moskog og Holsen onsdag 1. oktober.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





O-løp Slåtten skule 24.9.

Postet av Førde Idrettslag den 21. Sep 2025

Nærløp onsdag 24. september kl 18.00. Frammøte Slåtten skule. Dette er eit sprintløp med 4 løyper frå 0,7 km til 2,9 km. Løypa over viser nybyrjarløypa på 0,7 km. Kartet har målestokk 1:2500 og 1:5000.  

Nokre av løypene har postar på begge sider av elva Anga. Ved kryssing av elva MÅ ein nytte bruene. Sjå elles under for informasjonen.

Påmelding ved frammøte eller på Eventor:
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp SLåtten skule


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Sprintløp Sunde skule

Postet av Førde Idrettslag den 18. Sep 2025

Kring 50 deltakarar på sprintløp frå Sunde skule onsdag 17, september. Løypevinnarar: A kvinner Olea Fristad, A menn Henning Tjørhom, B menn Martin Olai Spjutøy, C kvinner Marit Botnen, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her:

Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Sunde skule

Neste nærløp vert onsdag 24.september frå Slåtten skule. 




Orientering Sunde skule 17.9.

Postet av Førde Idrettslag den 16. Sep 2025

Onsdag 17. septembert vert det nærløp i orientering. Oppmøte Sunde skule, grindbygget/fotballbana. A-løype 2,4 km, B-løype 2,0 km, C-løype 1,1 km og N-løype 1,0 km. A- og B-løype har start i Farsundfeltet. C- og N-løype start ved Sunde skule. 

Påmelding ved frammøte eller på Eventor. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Sunde skule

Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 






Resultat nærløp 10. september

Postet av Førde Idrettslag den 11. Sep 2025

Nesten 50 løparar til start i Kråkenesmarka onsdag 10. september. Klassevinnarar: C kvinner Sigrid Botnen, C menn Anders Mallasvik, B kvinner Ella Ryste Haugsbø, B menn Erlend Husevåg-Lobben, A kvinner Margit Sandem Fjellengen, A menn Andreas Haug. Bildet viser A-løypa. 

Fullstendig resultatliste med strekktider og livelox finn du her.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka Aust

Dei neste to onsdags-løpa vert med samlingsplass på Sunde skule og Slåtten skule.
Etter det startar natt-orienteringa, med 5 lokale arrangement. 

KM nattorientering vert fredag 3.10 med Førde IL Orientering som arrangør, medan laurdag 4.10 vert det KM langdistanse i Naustdal med Tambarskjelvar som arrangør. Innbyding og påmelding i Eventor. Oppfordrar våre løparar til å merke av i kalenderen desse løpa
 
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 








Nærløp 10. september

Postet av Førde Idrettslag den 7. Sep 2025

Sesongens siste nær-o-løp i skogen har samlingsplass Skyttertunet i Kråkenesmarka. N-løypa går i området rundt selve skytterhuset, mens A, B og C løypa har både start og mål på østsida av Førdefjordvegen (vegen retning Askvoll).

OBS; vår oppmerksom ved kryssing av vegen.

A-løypa er på 4,7 km, B-løypa 2,7 km, C-løypa 1,6 km og N-løypa 1,1km.

Påmelding via Eventor, frist kl 1400 løpsdagen: 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka Aust

Sosialt inne på Skyttartun med saft, boller, vafler og kaffi etter løpet.

Etter dette løpet blir det to sprintløp, frå høvesvis Sunde skule og Slåtten skule, før natt-o-sesongen startar.
 
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





Resultat nærløp Kråkenesmarka

Postet av Førde Idrettslag den 4. Sep 2025


Kring 60 deltakarar med tidtaking på o-løpet i Kråkenesmarka onsdag 3. september. Løypevinnarar: A kvinner Bodil Ryste, A menn Andreas Haug, B kvinner Raquel Motzfeldt Tirach, B menn Erlend Husevåg-Lobben, C kvinner Margunn Leknes Gryte, C menn Anders Mallasvik. Vi var så heldige at Sparebank1 Sogn og Fjordane sine maskotar stakk innom - til glede for små og store. Takk for besøket. 

Fullstendig resultatliste med løyper, vegval og strekktider finn du på Eventor.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka Syd
Neste nærløp Førde vert onsdag 10. september. Også det med oppmøte i Kråknesmarka. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 





Orientering onsdag 3. september

Postet av Førde Idrettslag den 2. Sep 2025

Nærløp orientering Kråkenesmarka onsdag 3. september kl 18.00. Løyper for alle. Bildet viser nybyrjarløypa på 0,9 km, C-løype (har vore med før) på 2,2 km, B-løype (litt vidarekomne) på 2,7 km, og A-løype (erfarne) på 4,5 km. Dei to kortaste løypene har start på samlingsplass. Dei to lengste løypene er det ca. 10 minutt å gå til start. 

Sparebank1 Sogn og Fjordane er sponsor på nærløpa i åra. Vi kjem til å få besøk av ein "maskot" som også har tenkt å prøve seg på orientering denne kvelden. Dette blir kjekt for dei yngste - så ta turen! 

Påmelding ved frammøte eller på Eventor.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka Syd

Vel møtt til alle! Etter løpet blir det saft, kaffi og vafler i Skyttartun! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





Resultat Kråkenesmarka 27.8.

Postet av Førde Idrettslag den 27. Aug 2025

Flott oppmøte på nærløpet i Kråkenesmarka 27. august. 55 løparar til start. Etterpå var det sosialt med vafler, boller, saft og kaffi på Skyttartun - og det var også høve til å sjå kva vegval løparar brukte på enkelte løyper. Løypevinnarar denne onsdagen var: C-kvinner Marit Botnen, C-menn Anders Mallasvik, B-kvinner Ann Kristin Kusslid, B-menn Erlend Husevåg-Lobben, A-kvinner Bodil Ryste, A-menn Torbjørn Holsen. Fullstendig resultatliste med strekktider og livelox finn ein her.
Eventor - Offisiell resultatliste for Førde IL Nærløp Kråkenesmarka nord

Neste nærløp vert onsdag 3. september. Også det i Kråkenesmarka. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 




"Trygg på trening" - foredrag 1. september

Postet av Førde Idrettslag den 27. Aug 2025

Alle skal være trygge i idretten. Likevel vet vi dessverre at seksuelle overgrep skjer også her. Vi må sørge for at trenere, idrettsledere og foreldre kjenner til tematikken, retningslinjene og hvordan det jobbes i klubben. Videre må man lære å snakke med barn om temaet seksuelle overgrep. 

Ønsker du å lære mer om forebygging, retningslinjer og hvordan du kan møte utsatte i klubben? Bli med på foredraget "Trygg på trening". Tillitsvalgte, trenere, foreldre og utøvere over 16 år er velkommen. 

Dato: Måndag 1. september 2025 
Tidspunkt: kl 1800 - 2000.  
Sted: FIL-huset i Hafstadparken, Førde 

Det er påmelding til foredraget - bli med!
Mer informasjon på: - Trygg på trening Sunnfjord.




Nærløp Kråkenesmarka 27. august

Postet av Førde Idrettslag den 26. Aug 2025

Nærløp orientering onsdag 27. august kl 18.00 i Kråkenesmarka. Løpet er Lagsmeisterskap Mellom. Oppmøte ved Skyttartun. Løypelengder: A løype på 4 km og B-løype på 3 km. 10 minutt å gå til start for desse to løypene. C-løype og Nybyrjar-løype har start ved arena. 

Påmelding via Eventor, eller ved frammøte.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kråkenesmarka nord

Etter løpet vert det høve til å kjøpe kaffi og vafler på Skyttartun. Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Kreftforeningas Stafett for livet

Postet av Førde Idrettslag den 22. Aug 2025

Førde I.L. Orientering stiller også i år lag på kreftforeningas Stafett for livet som blir avvikla på Førde stadion lørdag til sunndag 6.-7.september. Konseptet går ut på å gå eller springe kontinuerleg i 24 timar frå kl 12.00 på lørdag til sunndag, det betyr at det alltid skal vere minst ein person på laget på bana heile tida. Det mest vanlege er at kvar deltakar har etappar på 1 til 2 timar. Fint høve til ei god treningsøkt og støtte ei god sak. Vi oppfordrar alle som har høve til å delta melde seg på, så skal vi sette opp liste på når du skal gå/springe. Meld deg direkte på linken:  Førde I.L. Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet eller på mail: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Vi set opp lagsteltet vårt og serverer forfriskningar. Husk å ta med varme kle, spesielt for dei som har nattetappar.  I fjor klart orienteringsgruppa 641 rundar, det vil sei at vi la tilbake ein distanse på 256 km. Målet i år er å slå denne rekorden. Vi prøver og å få til ein utloddning så vi kan få inn litt ekstra til Kreftforeninga. Dei som ynskjer å gje eit beløp kan og berre vippse til: #590488.









Resultat Gjesdalsdalen

Postet av Førde Idrettslag den 21. Aug 2025

Kring 40 løparar til start på nærløpet i Gjesdalsdalen på Jølster onsdag 20. august. Løypevinnarar: C menn Anders Mallasvik, B kvinner Ella Ryste Haugsbø, B menn Erlend Husevåg-Lobben, A kvinner Bodil Ryste, A menn Andreas Haug. Fullstendig resultatliste med strekktider og vegval finn du på Eventor.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Neste nærløp vert onsdag 27.8 i Kråkenesmarka, Skyttartun. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Nærløp Gjesdalsdalen 20. august

Postet av Førde Idrettslag den 19. Aug 2025

Nærløp Gjesdalsdalen, Vassenden, onsdag 20. mars. Løyper: Nybyrjar 1,4 km, Vore med før (C) 1,9 km, litt erfaren (B) 2,4 km, erfaren (A) 3,6 km. Løypeleggar rapporterer om godt oppdatert kart. Svært løparbart terreng. Mykje blåbær! 

Påmelding og meir info: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Merka frå Vassenden sentrum. Bomveg kr 50,- (vips 569902 Ytre Gjesdalsvegen), skriv bilnummer. Parkering ved inntaktet til kraftanlegget, "Dammen". Oppfordrar til samkøyring, parker langs vegen om nødvendig (må vere passering for traktor) 

Som alltid: Ta omsyn til beitedyr, sau og storfe. Velkomen til ein flott kveld på Jølster! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 






Aktiv veke med trening, nærløp og KM-helg

Postet av Førde Idrettslag den 18. Aug 2025

Mykje o-aktivitet denne veka. Trening måndag 18.8, nærløp 20.8 og KM-helg i Sogndal laurdag og søndag med o-leir. Framleis mogeleg å melde seg på alt dette. 

Måndag 18. august: Treningsløype frå Langeland skisenter. Påmelding innan kl 14.00 i dag måndag. 
Start presis kl 18.00. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening

Onsdag 20. august: Nærløp i Gjesdalsdalen, Vassenden.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Gjesdalsdalen

Laurdag 23. august: KM Sprint i Sogndal.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM sprint

Søndag 24. august: KM mellom i Sogndal.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM mellom

O-leir Sogndal 23.-24. august:
Eventor - Arrangementsinformasjon: O-leir Sogndal

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





Hovedløpet og O-landsleir 2025

Postet av Førde Idrettslag den 18. Aug 2025

Årets Hovedløp og O-landsleir gjekk av stabelen i Sandefjord og 9 deltakarar og 2 leiarar frå Markane og Førde hadde 7 flotte dagar på tur. Førde gjengen reiste nedover torsdag med minibuss og Anne Therese Kusslid som stødig sjåfør og leiar. Gjengen frå Markane hadde vore på Norway-Cup, og fekk noko kortare reiseveg til Sandefjord. Fredagen var det treningsdag og bli kjent med andre deltakarar. Laurdag var det på med løpsutstyr og stille til start opp langdistansen, og søndag sto sprinten for tur. Måndag og tysdag var det aktivitetsdagar med mykje moro, før den berømte krets-stafetten avslutta det heile på onsdag. Ungdomen har kosa seg mykje på turen, og det har vist jammen leiarane og. 

Eine tilbakemeldinga var slik: For ein utruleg fin gjeng. Rett og slett ei vitamininnsprøyting å få være med.

Det blei til og med 2. plass for beste kostyme på kretsstafetten, der jentene frå Førde hadde kledd seg ut som gamle damer.

Så oppfordringa til alle klubbane i krinsen er å jobbe med ungdomen fram mot neste års HL/OLL, slik at vi får ein like stor og kanskje endå større gjeng med. Dei vil nok ikkje angre på at dei reiser, berre spør dei som var i år!!!

Dei som har delteke er: Ann Kristin Kusslid, Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Gaute Osvoll, Kaja Osvoll, Sjur Skilbrei og Ella Ryste Haugsbø. Alle desse frå Førde. Frå Markane var Olina Svarstad Heggdal og Brita Svarstad Heggdal. Leiarar var Anne Therese Kusslid og Anne Marie Svarstad.

Elisabeth Kusslid har satt saman ein video som viser noko av det dei har fått opplevd. (Filmen kan ta litt tid å laste inn)





Resultat Bekkjavatnet 13.8

Postet av Førde Idrettslag den 14. Aug 2025


43 løparar til start på første haust-løpet ved Bekkjavatnet. Løypevinnarar: C kvinner Sigrid Botnen, C menn Anders Mallasvik, B kvinner Julie Daling,B menn Torbjørn Holsen, A menn: Andreas Haug. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her: Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Bekkjavatnet

Neste nærløp vert onsdag 20. august i Gjesdalsdalen, Vassenden. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





O-løp Bekkjavatnet 13.8.

Postet av Førde Idrettslag den 12. Aug 2025

Nærløp orientering onsdag 13. august kl 18.00. Oppmøte Bekkjavatnet, avkøyrsle nærast Førde.  Løyper: Nybyrjarløype på 1,5 km (sjå over), for litt øvde ei C-løype på 2,5 km, litt erfarne ei B-løype på 3,0 km og A-løype på 4,8 km. Velkomen til alle!  Påmelding på Eventor (eller ved frammøte).
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Bekkjavatnet

NB! Det er litt få parkeringsplassar i området. Ber alle som kan samkøyre, slik at vi helst har 2-3 personar i kvar bil. For dei som kjem frå Førde møt på Plantasjen/Sparkjøp kl 1715 - 1730, slik at dei som er åleine kan finne nokon å sitte på med. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




O-aktivitet hausten 2025

Postet av Førde Idrettslag den 10. Aug 2025

Då er haustsesongen her! Etter ein liten pause frå o-aktivitet med trening og nærløp, startar vi opp igjen måndag 11.8. Bildet er frå ein av postane som Gunnar Gytri har hengt ut til treninga måndag kl 18 på Langeland skisenter. Bli med du og! Les meir om kva aktivitet o-gruppa har i haust.

Nyhetsbrev 2-25.pdf

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 




Avlyst løp 6. august

Postet av Førde Idrettslag den 5. Aug 2025

AVLYST LØP 6.8: Grunna svært dårlege verutsikter tysdag og onsdag har klubben tatt avgjerd om å avlyse o-løpet onsdag 6.8. Løpet skulle vere i Førdslia, med mykje skråli og mange bekker/elvar vi frykta vil vekse seg store. Første nærløp etter ferien vert då onsdag 13.8.




Treningsøkt på Flugekartet

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jul 2025

Framme frå venstre: Kaja Osvoll, Ann Kristin Kusslid, Anja Hole og Guilhem Elias. Bak frå venstre: Gunnar Gytri, Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Sjur Skilbrei og Gaute Osvoll. Foto: Knut Even Hole


Onsdag 2. juli hadde O-gruppa trening på Flugekartet for ungdomen som skal på Hovedløpet og O-landsleiren i Sandefjord 1.-6. august. Dei starta økta med oppvarming frå Flugekvam langs traktorvegen inn til start på korridor-orientering. Denne leia dei til start 2 og postplukk tilbake til traktorvegen igjen. Gunnar Gytri hadde laga opplegget, og var med som mentor for ei gruppe av ungdomane. Anja Hole og Guilhem Elias var og mentor for kvar si gruppe. Flott vær og fint terreng gjorde kvelden perfekt, og truleg gav trening ungdomen nokon nye o-tekniske tips. Tusen takk til Gunnar, Anja og Guilhem for hjelpa med treninga. Vi satsar på å ha minst ei økt til med ungdomen før dei setter nasen sørover til nokon kjekke dagar i Sandefjord. 



I år sender Førde IL-Orientering heile 7 ungdomar til HL/OLL, noko som er heilt fantastisk, og kanskje ny rekord? Gjengen reiser samla frå Førde i minibuss. Totalt frå krisen så blir dei 9 deltakarar. Dei som reiser frå Førde er: Kaja og Gaute Osvoll, Ann Kristin og Elisabeth Kusslid, Erlend Husevåg-Lobben, Sjur Skilbrei og Ella Ryste Haugsbø. Anne Therese Kusslid er reiseleiar og sjåfør for gjengen frå Førde. Frå Markane IL reiser Brita og Olina Svarstad Heggdal. Anne Marie Svarstad er med som reiseleiar og krinskontakt for Sogn og Fjordane.




Frivillige Førde Rundt 20. september

Postet av Førde Idrettslag den 1. Jul 2025

Vestland bedriftsidrettskrins arrangerer laurdag 20. september for første gong Førde rundt! Dette er eit breiddearrangement i Førde sentrum, og målet er å få 1000 engasjerte personar til å springe eller gå i løypa i sentrum.
"Vi gjer klar for samhald og aktivitetsglede i 2025!  Vi er inspirert av Energistafetten i Stavanger, New York Marathon og den gode stemninga i Tour de France. Gateløpet er eit folkearrangement for både løparar og publikum. Du kan springe aleine eller saman med vener og familie. Om du ikkje skal springe treng vi deg til å lage fantastisk stemning langs løypa!

Med innsats, samhald og glede skal vi lage ein sikkeleg kjekk og sprek dag i sentrum!"

Bedriftsidretten treng frivillige til å vere med på arrangementsdagen. Det er mange ulike oppgåver som skal dekkast. Det vil bli betalt tilbake dugnadspenger til dei gruppene som er med, så her kan du sikre o-gruppa litt ekstra pengar i klubbkassa. Har du høve til å vere med laurdag 20. september, meld deg på via linken: Frivillig

Meir informasjon om løpet finn du på denne nettsida: Førde rundt




O-løp 25. juni Djupedalen

Postet av Førde Idrettslag den 22. Jun 2025

Onsdag 25. juni vert det nærløp orientering i Djupedalen, nær flyplassen. A-løype: 6,2 km, kart i mål 1:10 000. Kart i målestokk 1:7500 B-løype 3,1 km, C-løype 2,2 km og N-løype 1,1 km. Vegen til arena er bomveg kr 60,-, parkering i ledige oppstillingsplassar (hyttenaboar er varsla om løpet) Det vert merka frå fylkesveg 57, Bygstadvegen. Adresse Arena er Svartetjørnvegen 38. Vi håper flest mogeleg bruker Eventor ved påmelding, men det er også høve til å melde seg på ved frammøte. Velkomen til alle.

Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Djupedalen Bringeland 

Nybyrjarløypa på løpet onsdag 25. juni: 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Frivillig under Førde Rundt

Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2025


Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt 20. september og treng frivillige til ulike arbeidsoppgåver.

Ved hjelp av QR koden eller linken kan medlemmar i Førde IL melde seg på som frivillig, og krysse av for kva arbeidsoppgåve ein ynskje å hjelpe til med. Sparebanken Norge støttar Førde Rundt med midlar til dette som igjen blir delt ut på lag og organisajonar som stiller med frivillige.


Det er og mogleg å delta på løpet som har 3 ulike distansar, 5 og 10km samt halvmaraton. Ein kan springe/gå med eller utan tid. Der er også para-klassar. Flotte premiar til løypevinnar, 1-3 plass i kvar klasse, familiepremie (min 3 i fam.), til beste bedrift (flest km) og ikkje minst uttrekks-premiar bant alle løparane.

Trykk på linken eller skann QR koden for påmelding.





Trening 26.5. og nærløp 28.5.

Postet av Førde Idrettslag den 25. Mai 2025

Trening og morO måndag 26. mai. Langeland skisenter. morO for dei aller yngste, trening for ungdom, og fellesstart med gafling på ei ca. 3 km lang treningsløype for andre. Påmelding. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening


Nærløp onsdag 28. mai. Samlingsplass ved ballbanen på Haugom/Kletten. Merkes fra rundkjøringa på Naustdalsvegen/E5 500 meter vest for Klettentunnellen.

Løyper: A 3,0km, B 2,0km, C 1,6km og N 1,0km. Start mellom 1800 og 1845.
Påmelding via Eventor innen kl. 16.00 arrangementsdagen.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kletten ballbane Haugum


Kretsløp Veten laurdag 31. mai og Markane søndag 1. juni. Denne helga er det også o-troll-leir og ungdomsleir. Meir informasjon og påmelding: 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Krinsløp mellom


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Stor o-aktivitet neste dagane

Postet av Førde Idrettslag den 18. Mai 2025

Mange mogelegheiter til å vere med på orientering dei neste dagane. Bli med. 

Måndag 19. mai: O-trening på Langeland skisenter. mor-O for dei aller yngste, trening for ungdom, og løp med fellesstart for vaksne. Start kl 18.00 (ver der gjerne litt før). Påmelding innan måndag kl 14.00.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening

Onsdag 21. mai: Sunnfjordorienteringa. Støfringsdal, Jølster. Start mellom kl 18.00 og 19.00. Løyper for alle. Påmelding innan tysdag kveld.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Sunnfjordorienteringa 2025

Torsdag 22. mai: Helse Førde stafetten. O-gruppa deltek med rakettløype og stand både på dagtid og kveldstid. Skulle hatt fleire som var med å hjalp til.

Laurdag 24. mai: Breimsbygda arrangerer Rotekoppen på Sårheim, ca 6 km frå Byrkjelo. Start kl 15.00. Fellesstart. Løyper for alle. Påmelding måndag kveld. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Rotekoppen


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Sunnfjordorienteringa onsdag 21.5

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2025

Onsdag 21. mai er det klart for Sunnfjordorienteringa. Dette tradisjonsrike o-løpet vart første gong arrangert i 1963!  Oppmøte i år er Støfringsdal på Jølster. Merka frå E39 Langhaugane, 3 km sør for Vassenden. Kart er Fluge, som vart utgjeve i 2024. Dette vert første løpet på det nye kartet. 

Her litt fleire løyper enn på eit vanleg nærløp, og her melder ein seg på etter alder. Påmeldingsfrist er tysdag kveld på Eventor. Det lettar veldig på vårt arbeid at flest mogeleg nyttar den nettsida. Er det nokon som ikkje får det til, så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på sjølve løpsdagen. 

Meir informasjon om løpet, løypelengder og påmelding gjer du her. 





Helse Førde-stafetten - frivillige

Postet av Førde Idrettslag den 11. Mai 2025

Førde IL Orientering har siste åra stilt på Helse Førde stafetten, og tilbydd rakettløype både på dagtid og kveldstid.

Det er ein liten dugnadsjobb, som også gir litt penger i klubbkassa. Samtidig er vi ute og profilerer orienteringsgruppa og vår aktivitet.

Årets Helse Førde stafett er torsdag 22. mai.
Skal vi klare å gjennomføre dette i år, så treng vi HJELP frå medlemmer i gruppa.

1. På dagtid. 1 eller 2 personar. 182 5-klassingar er påmeldt eit opplegg i og kring sjukehuset denne dagen. O-gruppa har bidratt med ein uteaktivitet, rakettløype. Tidspunkt ca. 10-14. Oppgåve: Hente telt. Sette opp rakettløype. Ha med time-recorder og passe på at det går greitt. Er det nokon som har fri på dagtid og kan hjelpe med dette?

2. På ettermiddag/kveld når Helse Førde stafetten pågår. Ha eit tilbod om rakettløype. Ev. dele ut brosjyrer til foreldre/born om o-idretten. Tidspunkt kl 1700-1930, samt nedrigging av telt/rakettløype når arrangementet er slutt.

Håper at nokon kan vere med. Kan de gje ei tilbakemelding til Yngve Årdal, ardalyngve@gmail.com seinast onsdag 14.5. om de har høve til å vere med. Får ikkje vi nokon til å vere med, spesielt til dagaktiviteten, må vi gje beskjed til arrangør. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 






Fellestur

Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2025

Lørdag 10. mai arrangerer vi fellestur til Halbrendsslølen og Prestestølen. Frammøte på Reset i Halbrendslia kl 10:00. Vi tek den raude turen i årets turorientering i Halbrendslia. Denne dagen får du du dobbel poengskår på alle desse postrane. Det blir og gjeve litt instruksjon i bruk av kart og kompass. Vi stoppar på Prestestølen der det vert enkel servering av kaffi, saft og litt å bite i. Vel møtt til ein hyggjeleg orienteringsdag.




Orientering onsdag 7. mai, ved Førde ungdomsskule

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2025

Nærløp med lagsmesterskap sprint onsdag 7. mai, kl. 1800. Frammøte ved Førde ungdomsskule rett bak Førdehuset. Løypelengder og vanskegrad etter nivå: A-løype 3,1 km, B-løype 2,1 km, C-løype 1,5 km og Nybyrjarløype 0,9 km. Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

NB! Sidan løpet er lagsmesterskap er vi litt meir nøye med info om løypene og utlevering av kart, slik: Løparar i løype A og løype B får karta når dei startar. For C- og N-løypene får løparane karta ved frammøte, og det er som vanleg info om løypene ved oppslag.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 




Orientering måndagar på Langeland

Postet av Førde Idrettslag den 30. Apr 2025

Førde IL Orientering prøver til med o-aktivitet for alle på måndagar på Langeland. Tilbod for alle. Leik og moro for dei yngste, trening for ungdommar, og for vaksne vert det laga til ei o-løype med fellesstart. Etter aktiviteten ønsker vi å få til litt sosialt. Bli med då! Les meir her:

måndags-trening.pdf


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Orientering Flatene skule 30.4.

Postet av Førde Idrettslag den 28. Apr 2025

Nærløp i orientering onsdag 30. april kl 18.00. Frammøte Flatene skule i Førde. Løyper for alle - også dei som ikkje har vore bort i orientering før. Velkomen. Påmelding ved frammøte, eller via Eventor. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri - #enivest 




Orientering Vie 23.4.

Postet av Førde Idrettslag den 21. Apr 2025

Nærløp orientering onsdag 23. april kl 1800 frå Viebøen barnehage. Sprintløp. Lengde og vanskegrad etter nivå. A-løype på 2,5 km, B-løype 1,9 km, C-løype på 1,4 og Nybyrjarløype på 0,9 km. Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 




Overnatting Pinseløpet og O-festivalen

Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2025

Sogn og Fjordane orienteringskrins ønskjer å organisere felles overnatting for klubbane i Sogn og Fjordane på følgjande løp før sommaren. Påmelding er lagt ut i Eventor, klikk på linkane under. 

Merk kort frist: 26. april.

- Pinseløpet på Kongsberg, 7.-9. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6212
- O-festivalen på Geilo, 20.-22. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6213

I tillegg kan det bli organisert noko under O-ringen og Vestlandsmeisterskapen dersom det er interesse. Ta gjerne kontakt om du/dokker har tenkt å reise på desse løpa.

Overnatting blir bestilt ut frå kor mange som er påmeldt ved fristen. Etter dette er det berre mogleg å melde seg på dersom det finst restplassar. Ved for få påmeldte blir det ikkje bestilt noko, så det er viktig at dei som veit dei vil reise melder seg på i tide!




Klart for ny o-sesong

Postet av Førde Idrettslag den 19. Apr 2025

Førde IL Orientering legg opp ein innhaldsrik sesong. Vi har samla opp litt av aktiviteten vår i eit nyhetsbrev. Her finn du oversikt over nærløpa på onsdagar, nyvinninga måndagstrening på Langeland, turorientering, samt mykje anna relevant informasjon om o-sporten. Velkomen til ny sesong!

Nyhetsbrev 1-25.pdf

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 





PÅSKETUR

Postet av Førde Idrettslag den 14. Apr 2025

Då er alle 11 turane og 89 postane publisert i Tur-o appen, på turorientering.no og ute i naturen. Det fine turorienteringshefte med alle kart og turar er no tilgjengeleg på Intersport Førde (Erdal Sport)

I år vil vi anbefale å ta påsketuren uten ski, men med kart og kompass. God påske




Sesongstart Movika 9. april

Postet av Førde Idrettslag den 7. Apr 2025

Førde IL Orientering har sesongstart for nærløp-sesongen onsdag 9. april frå kl 18.00 ved Sunnford Museum i Movika. Løypertil alle nivå. A-løype 3,9 km, B-løype 2,2 km, C-løype 1,6 km og Nybyrjarløype på 1,4 km. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. Det er flott i skogen no, så velkomen til alle! 

Klubben har også tilgjengeleg lagsdrakter, og vi vil ha med eit utval til prøving av storleikar.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




TURORIENTERING

Postet av Førde Idrettslag den 3. Apr 2025

ENDELEG:

Då kan vi presetere 10 av 11 turar i årets turorientering. No er også alle skogsturane på plass. Turen i Sjukehusparken er sett på vent. Vi vurderer å komme med eit nytt spennande konsept, så følg med.

Bilde er frå ein fin post i Masdalen.




TURORIENTERING

Postet av Førde Idrettslag den 28. Mar 2025

Då er dei første postane på plass og aktivisert på nett og i Tur-O appen. Vi tilbyr 6 Grøne turar no pluss heilårsturen på Langeland. Dei øvrige Raude turane i terrenget skal vere på plass i god tid før påske. Vi kan i år tilby fleire spennande nyheiter, som for eksempel fellestur med matservering, kurs i kart og kompass og nytt i Førde sentrum Tur-O High Five. Dette er opplegg i forbindelse med friluftslivets år, enkle postar på stader i Førde for å vise litt fram kva byen har å tilby.



1 Kommentar

Årsmøte 25.2 - årsmelding

Postet av Førde Idrettslag den 18. Feb 2025

Årsmøte Førde IL Orientering tysdag 25. februar 2025 kl 18.00 på FIL-huset.

Sakliste:
1. Godkjenne de stemmeføre.
2. Godkjenne innkalling og sakliste.
3. Val av dirigent og referent 
4. Val av to medlemmer til å underskrive protokoll
5. Behandle årsmelding 2024
6. Behandle rekneskap 2024. 
7. Vedta budsjett 2025.
8. Behandle innkomne forslag (ingen innkomne saker).
9. Val 

Følgjande dokument blir lagt ut på nettsida:
- Årsmelding 2024 med rekneskap 2024 og styrets forslag til budsjett 2025.
Valkomiteens innstilling vert presentert på årsmøtet. 

Med vennleg helsing
Styret FIL-Orientering

Årsmeldinga finn du her:  Årsmelding 2024 .pdf




NYTT I FØRDE

Postet av Førde Idrettslag den 19. Jan 2025

Vi har allereide starta opp Tur-O sesongen 2025. Vi kan i vinter tilby heilårstur frå langeland Skisenter. Vi har hengt ut 15 postar langs løypenettet på Langeland (Gjøsetløypa) Last ned Tur-O appen og bli med. https://www.turorientering.no/next/p/56693/hjem



1 Kommentar

Årsmøte tysdag 25. februar kl 1800

Postet av Førde Idrettslag den 15. Jan 2025

Styret innkallar hermed til årsmøte i Førde IL Orientering.
Årsmøtet blir tysdag 25. februar kl. 18.00 på FIL-Huset, Hafstadparken.

Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 11. februar - epost: knuteh@hotmail.com

Det vil bli vanlege årsmøtesaker. 

Fullstendig sakliste med alle saksdokumenta vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet på https://orientering.fordeidrettslag.no

For å ha stemmerett må medlemmar ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. Velkommen til årsmøte! 

Førde IL Orientering, styret 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-løp Værlandet 25.-27. april

Postet av Førde Idrettslag den 5. Jan 2025

Godt nytt år o-venner. Det er framleis ei stund til 2025-sesongen byrjar utandørs, men alt no er mykje av terminlistene/planlegginga for sesongen på plass. 

Overnatting under Norges Vestlegaste o-løp 25. – 27. april.

Askvoll IL inviterer til 3 dagars o-løp i fantastiske omgjevnadar på Bulandet og Værlandet. 
I tillegg inviterer Førde IL Orientering til O-leir for born 8-12, ungdom 13-18 og eldre ungdom 19-25.

I den samanheng så har arrangøren reservert overnatting til o-leiren på Værlandet Gjesteheim og Bubilparkering. Det er og moglegheit for å reservere ytterlegare eit hus til overnatting om mange melder seg på. Meir informasjon finn du her: 

Askvoll Overnatting under Norges Vestlegaste o-løp.pdf




Førde er årets TurO-arrangør i 2024!

Postet av Førde Idrettslag den 3. Jan 2025

Førde IL Orientering er av Norges Orienteringsforbund kåra til årets TurO-arrangør i 2024! 
- Klubben har levert imponerende kvalitet og engasjement, skriv O-forbundet i sin begrunnelse. 

Frå Norges Orienteringsforbund: Turorienteirng er et fantastisk konsept, takket være våre mange ildsjeler og dedikerte arrangører, som hvert år legger ned en enorm innsats. Deres engasjement gjør TurO til den beste måten å kombinere mosjon og naturopplevelser.
Med så mange dyktige kandidater er det alltid en utfordring å velge ut hvem som skal hedres. Utvelgelsen blir stadig mer krevende, og ofte er det bare små detaljer som skiller de nominerte. 
 Vi er utrolig heldige som har så mange som fortjener en pris – faktisk kunne vi gjerne delt ut enda flere!
 La oss hylle de som gjør en ekstraordinær innsats og løfter TurO til nye høyder.
 
Årets TurO-arrangør: FØRDE IL
 
Årets TurO-markedsfører: Trond Cato Martinsen, Konnerud IL
 
Årets TurO-deltaker:  Arvid Leon Ytterstad, leder og har snart 5697 poster 
 
Begrunnelsen for å velge Førde: 
 
Årets TurO-arrangør 2024:   FØRDE IL !
Vi gratulerer årets prisvinner – en mindre klubb som har levert imponerende kvalitet og engasjement. 
Med morsomme innslag som kubildet på forsiden av TurO-heftet, samt gode fargegraderinger, ryddighet og postbeskrivelser på kart, har klubben klart å skape engasjement og stor turglede.
De tilfredsstiller kriteriene som etterspørres og har hatt en jevn økning siste 3 år.
Klubben gjør TurOrientering morsomt og tilgjengelig for alle. 
En velfortjent pris for en klubb som virkelig sprer turglede og MOR-O!
Vi gratulerer årets prisvinner med en velfortjent utmerkelse!