Nærløp Angedalen skule 22. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 13. Aug 2018

Resultat: 14-Resultat Angedalen skule-220818.pdf

Nærløpet onsdag 22. august går på kartet Grimelandshaug, med Angedalen skule som arena.  Kartmålestokken er 1:7500 (A-løyper) og 1:5000 (C-løype).  N-løypene går på kartet Angedalen skule med målestokk !:3000.  Merk at for A- og C-løypene er det 15-20 minutt å gå til start.


Kartet Grimelandshaug vart laga til den nasjonale O-trollfinalen, som Førde IL arrangerte i 1984. Seinare er kartet digitalisert og oppdatert fleire gonger. Siste oppdatering nå i sommar.

Terreng og løpbarheit: Kartet omfattar eit område med mange terrengtyper, frå flate, opne myrar til bratte skrålier med tette granplantefelt.  Det er enkelte område med steingrunn (bukkemark), som ikkje innbyr til stor fart.  I kombinasjon med tett vegetasjon nærmar dei seg det som i den nye kartnorma blir klassifisert for «kamp». Dvs. område som er nesten upasserbare og som du må kjempe deg gjennom. Fleire plassar ligg det også ein del vindfall (stormfelte tre). På kartet er slike utfordrande område markert slik: 


Løyper:  Nærløpa i orientering har løyper som passar for alle, både nybegynnarar og erfarne o-løparar.  Onsdag 22. august tilbyr vi desse løypene:

  • N-løype for nybegynnarar, 1 km med 9 postar
  • C-løype for litt vidarekomne, 1,9 km med 8 postar
  • A-lang og A-kort for erfarne o-løparar. A-lang 5 km 16 postar.  A-kort 3,2 km 8 postar.

Påmelding på arena løpsdagen, men spar tid ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.