O-løp 2.juledag er avlyst

Postet av Førde IL Orientering den 15. Des 2021

Dei nye korona-innstrammingane gjer at Førde IL Orientering ikkje kan gjennomføre det tradisjonsrike romjulsløpet 2.juledag. Løpet blir avlyst.

Norges Orienteringsforbund oppmodar klubbane om å følgje dei nasjonale råda kring koronasituasjonen:
"Vi anbefaler å utsette eller avlyse gjennomføring av arrangementer
tilknyttet organiserte idretts- og fritidsaktivitete
r"

Vi kjem til å sjå an om det skulle opne seg mogelegheiter for løp seinare i vinter, tidleg vår. Men dette er noko vi må komme tilbake til. Snøforhold, restriksjonar etc. er avgjerande.

Sjølv om det ikkje blir orienteringsløp 2. juledag, så oppfordrar vi alle til å ta seg ein tur ut i naturen. Det vert aldri feil :)  

PS! Innandørstreningane på Slåtten skule på onsdagar er også avlyst inn til vidare. 





O-posten 2021

Postet av Førde IL Orientering den 10. Des 2021

Då er Førde IL Orientering sin "O-posten 2021" klar. Her vil du finne oversikt over mykje av aktiviteten som har vore i O-gruppa dette året. Takk til alle som har bidratt. 

Du kan lese den her: O-posten haust 2021.pdf




Innetrening på onsdagar

Postet av Førde IL Orientering den 11. Nov 2021

Førde IL Orientering vil ha innetrening i gymsalen på Slåtten skule på onsdagar framover. Første gong vert onsdag 17. november kl 20.00. Allsidig trening som kan vere; sirkeltrening, ballspel og o-teknisk trening. Treningane er opne for medlemmer over 12 år. Velkomen! 




Nattløp 27.10 Blomlia - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 25. Okt 2021

Resultat frå løpet i Blomlia. 

A-lang:
Håkon Grønli 29:34; Mark Purkis 31:52; Anders Grønli  37:11; Anja Hole 37:28;
Gunnar Gytri 42:03; Anders Slåtten 43:04; Torodd Os 50:06, Edvin Helle  58:17 

A-kort:
Kurt Grønli   32:09; Knut Even Hole 45:38; Helge Schei   45:46; Anita Hole  45:46; Anja Sægrov  59:33

----------------------------------

Det vert nattløp onsdag 27.10. Oppmøte ved skisenteret i Blomlia. Løypelengder: A-lang 3 km, A-kort 1,9 km og C-løype på 1,2 km. Start frå kl 19.00. Velkomen til alle.






Premiefest 3.11 - sjå premielista

Postet av Førde IL Orientering den 24. Okt 2021

Etter nattløp i Hafstadparken onsdag 3. november inviterer Førde IL Orientering til premiefest ca. kl 19.
Vi takkar for ein fin o-sesong og då er det mange som fortener premie. Det vert premiering for deltaking på nærløp, lagsmeisterskap og turorientering. Vel møtt til å springe natt-løp eller kome direkte på premieutdeling i FIL-huset. Det vert enkel servering.

Her finn du oversikt over dei som skal ha premie for nærløp og lagsmeisterskap: Premieliste 2021.pdf

Her finn du oversikt over deltakarar i turorienteringa: Tur-O statistikk 2021.pdf





Nattløp på Kinna 20.10.

Postet av Førde IL Orientering den 18. Okt 2021

Nattløpet onsdag 20.10 går som oppsatt i terminlista frå grushola 200 meter før garden Byrkjefloten. 
Ein køyrer av frå Sunde retning Sundsdalen, deretter mot  Kinna, deretter retning Byrkjeflot, inga merking.

Løypelengder: AL 3,3 km,  AK 2,2 km og C 1,6 km. Bildet er frå postdetalj. Ingen snø i terrenget. 
Start frå kl 19.00.  5-10 min å gå i motbakke til start.


Bruk gjerne klokker og legg ut spora på Livelox under klubbløp etter løpet.



5.plass i Blodslitet

Postet av Førde IL Orientering den 16. Okt 2021

Håkon Grønli sprang inn til ein sterk 5. plass under Blodslitet i Fredrikstad laurdag 16.10. Blodslitet vert arrangert som fellesstart, og Håkon brukte 1.16.23 på dei 10,53 kilometerane. Totalt var det med 57 løparar i H15-16 klassen. Blodslitet vart i år arrangert for 53. gong, og totalt var det over 1000 startande fordelt i dei ulike klassane. Vi gratulerer Håkon med ein flott prestasjon! 

Resultat andre Førde-løparar: Kurt Grønli nr 44 i B Åpen 17- og Brita Eilertsen Grønli nr 5 i klasse D75. Sveinung Fristad frå Askvoll vann klasse H85. 

Resultat og løyper kan du sjå her: 

Premieutdeling Blodslitet klasse H15-16.




Lagsmeisterskap natt - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 11. Okt 2021

14 løparar stilte til start på lagsmeisterskap i nattorientering. Resultata finn du her.

--------------------------

Nattløp onsdag 13. oktober med start på Langeland skisenter. Start frå kl 19.00, eller når det er mørkt nok. Løpet er lagsmeisterskap i nattorientering for Førde IL. Tre løyper.  A-Lang 4,0 km, A-Kort 2,6 km og C-Løype 2,0 km. Til dette løpet ønsker vi at flest mogeleg melder seg på via Eventor. Påmeldingslink her:

Velkomen til alle!  




Natt-o-løp 6.10 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 5. Okt 2021

Postskjermane er erstatta av refleks på nattløpa.

Resultat frå løpet:

A-lang 4,0 Km:
1. Håkon Grønli 39,42
2. Gunnar Gytri 49,45
3. Torbjørn Holsen 51,51
4. Anders Grønli 51,53
5. Yngve Årdal 54,54
6. Torodd Os 78,15

A-kort 2,2 km:
1. Marius Dalin 30,49
2. Anja Hole 39,11
3. Knut Even Hole 42,43
4. Lars Jørgen Leknes 50,20
Upl. Anja Sægrov, Brutt
Upl. Jostein Fredly, Brutt

C-løype 1,2 km:
1. Fredrik Haugsbø, Fullført

------------------------------------------------------

Nattløpet i orientering onsdag 6. oktober vert i Sundsdalen. Frammøte Masdal skianlegg. Første start ca kl 20.00 (det må vere mørkt nok...). 

Løypelengder: A-lang 4,0 km.  A-kort 2,2 km.  C-løype 1,2 km

Påmelding ved frammøte. Velkomen! 




Siste innspurt tur-o

Postet av Førde IL Orientering den 3. Okt 2021

Det nærmar seg slutten for turorientering-sesongen. Postane vil henge ute til 10. oktober, så det er framleis høve til ein siste innspurt.

Registrering av postar: Kontrollkodane på postane kan du registrere på turorientering.no. Du kan ta bilde av postane eller skrive ned koden.  Alternativt kan du sende utfylt kontrollkort til Jostein Fredly, Oliverlægda 14, 6810 Førde. Frist for innsending: 20. oktober. 

Orienteringsgruppa har tidlegare gått ut med at dei vurderer turorientering også vinterstid, med ski på beina. Vi har då tenkt ca. 10 postar på Langeland/Bringeland i tilknytning til lysløypene og løypene til Fauskestølen og Gjøset. Og i tillegg 5-6 postar i anna terreng;  f.eks. Masdalsgjerdet/Digernesvatnet. Ein har bedt om tilbakemelding på om dette er eit tilbod nokon kan tenke seg. Så langt har vi fått liten respons. Er dette eit tilbod nokon ønsker, send ei melding til Kurt Grønli (kugroen@online.no) eller Jostein Fredly (jostein.fredly@enivest.net)




Kompetansehelg Orientering

Postet av Førde IL Orientering den 30. Sep 2021

Kompetansehelg Norsk Orientering 30.-31. oktober 2021 
meld dere på innen 30. september!

Norges Orienteringsforbund invitere til en helg med inspirasjon , erfaringsutveksling og faglig påfyll på Quality Airport Hotel Gardermoen!


Vi gleder oss ekstra i år til å møte alle o-entusiaster og håper å se deltakere fra din klubb. Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen.  

  • Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER   
  • Påmelding gjøres i Eventor/forbundsaktiviteter HER Frist 30. september kl 23:59

 

 

 






Start for nattløpa

Postet av Førde IL Orientering den 28. Sep 2021

Onsdag 29.9. startar nattløp-sesongen. Det er planlagt 6 løp i haust, alle på onsdagar. Vi må ha det bra mørkt før start, så starttidspunktet vil variere litt. Denne onsdagen vert det frå kl 19.30. Helge er løypeleggar, og har samlingsplass på Høgda - ved nordenden av Langelandsvatnet. Løypelengder: 3,4 km (A), 2,2 km (A) og 1,1 km (C). Påmelding ved frammøte. Velkomen! Ps! Hugs å sette lykta på lading. 

Dei andre nattløpa er tenkt slik:
Onsdag 6.10. Digernesvatnet
Onsdag 13.10 Bringeland
Onsdag 20.10 Kinna
Onsdag 27.10 Kråkenesmarka
Onsdag 3.11 Hafstadparken

Minner også om løp i Naustdal til helga. Nattløp fredag 1.10 og haustbløyta laurdag 2.10. Sjå nettsida eller Eventor for meir informasjon. 










Nattløp og Haustbløyta

Postet av Førde IL Orientering den 23. Sep 2021

Tambarskjelvar IL arrangerer to kretsløp første helga i oktober.

Fredag 1. oktober vert det nattløp, med start frå kl 19.00. Innbydinga finn du her; Nattløp 2021.pdf
Laurdag 2. oktober går den tradisjonsrike Haustbløyta av stabelen med første start kl 11.00. Innbydinga finn du her: Innbyding Haustbløyta-2021.pdf

Oppfordrar løparar frå Førde til å vere med på desse løpa :) 





Nærløp Førde ungdomsskule - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 21. Sep 2021

26 løparar deltok på nærløpet frå Førde ungdomsskule. Resultata finn du her:

----------------------

Nærløp onsdag 22. september frå Førde ungdomsskule. Start frå kl 18.00.
Løype-lengder: AL: 2,2;  AK: 1,6,  C: 1,2, N: 0,9. Kartbytte på A-lang. 

Kartet over er N-løypa.  Påmelding via Eventor eller ved oppmøte. Velkomen til alle.
 




Kurs i synfaring

Postet av Førde IL Orientering den 20. Sep 2021

NOF, SFOK og Sogndal IL innbyr til kurs i «synfaring og tegning av skolegårdskart».
Kurset er alt førstkomande helg, dvs. 25. og 26. september, og det er framleis mogeleg å melde seg på.
Kurset har fokus på skolegårdskart, men vil også være nyttig for å lage vanlige skogskart.

For overnatting anbefaler vi https://www.vesterland.no/ .
Påmeldte kan ta kontakt for å få rabattert pris på hytter.

Hilsen SFOK v/Christian Frøyd

 


Program:

 LØR 10-17 og SØN 9-16  Kaupanger Skule

ONS 19-21 (2 timer) Kurs via Zoom

 

Foreløpig program:

Lørdag

· Introduksjon til OCAD.

· Tegnetricks

· Oppstart av helt nytt kart.

· Litt om kartnormen og "regler" for å tegne kart.

· Innhenting av kartdata fra WMS.

· Egentid for å utføre det vi har lært.

 

Søndag

· Innhenting av kartdata fra laserpunktsky (LAZ).

· Tips til synfaring.

· Oversikt over nødvendig utstyr til synfaring.

· Innføring i digital synfaring.

· Egentid for å utføre det vi har lært.  

 

Ekstra søndag
På søndag etter kurset går vi raskt gjennom metode for innpass av gamle kart som skal klargjøres for evt. nytegning. Denne delen er frivillig.

 

Onsdag

· Hvordan avslutte og presentere kartet.

· Lage kartutsnitt.

· Tegnetricks.

· Oppsummering av kurset.


Fysisk-kurs-invitasjon-september-og-oktober-2021-1 Sogndal Kurs synfaring 25 26 sept 2021.pdf




Norgescup i Trondheim

Postet av Førde IL Orientering den 18. Sep 2021

Skal ein utvikle seg som o-løpar er det viktig at ein reiser ut av fylket og deltar i konkurransar der ein møter andre løparar på høgt nivå. Anja Hole og Håkon Grønli deltek denne helga på løp i Trondheim. På fredag var det Norgescup sprint der Håkon sprang inn til ein veldig sterk 4. plass av 26 deltakarar i klasse H16, . Anja vart nummer 33 av 50 i klasse D17-18. Laurdag var det o-idol for klasse H16. Håkon gjorde her ein feil på slutten av løpet og valgte å ikkje fullføre. I klasse D17-18 var det norgescup og Anja sprang inn til ein 23. plass av 60 deltakarar. Bildet er frå premieutdeling fredag i klasse H16. 




Nærløp 15.9 frå Sunde skule - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 12. Sep 2021

Deltakarane må vere klar for litt fast underlag under nærløpet onsdag. Bildet viser Håkon Grønli under hovudøp sprint tidlegare i sommar.  


26 løparar deltok på nærløpet på Sunde onsdag 15.9. Postplukk i C-løypa, A-kort og A-lang. Resultata ligg også på Eventor, men strekktidene vert vilkårlege sidan det var postplukk.  16-Resultat Sunde Skule-0150921.pdf

------------------------------------- 

Det er klart for næroløp fra Sunde skole onsdag 15. september kl. 1800.  For N-løperne blir det ei tradisjonell løype på ca. 1,4 km med start og mål nær Sunde skole. For de som skal løpe Lang- , Kort- eller C-løype er starten på Farsundsida, på nordsiden av E39, men mål ved Sunde skole. Disse løperne får utdelt kart i startøyeblikket med inntegnet f.eks. 12 poster og skal ta 9 av disse. Utfordringa blir å velge hvilke poster – i hvilken rekkefølge – mens klokka går. Ved målgang blir det ikke delt ut strimmel med strekktider. Strimmelen beholdes av arrangøren som kontroll på at løperne har besøkt riktig antall poster, og «riktige» poster. All kryssing av E39 skal skje  på gang- og sykkelstien som går under vegen, det gjelder både til start og under løpet. Husk desinfeksjon av brikke før start og ved mål, før brikkeavlesning.

Påmelding via Eventor innen kl. 1400 på løpsdagen. Meld deg på her





Nærløp Langeland 8.9. med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 8. Sep 2021

Nærløp 8. september på var på Langeland skisenter.  

Her finn du resultata (oppdatert 10.9 kl 15.00): 15-Resultat Langeland Skisenter-ny-080921.pdf

Du finn også strekktidene på Eventor på denne linken:




NM sprint og Veteranmesterskap

Postet av Førde IL Orientering den 6. Sep 2021


I helga har det vore avvikla NM sprint og Veteranmesterskap med fleire løparar frå Førde i aksjon.

NM i sprint vart arrangert i Oslo med Heming iL som arrangør. Anja Hole vart fredag nummer 23 i klasse D17. På laurdag var det konckout-sprint, der Anja rauk ut i semifinalen. Ein 15. plass av 49 startande er like fullt ein veldig sterk prestasjon. Anja var einaste deltakar frå Sogn og Fjordane. 

Veterannmesterskapet vart arrangert av Halden o-lag, med fleire løparar frå fylket. Beste plassering frå Førde var 10.plass i H70 til Torodd Os under mellomdistansen.

Veteranmesterskap sprint fredag 3.9.
H85: Nr. 5 Sveinung Fristad, Askvoll og Holmedal.
H70: Nr. 19 Torodd Os, Førde. Nr. 22 Anders Bjørkaas, Askvoll og Holmedal.
H65: Nr. 14 Norvald Ospehaug, Tambarskjelvar.

Veteranmesterskap lang laurdag 4.9.
H85: Nr. 5 Sveinung Fristad, Askvoll og Holmedal.
H75: Nr. 7 Edvin Helle, Askvoll og Holmedal.
H70: Nr. 25 Helge Schei, Førde. Nr. 40 Torodd Os, Førde. Nr. 42 Anders Bjørkaas, Askvoll og Holmedal
H65: Nr. 10 Norvald Ospehaug, Tambarskjelvar.
H35: Nr. 3 Jens Petter Andersen, Fjellhug/Vereide.

Veteranmesterskap mellom søndag 5.9.
H85: Nr 3 Sveinung Fristad, Askvoll og Holmedal
H75: Nr. 5 Edvin Helle, Askvoll og Holmedal
H70: Nr. 10 Torodd Os, Førde. Nr. 28 Helge Schei, Førde. Nr. 37 Anders Bjørkaas, Askvoll og Holmedal
H35: Nr. 4 Jens Petter Andersen, Fjellhug/Vereide
H65: Nr. 14 Norvald Ospehaug, Tambarskjelvar.




Nærløp Kinna 1. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 31. Aug 2021

33 løparar deltok på nærløpet onsdag 1. september. 14-Resultat Kinna Byrkjeflot-010921.pdf

Du kan også finne dei på Eventor, der det også er strekktider. 

--------------------------------- 


Nærløpet onsdag 1. september er på Kinna. Det vert brukt løyper frå KM mellomdistanse. A-lang 3,6 km, A-kort 2,8 km, C-løype 2,2 og N-løype. Merka frå E39 på Sunde.

Påmelding gjer du her. Her kan du også sjå N-løypa og C-løypa. 

Minner også om Rotekoppen som vert arrangert på Breim laurdag 4. september. Oppfordrar løparar frå Førde IL Orientering til å vere med der. Innbyding og informasjon finn du her. 




Resultat KM langdistanse 29.8.

Postet av Førde IL Orientering den 29. Aug 2021

Unge og lovande løparar frå Førde IL og Veten IL.

KM-helga i Førde vart avslutta med langdistanse søndag 29. august. I overkant av 50 løparar stilte til start på Kinna. Løypeleggar Gunnar Gytri hadde laga flotte og krevjande løyper i eit område som sjeldan er i bruk. I dag har vi følgjande klassevinnarar frå Førde IL: Knut Even Hole i B-open; Anja Hole i D17-18, Julie Daling i D50, Brita Eilertsen Grønli i D70, Håkon Grønli i H17-18. 

F-rde-IL-KM-lang-resultat-290821.pdf






Resultat KM mellom

Postet av Førde IL Orientering den 28. Aug 2021

Krinsmeisterskapen mellomdistanse vart arrangert på Kinna laurdag 28.8.  Klassevinnarar frå Førde: A-kort open Knut Even Hole; D17-18 Anja Hole; H17-18 Håkon Grønli; H50 Marius Dalin; H70 Helge Schei. KM held fram med langdistanse søndag 29.9. Same samlingsplass som i dag. Er du framleis ikkje påmeldt, er det høve til å melde seg på ved samlingsplass frå kl 11.00. Første ordinære start søndag kl 12.00.

Fullstendig resultatliste finn du her.

Her kan du sjå strekktidene.

 


 





Ungdomssamling og O-troll leir

Postet av Førde IL Orientering den 24. Aug 2021

I samband med KM-helg i Førde, vert det arrangert to leirar for yngre løparar.  Her skulle vi gjerne hatt med fleire løparar frå regionen. Så er det nokon som har lyst, er det framleis mogeleg å bli med :) 

O-troll-leir for aldersgruppa 7-12 år på Rødekorshytta..
Innbydinga finn du her: Innbyding til o-troll leir i Førde 28-29 august 2021.pdf

Ungdomssamling for aldersgruppa 13-25 år.
Innbydinga finn du her: Innbyding ungdomssamling 27-29 august.pdf

Bli med på ei kjekk orienteringshelg saman med andre unge frå fylket! 




KM helg i Førde

Postet av Førde IL Orientering den 23. Aug 2021

Førde IL Orientering arrangerer KM i orientering førstkomande helg. Laurdag 28. august er det mellomdistanse, medan det søndag 29. august er langdistanse. 

Løpet går på Kinna, merka frå E39 på Sunde. 

Håper at fleire løparar frå Førde vil vere med. Med over 30 løparar på dei fleste nærløpa vi arrangerer, har vi plass til mange lokale løparar. Så bli med. Ordinær påmeldingsfrist er onsdag 25.8 kl 23.59. 

Invitasjon og påmelding finn du her:




Lagsmeisterskap langdistanse - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 23. Aug 2021

37 løparar deltok på løpet onsdag 25. august. Her finn du resultata:

-----------------------------------------

Nærløpet onsdag 25. august har samlingsplass i Blomlia, ved skitrekket. Løpet er lagsmeisterkap langdistanse. Løypeleggar melder om løyper på 5,2 km, 3,0 km, C løype på ca 2 km og N-løype. Velkomen til alle. Påmelding gjer du enklast her: 




2. og 3. plass på Vestlandsmeisterskapen

Postet av Førde IL Orientering den 22. Aug 2021

Vestlandsmeisterskapen heldt fram søndag 22.8 med langdistanse. Førde IL Orientering hadde 3 løparar på start. Håkon Grønli følgte opp sigeren laurdag med 2. plass i dag i klasse H15-16, medan Anja Hole tok ein fin tredjeplass i klasse D17-18. Begge løparane sprang løypa under, 4,6 km. I klasse D70 vart Brita Eilertsen Grønli nummer 4. 






Håkon vestlandsmeister

Postet av Førde IL Orientering den 21. Aug 2021

Håkon Grønli leverte nok eit solid o-løp, då han vart Vestlandsmeister i klasse H15-16 i dag.  

Vestlandsmeisterskapen i orientering vert avvikla i Haugesund-regionen denne helga. Gledeleg er det at Håkon følgjer opp gode resultat frå Hovudløpet, og at han kan smykke seg med tittelen Vestlandsmeister. I klasse D17-18 vart Anja Hole nummer 5. 

Vestlandsmeisterskapen held fram med langdistanse søndag 22.8. 


3100 meter. Klasse H15-16. 







Nærløp Sundsdalen 18. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Aug 2021

42 løparar var med på nærløpet i Sundsdalen. Her finn du resultata:

--------------------------------------------------------------

Nærløpet onsdag 18. august vert arrangert i Sundsdalen. Merka frå E39 på Sunde. Samlingsplass på 4H-plassen ved lysløypa. Løyper for alle. Løypeleggarane melder om A-lang på 5,2 km, A-kort på 2,9 km, C-løype på 2,0 km og N-løype på 1,6 km. Velkomen til alle. Ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor. Påmelding her




Rotekoppen laurdag 4. september

Postet av Førde IL Orientering den 16. Aug 2021

Breimsbygda IL ønskjer velkomen til Rotekoppen 2021 laurdag 4. september. Løpet var opprinneleg sett opp tidlegare i sesongen, men vart då utsett grunna korona-situsjonen. Løpet vert arrangert på kartet Tverrbakkane. Innbyding rotekoppen21.pdf

Du kan melde deg på her. 




Første nærløp etter sommarferien - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 10. Aug 2021



19 løparar stilte til start på løpet i Naustdal onsdag kveld. Resultata finn du her:

----------------------- 


O-løpa startar opp att etter sommarferien!

Nærløp i Kallandsåsen i Naustdal onsdag den 11.august kl. 18.00. Frammøte Byrkjeland, 1 km forbi Jokerbutikken på Kalland mot Fimland. 10 min å gå til start. Det er merka frå rv 5 ved Naustdaltunnelen.

Det vert vanlege løyper med A-lang og A-kort for menn og kvinner, og C- og N-løyper for menn og kvinner. Løypeleggar er Jan Herstad som melder om kanskje litt tøffe A-løyper med mykje vegval. Det er meinte som ei oppkøyring til KM. Det er flott i Åsen med godt underlag og ope terreng.

Løpet vert arrangert i samarbeid mellom o-gruppene i Tambarskjelvar IL  og Førde IL.

Ber om at flest mogeleg melder seg via Eventor, det gjer ein her. Påmelding her:, men det er også mogeleg å melde seg på ved frammøte. Velkomen til alle :) 

 

 

 




8. plass til Håkon under Hovudløpet

Postet av Førde IL Orientering den 4. Aug 2021


Håkon Grønli sprang inn til ein veldig sterk 8. plass i klasse H16 under sprintdistansen i Hovudløpet onsdag 4. august. 

Hovudløp og O-landsleiren for aldersgruppa 14-16 år vert denne veka arrangert av Frol IL. Arena i dag var Levanger sentrum. Med tida 15.51 var Håkon 1,43 bak vinnaren, men opp til tredje plass var det ikkje meir enn 25 sekund. 

Håkon godt fornøgd med dagens løp.

Hovudløpet held fram med langdistanse torsdag 6. august.

Resultat frå Hovudløpet finn du her: 



 





132 ulike løparar på nærløpa

Postet av Førde IL Orientering den 22. Jul 2021

På første del av o-sesongen arrangerte Førde IL Orientering 11 nærløp. Det deltok 132 ulike løparar på desse arrangementa. Det var 495 startande, noko som gir eit snitt på 45 deltakarar. På det meste var det med 58 startande (på to av løpa).

I år arrangerte klubben O-skulen: Deltakar var Jørgen Daling Korsøen, Herman Vold Sæbø, Sigrid Botnen, Ann Karin Solheim Rygg, Theodor Solheim Rygg, Sverre Stubhaug, Heidi Sofia Dahlgren, Morris Asheim og Sanna Sægrov Asheim. På bildet er dei som var med på løpet i Vieåsen, saman med instruktørane Anja Hole og Håkon Grønli.

Litt om haustsesongen. Den startar med løp onsdag 11. august på Ramsdalsheia.

Førde IL Orientering skal arrangere KM mellomdistanse laurdag 28.8 og KM lang laurdag 29. august på Kinna. Håper å sjå mange lokale løparar på desse løpa. 

I samband med KM vert det arrangert O-trolleir på Rødekorshytta på Langeland for dei yngste.
Innbydinga finn du her: Innbyding til o-troll leir i Førde 28-29 august 2021.pdf

Same helga vert det også ungdomssamling for aldersgruppa 16-25 år.
Du kan lese innbydinga her: Innbyding ungdomssamling 27-29 august.pdf

Her finn du terminlista for nærløpa i haust:
Nærløp og andre løp-300321.pdf

Fortsatt god sommar - og velkommen til ein aktiv haust med mykje moro i o-løypene!





Ungdomssamling Langeland

Postet av Førde IL Orientering den 22. Jul 2021

Førde IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til ungdomssamling på Langeland 27.-29. august. Samlinga er for aldersgruppa 16-25 år. Påmelding innan 20.8 via Eventor. Oppfordrar aktuelle løparar frå Førde til å vere med. Innbyding ungdomssamling 27-29 august.pdf

Bilde frå løp i Vieåsen våren 2021. 

 




O-troll leir 28. og 29. august på Langeland

Postet av Førde IL Orientering den 27. Jun 2021

I samband med KM-helg i Førde 28. og 29. august, arrangerer Sogn og Fjordane Orienteringskrins O-troll leir for aldersgruppa 7-12 på Rødekorshytta på Langeland. I skrivande stund er det bra påmelding frå Sogndal, og vi håper at også unge frå Sunnfjord vil vere med :) 

Les meir om leiren her: Innbyding til o-troll leir i Førde 28-29 august 2021.pdf

Bildet er frå tidlegare o-troll leir i Førde i år. Foto: Anja Sægrov 





O-løp 23. juni ved Brevasshytta - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Jun 2021

20 løparar deltok på løpet. Resultata finn du her:

-------------------------------------------------------------------------- 


Sogndal IL og Førde IL orientering inviterer til nærløp i Bøyadalen i Fjærland, mellomdistanse, onsdag 23. juni.

Første start kl 17.00. Fleksibel start fram til 18.30. 10 minutt å gå til start i A-løypene. Start like ved arena i C- og N-løypene.

Frammøtestad/arena: Parkeringsplassen aust for Brevasshytta ved Bøyabreen i Fjærland, Sogndal Kommune.

Løyper og klassar: A-lang 4,4 km. A-kort 3,1 km. C-løype 1,9 km. N-løype 1,1 km. Det er inndelt ei klasse for kvinner, og ei for menn i kvar av løypene.  Kart: Bøyadalen M: 1. 7 500. Utgitt 2014.

Kartet har framleis høg kvalitet, men nokre parti er prega av til dels sterk tilvekst av buskar og tre, og litt meir stein i dei opne skred-områda. Løypeleggar har difor lagt  trasèar og postar i samsvar med dette for å sikre at løparane kjem gjennom utan at slump-momentet får vesentleg innverknad. Det vil ved frammøte vere kartoppslag som  viser terrengdelane med størst avvik i høve til vegetasjon. Terrenget har i trasèane middels til god løpbarheit.

Påmelding på Eventor innan kl 12.00 løpsdagen. Eller på e-post til torodd.os@enivest.net innan kl 22.00 dagen før (tysdag). Vi tillet etterpåmelding/direktepåmelding i alle klassar på  arena, men oppfordrar alle om å melde seg på via Eventor eller på e-post innan dei oppgjevne fristane. Dette er av ressurs- og miljømessige omsyn. Meld deg på her:

Stemplingssystem: Emit. Brikke kan eventuelt leigast av arrangør ved frammøte.
Premiering: Ingen premiering på løpsdagen, løpet inngår i samla opplegg for premiering dei to laga har for sine respektive nærløp.

Smittevern: Vi følgjer NOF og FHI sine retningslinjer.

Løpsleiarar: Christian Frøyd, Sogndal IL og Helge Schei, Førde IL
Løypeleggjar: Magnus Sandven, Sogndal IL





Nærløp 16.6 Djupedalen - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 13. Jun 2021

26 løparar deltok på nærløpet i Djupedalen onsdag 16. juni. Resultata finn du her.

Det vert også løp onsdag 23. juni kl 18.00. Det går i Bøyadalen i Fjærland. Håper løparar frå Førde tek turen. Påmelding til løpet her.

----------------------------------------------- 

Nærløp onsdag 16. juni kl 18.00 frå Djupedalen. Løypelengder: A-lang  5,4 km og 15 postar, A-kort 3,4 km 10 postar, C-Løype 2,7 km 10 postar og N-Løype 1,5km 7 postar.  Den lengste løypa har kart 1:10 000, dei andre 1:7500. 

Frå Førde køyrer ein forbi avkøyrsla til flyplassen, og etter ca 300 m tar ein av til høgre (merka). Djupedalsvegen er bomveg, og kr 50,- betaler ein med vipps. Adressa for løpet er Svartetjørnsvegen 38. Parkering: Parker langs vegen, men viktig at ein ikkje stenger tilkomsten til hyttene i området.

Ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor.  Klikk her. Velkomen til spennande løyper og flott terreng i Djupedalen. 



 






Vellukka O-troll-leir på Langeland

Postet av Førde IL Orientering den 13. Jun 2021

Det vart arrangert O-Troll-leir på Langeland laurdag 12. juni  Det var med 15 unge og lovande i alderen 8-11 år frå klubbane Førde IL og Sogndal IL. Mykje aktivitets-glede gjennom leik, foto-O, stjerne-O, rakettløype og myrfotball. Nokre forlot Langeland meir fornøgd med gjørmebad enn myrfotbal. Instruktørar frå Førde IL var Anja, Håkon og Julie. (Foto: Anja Sægrov).




Ungdomssamling 12-20 år

Postet av Førde IL Orientering den 9. Jun 2021

Førde IL, IL Veten og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer ungdommar i alderen 12-20 år til samling på Utvikfjellet laurdag 19. og søndag 20. juni. Leir og samling er open for deltakarer frå Sogn og Fjordane. Oppfordrar løparar frå Førde om å vere med på samlinga. Meir informasjon finn du her:  Innbyding til o-samling på Utvikfjellet 19-20 juni 2021.pdf





Nærløp 9. juni i Solheimsdalen - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 7. Jun 2021

40 løparar deltok på nærløpet i Solheimsdalen. Resultata finn du her:
Neste nærløp er onsdag 16. juni i Djupedalen ved flyplassen.

--------------------------------------------------------------------------

Nærløpet onsdag 9. juni er inst  i Solheimsdalen. Start frå kl 18.00. Køyr så langt som vegen kan gå, parkering på siste garden. Parkeringsavgift kr 20,- som kan betalast kontant eller med Vipps. Det er ca 400 meter å gå til start. Løypelengder: A-lang 4,8 km, A-kort 2,8 km, C-løype 1,7 km og N-løype 1,2 km. Ta turen då! Ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor på førehand, det gjer du her.





Fleire krinsmeistrar frå Førde

Postet av Førde IL Orientering den 5. Jun 2021

KM sprint vart arrangert på Kaupangerskogen laurdag 5. juni, og Førde IL fekk fleire krinsmeistrar. To av dei var Anja Hole i klasse D17 og Håkon Grønli i klasse H17 (bildet). For å sjå nokre av løypene og fullstendig resultatliste, følg denne linken.

Det vert også arrangert løp i Sogndal søndag 6. juni, med start frå kl 11.00.





Nærløp 2.6 i Naustdal - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 30. Mai 2021

40 løparar deltok på nærløpet i Helgåsmarka 2. juni. Løpet var også lagsmeisterskap mellom for Førde IL orientering. Krevjande løyper på eit godt nyrevidert kart. Resultatlista finn du her: 

Neste nærløp er onsdag 9. juni frå Solheimsdalen.

Minner også om orienteringshelg i Sogndal førstkomande helg, med løp både laurdag og søndag.

--------------------------------------------------------------------------------------------- 

Nærløpet onsdag 2. juni vert arrangert i Helgåsmarka i Naustdal¨med Tambarskjelvar IL som arrangør. Nyrevidert kart. Merka frå Rv5 frå brua i Naustdal sentrum. Dette løpet er også lagsmeisterskap mellom for Førde IL Orientering. Løypelengder: N-løype 1 km, C-løype 2 km, A-kort ca  3 km og A-lang ca. 4 km. For dei tre lengste løypene er det ca. 1 km å gå til start. Ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor. Meld deg på her. 





Bli med på turorientering

Postet av Førde IL Orientering den 26. Mai 2021

Bruk sommaren til å gå turorientering. Det er laga til eit flott opplegg med turar kring Førde. Ulike kart, vanskegrad og terreng. Her er noko for ein kvar smak. Karta kan lastast ned på turorientering.no/forde, eller kan kjøpast på Intersport (Erdal Sport). Du finn meir informasjon her:  Turorienteringa i Førde 2021.pdf

Bildet er frå ein post som ligg i nærleiken av flyplassen. 





Nærløp onsdag 26.5 ved flyplassen - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 24. Mai 2021

58 løparar deltok på nærløpet onsdag 26.5. Her finn du resultatlista, der du også kan sjå strekktidene.

Neste nærløp vert onsdag 2. juni kl 18.00 i Helgåsmarka i Naustdal. Løpet er lagsmeisterskap for Førde IL.

--------------------------------------------------------------------


Nærløp onsdag 26. mai kl 18.00 frå nær Førde lufthamn. Parkering på velteplass ca 200 meter før flyplassen. NB! Vis omsyn ved parkering, vegen må ikkje sperrast, sidan dette er ein utrykningsveg for flyplassen. Køyr gjerne fleire i samme bil.

Løyper: N-løype 1,5 km, C-løype 1,7 km, A-kort 3,4 km, A-lang 5,2 km.

Påmelding: Ønsker at flest mogeleg førehandspåmelder seg på Eventor. Dette grunna korona-situasjon, men også grunna planlegging med kor mange kartutskrifter ein treng. Meld deg på her:





Kombiner ferie og orientering

Postet av Førde IL Orientering den 21. Mai 2021

Ingen veit heilt korleis sommaren blir i forhold til nasjonale o-arrangement. Mange arrangørar håpar det skal vere mogeleg å arrangere, og har påmeldinga open. Eitt av desse løpa er 4-dagars løp på Geilo 29. juli til 1. august. Invitasjon til det løpet finn ein her: "Geilo 4-dagers"

Sjå gjennom Eventor for å finne andre sommarløp som du kan springe i sommar :)
Det er alltid kjekt å oppleve nye terreng og konkurrere mot andre løparar. 






Orienteringshelg 4.-6. juni i Sogndal

Postet av Førde IL Orientering den 21. Mai 2021

Sogndal IL og Sogn og Fjordane orienteringskrins har mange o-arrangement helga 4.-6. juni. Det er o-troll leir, krinsleir for aldersgruppa 13-20 år, samt KM sprint og mellomdistanse-løp. Sjå dei ulike innbydingane, og vi oppfordrar mange til å ta turen til Sogn denne helga. 





Endringar krinsløp - Rotekoppen utsatt

Postet av Førde IL Orientering den 18. Mai 2021

Grunna korona-situasjonen blir det endringar i krinsløpa som kretsen har planlagt.

Rotekoppen som Breimsbygda skulle arrangere laurdag 29. mai vert IKKJE arrangert den dagen. Ein ser etter ny aktuell dato på eit seinare tidspunkt i sesongen. 


Sogn og Fjordane Orienteringskrets informerer om følgjande aktivitet som no er planlagt:

5. juni: KM sprint i Sogndal
6. juni: mellomdistanse Sogndal
4-6 juni: Samling ungdom og jr i Sogndal
5-6 juni: O-troll i Sogndal
12. juni: O-troll i Førde
25-27 juni: Ungdom og jr samling i forbindelse med O-festivalen.






Nærløp onsdag 19.5 ved Førde Vassverk - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 17. Mai 2021

Heile 56 løparar deltok på nærløpet i Sundsdalen i kveld. Det er rekord for året. Her finn du resultata:

Nærløpet onsdag 26. mai vert arrangert i nærleiken av Førde lufthamn, Bringeland.  


-----

Nærløpet onsdag 19. mai vert arrangert frå Førde Vassverk i Sundsdalen. Start frå kl 18.00. Løypeleggaren har brukt deler av nasjondagen til ein tur i skogen, og kan melde om flotte forhold. Løypelengdene er:  A-lang 4,9 km, A-kort 3,5 km, C-løype 1,8 km og N-løype 1,4 km. 

Vi ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor. Dette ut frå smitteomsyn, men også ut frå førebuingar med kor mange kart som skal printast til løpet. Meld deg på her.


Dette arrangementet er ein del av Verdens Orienteringsdag. Dette vert arrangert hvert år av det internasjonale orienteringsforbundet (IOF), første gang 11. mai 2016 med stor suksess og over 250 000 deltakere i mer enn 80 land. I 2020 ble arrangementet avlyst internasjonalt på grunn av koronapandemien, men allikevel fikk ca. 40 norske klubben gjennomført lokale WOD-arrangementer med over 7 000 deltakere. I 2021 håper vi igjen på å nå målet om minst 250 arrangementer og 40 000 deltakere! 

Hovedmålet med tiltaket er å gi flest mulig barn og unge i hele verden spennende og inspirerende orienteringsopplevelser og å gjøre idretten kjent for flere.

Last ned opplæringsfolderen "Orientering på 1-2-3" - som er perfekt til opplæring. Den finn du her:

Velkomen til alle! 

 




Nærløp 12. mai i Vieåsen - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 11. Mai 2021

48 løparar deltok på løpet i Vieåsen onsdag 12. mai.
Resultat og strekktider finn du her:

Neste nærløp vert onsdag 19.5 ved Vassverket i Sundsdalen.


Nærløpet onsdag 12. mai i Vieåsen kl 18.00.
Oppmøte ved ballbana ved barnehagen.
Løypelengder: N-løype 1,1 km, C-løype 2,3 km, A-kort 2,6 km og A-lang 4,0 km.
O-skule frå kl 17.15. 








O-troll leir laurdag 12. juni

Postet av Førde IL Orientering den 7. Mai 2021

Førde IL orientering inviterer til «dagsleir» laurdag 12. juni i Sundsdalen (ca 5 km nord for Førde). Leiren er tilpassa aldersgruppa  9-13 år og vil innehalde leikbasert trening. Sjå program og innbyding her: 

invitasjon O troll leir21.pdf




Nærløp onsdag 28. april - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 26. Apr 2021

45 deltakarar på Nærløpet onsdag 28. april. Resultata finn du her: 

-------------------------------

Nærløpet onsdag 28.4 vert arrangert ved "dynamittlageret" på Gaularfjellvegen. Merka frå Moskog, ca. 2-3 km mot Holsen. O-skule frå kl 17:15. Nærløp frå kl 18:00. Det vert meldt om temmeleg tørt terreng, utan snø.

Løypelengder: 
N-løype 1,6 km
C-løype 2,2 km
A kort 2,9 km 
A lang 4,5 km

Vi ønsker at flest mogeleg melder seg på via Eventor. 






Sunnfjordorienteringa onsdag 5. mai - med resultat og kart til N-løypa

Postet av Førde IL Orientering den 22. Apr 2021

52 løparar deltok på Sunnfjordorienteringa. 

Resultata finn du her: 

05-05-21 Soleide Sunnfjordorienteringa.pdf

Det var stor deltaking i N-løypa som gjorde til at vi måtte ta inn nokre kart så alle fikk bli med.

Legg ved kartet så de kan laste det ned her: Sunnfjord-O 2021.4.pdf

----

Sunnfjordorienteringa 5.mai på Soleide er egentlig et vanlig nær-o-løp hvor vi inviterer løpere fra andre klubber, derfor kalles løpet også kretsløp.

Løpsleder håper spesielt at alle som deltok i N- og C-klassene onsdag på nær-o-løpet i Ulvedalene, og mange flere, melder seg  på til Sunnfjordorienteringa.

Påmelding bør fortrinnsvis skje via Eventor (klikk her), men kan også skje til torodd.os@enivest.net eller til løpsleder (kugroen@online.no) , ikke senere enn i løpet av tirsdag 4.mai. Husk å oppgi klasse, og brikkenummer hvis du har egen brikke.

Se fullstendig innbydelse publisert 22.april: Sunnfjordorienteringa 2021.

Det kan bli trangt om parkeringsplassene, så kjør kollektivt eller bruk sykkel, også av hensyn til miljøet.

Det blir ingen o-skole onsdag 5.mai.

Løypelegger, Helge Schei, er klar med spennende og utfordrende løyper.

Vel møtt.

---------------------------------------------------

PM for Sunnfjordorienteringa 

Kart og terreng: Kartet er nytt i 2020, revidert 2021.  Terrenget er variert, moderat kupering, lettløpt dei fleste stader, men har parti med tett vegetasjon og steinete grunn. Der er mange stiar, men nokre korte stiavsnitt/dyretrakk er ikkje med på kartet. 

Start 1. C- og N løypene. Merking  70 meter vestover frå samlingsplass.

Start 2. A-løypene. Merking 150 meter nordøst frå samlingsplass. Det er litt trangt til, og ved starten, så vi tilrår oppvarming ved samlingsplass/parkering. 

Det er fri start. Vi oppfordrar til god sportsånd, og ber deltakarane spesielt i A-løypene, om ikkje å starte for tett etter einannan. 

----------------------------------------------------------------------------- 




Nærløp Sprint Halbrend skule 21. april - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 17. Apr 2021

42 deltakarar deltok på Nærløpet på Halbrend skule. Her finn du tidene (klikk på link) Resultater: 

Neste løp vert onsdag 28. april. Ca 3 km frå Moskog, retning Holsen. Merka frå Moskog. 


Nærløpet onsdag 21. april er sprintløp med relativt korte løyper. Start og mål er på skuleplassen ved Halbrend skule. 

Som vanleg for nærløpa er det ved dette sprintløpet løyper som vil passe for alle: 

  • N-løype på 0,6 km, med 7 postar
  • C-løype på 0,9 km , med 8 postar
  • A-kort løype på 1,2 km, med 10 postar
  • A-lang løype på 1,8 km, med 14 postar

I A-løypene er det enkelte strekk som går i skogsterreng. Dei andre løypene går berre på sti, veg eller fast underlag. Fri start i alle løypene frå kl.18:00.

På grunn av korona-restriksjonar ber vi om at flest mogleg melder seg på i Eventor (trykk linken).

Sjå også Smittevernreglar for FIL Orientering





Nærløp i Movika 14. april - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 6. Apr 2021

40 deltakarar på nærløpet onsdag 14. april. Her finn du resultata:  Resultatliste


Ventetida er over! Onsdag 14. april kl. 18.00 startar nærløpssesongen for Førde IL - Orientering ved Sunnfjord museum i Movika. 

Det er i skrivande stund litt snø i terrenget, men vi reknar med at den skal forsvinne slik at det skal gå greitt å arrangere løpet. 

Som vanleg har nærløpa løyper som passar for alle: 

  • N-løype for nybegynnarar på 1,1 km
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget - 1,8 km
  • A-lang (3,3 km) og A-kort (2,4 km) for dei vidarekommande.

Grunna korona-restriksjonar oppmodar vi flest mogeleg til å melde seg på i Eventor (trykk linken). 

Turorientering: Representantar frå turorientering vil vere til stades. Dei har klart  4 ulike "grøne løyper", dvs. enkle løyper med gode ledelinjer. Område i år er: Slåtten, Vieåsen, Mo jordbruksskule og Halbrend. Dei vil dele ut gratis kart til desse løypene. Frå tidleg mai er det mål om å ha klart andre løyper i turorienteringa. Kjem tilbake med meir info når det er klart.  

O-skulen: Hugs også o-skulen for aldersgruppa 8-12 år, som startar denne kvelden kl 17.15. Påmelding her: O-skulen 2021





Nærløps-oversikt 2021

Postet av Førde IL Orientering den 3. Apr 2021

Første nærløp i 2021-sesongen vert onsdag 14. april i Movika.

Med gode rutinar kan vi arrangere o-løp sjølv i korona-tider. Å springe orientering er ikkje seg sjølv forbunde med vesentleg smittefare, all den tid det er ein individuell idrett og alle spring for seg sjølv utandørs.  Minner likevel om desse reglane som alle må følgje: 

 

- Påmelding til løp skjer kun på førehand til Eventor; eventor.orientering.no
Ved start på sesongen er det ikkje mogleg å melde seg på løpet ved arena.
- Deltakaren skal ikkje opphalde seg på arena lenger enn nødvendig.
- Avstandsregelen på 1 meter til alle som ikkje bur i same husstand.
- Ikkje bli ståande på posten etter du har stempla. Treng du tenkepause så trekk nokre meter vekk frå posten.
- Ta med eigen drikke/mat.
- Alle skal spritvaske hender før ein startar løpet.
- Etter målgang skal hender og brikke spritvaskast før brikkeavlesing.
- Hugs at ein ikkje skal stå tett saman etter gjennomført løp og diskutere kart og vegval.  Ikkje bli verande unødvendig på arena. Forlat arena så snart som mogleg.

For å unngå oppsamling på samlingsplass, oppfordrar vi flest mogleg om å kjøpe sesongkort på førehand; kontonummer 3700.07.15094.
Eventuelt betaling av enkeltløp/sesongkort på arena: VIPPS til 103618.


Startkontingent 2021

Barn t.o.m. 17 år

Vaksne

Sesongkort

Kr 200,-

Kr 500,-

Enkeltløp

Kr 40,-

Kr 60,-

Brikkeleige (Emit)

Gratis

Kr 40,-.

Brikke. Stemplingsbrikke (Emit) vert brukt for både tidtaking og til å kontrollere at løparen har vore på riktig post. Om ein ikkje har eiga brikke, kan ein låne/leige ved påmelding til løpa.

Vedlagt ligg oversikt over alle nærløpa som Førde IL Orientering er involvert i, oversikt over krinsløp i Sogn og Fjordane, samt nokre nasjonale løp.  Sjå link under. 

Nærløp og andre løp-300321.pdf






O-skulen startar onsdag 14. april

Postet av Førde IL Orientering den 31. Mar 2021

Førde IL Orientering vil i år igjen arrangere O-skulen for aldersgruppa 8-12 år. På O-skulen vil du få innføring i kart og kompass, og korleis du kan bruke dette i orienteringssporten. Du treng ikkje ha noko kunnskap om dette frå før. Har du interesse for å lære deg ein ny spennande idrett, er du hjarteleg velkomen til oss. All aktivitet vil vere utandørs.

O-skulen blir arrangert fem onsdagar på rad, med oppstart onsdag 14. april på Sunnfjord Museum i Movika. Tidspunktet er kl 17.15 – 17.45. Onsdag er også dagen for nærløp i Førde IL Orientering, og O-skulen vil gå på same stad som nærløpa. Desse har start kl 18.00.

Instruktørar vert to av våre unge, lovande o-løparar: Anja Hole og Håkon Grønli.

Påmelding til O-skulen skjer til: Anders Grønli, epost: anders.gronli@enivest.net
Vi treng namn og etternamn, samt fødselsdato.

Deltakaravgift kr 300,-, som også inkluderer ein rekruttpakke. Innhaldet i den er ei personleg orienteringsbrikke og tommelkompass, som ein får behalde når kurset er gjennomført. Ein må vere medlem i Førde IL for å vere med.

Orienteringsgruppa rettar seg etter smittevernreglane som gjeld for Covid-19, og det vil fortløpande bli vurdert kor mange deltakarar ein kan ha med. Vi ønsker å finne ei løysing der alle som vil skal få høve til å delta.

PS! Skulle det vere interesse for andre få ei innføring i O-sporten, så vis gjerne interesse med å melde seg på til same adressa som ovanfor, så skal vi sjå kva vi kan få til.

O-skulen startar onsdag 14. april. 





Årsmelding 2020 - Førde IL Orientering

Postet av Førde IL Orientering den 22. Feb 2021

Årsmelding 2020 for Førde IL Orientering er klar, og kan lastast ned i linken nedanfor:

Årsmelding 2020.pdf

Denne og tidlegare årsmeldingar finn du også i mappa Årsmeldingar under Filarkiv-fana på heimesida her.




Merke og plakett utdeling Tur-O

Postet av Førde IL Orientering den 21. Feb 2021

Mandag 1/3-21 kl 1800 vert det utdeling av merker og plakett til deltakere som har oppnådd dette i 2020.

Stad: Inngangshallen på FIL-Huset.

Merker blir delt ut til deltakere som har oppnådd gull, sølv eller bronse for første gang, og plakett til dei som har oppnådd gull krav 5, 10, 15 osv gonger opp gjennom åra.

Liste over deltakere med oppnådd merke/plakett her: Deltakerliste 2020.pdf


Vel møtt!





Årsmøte 2021 - Saksliste

Postet av Førde IL Orientering den 9. Feb 2021


Sakslista til årsmøtet 15. februar er no klar, og kan lastast ned her: Sakliste til årsmøte i FIL Orientering.pdf

Årsmelding med regnskap, budsjett og tiltaksplan er ikkje ferdigstilt, men vil bli lagt ut på nettsida når dette er klart. 






Innkalling til årsmøte 2021 - Førde IL Orientering

Postet av Førde IL Orientering den 22. Jan 2021

VIKTIG: I henhold til forskrift om smitteverntiltak pr 21. januar 2021 vil årsmøtet bli gjennomført med maksimalt 10 personarFor å sikre ei forsvarleg gjennomføring er førehandspåmelding nødvendig.

Påmelding sendast til knuteh@hotmail.com


Styret kallar inn til årsmøte i Førde IL - Orientering.

Årsmøtet vert måndag 15. februar kl. 18.00 på FIL-huset i Hafstadparken.

Saker som eit medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 1. februar til knuteh@hotmail.com

Det vil bli vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet på nettsida vår: https://orientering.fordeidrettslag.no/

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlem under 15 år har møte- og forslagsrett.


Med vennleg helsing

Styret Førde IL - Orientering

Årsmøteinnkallinga kan lastast ned her: Innkalling årsmøte 2021.pdf