Nærløp Masdalen 4/9 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 30. Aug 2019

Resultat frå nærløpet: Resultat Masdal-lysløypa-040919.pdf

Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=11912&groupBy=EventClass


OBS! Endra stad! Onsdag 4. september klokka 18.00 vert det arrangert nærløp i orientering. Oppmøte ved lysløypa i Masdalen i Sundsdalen, altså same stad som forrige onsdag. Sjølv om staden er den same, vert løypene lagt ein heilt ny plass denne onsdagen.

For å komme dit køyrer du mot Sundsdalen i krysset E39/Fv482 (Sundsdalskrysset). Vegen er merka med o-skjermar frå E39.

Grendalaget i Sundsdalen har ei oppfordring om (frivillig) parkeringsavgift.

Denne kan betalast med vipps på nr. 103904, eller ved å søke på Sunde krins grendalag. Der ligg det ein meny for å velje betaling for m.a. parkering. Prisen er kr 35 per bil.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding i Eventor.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.


Velkommen til alle interesserte!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.