Nærløp i Movika 14. april - med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 6. Apr 2021

40 deltakarar på nærløpet onsdag 14. april. Her finn du resultata:  Resultatliste


Ventetida er over! Onsdag 14. april kl. 18.00 startar nærløpssesongen for Førde IL - Orientering ved Sunnfjord museum i Movika. 

Det er i skrivande stund litt snø i terrenget, men vi reknar med at den skal forsvinne slik at det skal gå greitt å arrangere løpet. 

Som vanleg har nærløpa løyper som passar for alle: 

  • N-løype for nybegynnarar på 1,1 km
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget - 1,8 km
  • A-lang (3,3 km) og A-kort (2,4 km) for dei vidarekommande.

Grunna korona-restriksjonar oppmodar vi flest mogeleg til å melde seg på i Eventor (trykk linken). 

Turorientering: Representantar frå turorientering vil vere til stades. Dei har klart  4 ulike "grøne løyper", dvs. enkle løyper med gode ledelinjer. Område i år er: Slåtten, Vieåsen, Mo jordbruksskule og Halbrend. Dei vil dele ut gratis kart til desse løypene. Frå tidleg mai er det mål om å ha klart andre løyper i turorienteringa. Kjem tilbake med meir info når det er klart.  

O-skulen: Hugs også o-skulen for aldersgruppa 8-12 år, som startar denne kvelden kl 17.15. Påmelding her: O-skulen 2021



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline