Innbyding til Hovudløpet og O-landsleiren på Tynset i Østerdalen 2. til 7. august.

Postet av Førde IL - Orientering den 22. Jun 2019

Her er innbyding til Hovudløpet og O-landsleiren på Tynset i Østerdalen 2. til 7. august. HL/OLL er aktuell for dei som fyller 14, 15 eller 16 år i år.

Påmeldingsfristen er allereie førstkommande måndag (24.06. kl. 23.59). Påmelding i Eventor.

Invitasjonen kan lastast ned her: Innbyding HL-OLL 2019.pdf



0 Kommentar

50 orienteering maps - Bok med 50 o-kart frå heile verda

Postet av Førde IL - Orientering den 14. Jun 2019

Gunnar Gytri har bidratt i ei bok med 50 o-kart frå ulike land. Utgivaren er ein fransk orienteringsløpar med ein sterk lidenskap for orienteringskart.

Link til websida: https://50orienteeringmaps.wordpress.com/ 

Liste over kart i boka (FIL sitt kart er nr 17): https://50orienteeringmaps.wordpress.com/maps/


Gunnar kan ta opp bestilling på bøker fram til 1 juli. For bestillinger som gjerast via FIL Orientering og Gunnar er prisen 22 euro + transportkostnader. Denne kostnaden går ned om fleire kjøper saman.

Interessert? Send ein mail til Gunnar: gunnar.gytri@enivest.net 


0 Kommentar

Nærløp ved Etterli, Sundsdalen 26. juni - med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 6. Jun 2019

Onsdag 26. juni klokka 18.00 er det siste nærløp før sommarferien, og o-gruppa arrangerer orienteringsløp ved Etterli i Sundsdalen. Sjå kart nedanfor. Vegen er merka med o-skjermar frå E39. 

RESULTAT: Resultat Etterli 260619.pdf

EVENTOR: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=11758&groupBy=EventClass 

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehåndspåmelding til løpet i EVENTOR.

Velkommen!




0 Kommentar

Nærløp Djupedalen onsdag 19. juni klokka 18.00

Postet av Førde IL - Orientering den 6. Jun 2019

 


Resultat: Resultat Djupedalen 190619.pdf

Nærløpet onsdag 19. juni vert arrangert ved Djupedalen Hyttefelt. Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Vegen til Djupedalen er bomveg (kr 50,-). Det er mogleg å betale med Vipps (106558).

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!


0 Kommentar

Nærløp Langelandshøgda 13. juni - med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 3. Jun 2019

Sidan Helse Førde-stafetten vert arrangert onsdag blir vekas nærløp flytta til torsdag 13. juni. 

Denne kvelden arrangerer FIL orientering nærløp ved Langelandshøgda, på austsida av E39. (Sjå kartet nedanfor)

Fri start frå klokka 18.00.

Resultat: Resultat Langelandshøgda 130619.pdf

Resultat frå Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11656 

Velkommen til alle store og små som ønsker å prøve ein spennande idrett!

På nærløpa finn du løyper for alle nivå, enten du er nybegynner eller erfaren orienteringsløpar!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Påmelding ved frammøte, men vi vil gjerne oppfordre så mange som mogleg til å melde seg på løpet i Eventor. Dette er heilt gratis, og det tar kort tid for deltakarane å registrere seg. Registeringsarbeidet før og under løpet vil då bli enklare og spare tid for alle på løpsdagen. 

På Eventor finn du også mange andre nyttige opplysninger, blant anna kan du lage din eigen personlege vegbeskrivelse.

Vi sees!


0 Kommentar

Eventor - Bruksanvisning

Postet av Førde IL - Orientering den 2. Jun 2019

FIL Orientering nyttar Eventor som håndterar terminlister, påmelding, resultat og rapportering av orienteringsløp i Norge. Eventor kan brukast av alle som vil delta på orienteringsløp.(Hjelpeside finn du her: https://eventor.orientering.no/Home/HelpAndSupport)

URL til Eventor: https://eventor.orientering.no/Events 


For våre deltakarar har FIL Orientering laga ei lita, punktvis rettleiar nedanfor:

1 - Om du ikkje har registrert deg som brukar tidlegare, klikk på "Registrer meg".

Om du allereie har ein brukar men har gløymt brukernavn og/eller passord, gå til punkt 2.

Om du har ein brukar og skal melde deg på eit løp, gå til punkt 7.


2 - Om du er medlem i eit idrettslag, klikk på "Jeg er medlem i klubb" for å knytte deg til medlemsskapet. 

Om du ikkje er medlem, kan du først melde deg inn i Førde idrettslag via Min idrett (ekstern link)

Om du ikkje vil vere medlem, klikk på "Jeg er ikke medlem i klubb". 

(Denne sida kan du også bruke om du har gløymt brukernavn og/eller passord).


3 - Finn klubben du er medlem i. Klikk på "Gå videre".


4 - Legg inn nødvendige opplysninger i registreringsskjemaet. Legg også inn ønsket brukarnamn og passord. Klikk på "Neste".


5 - Sjekk og bekreft opplysningane ved å klikke på "Lagre".


6 - Registering av bruker er ferdig! På høgre side finn du link til "Mine sider" der du kan sjå og eventuelt endre dei personlege innstillingane.

 


7 - Dette er framsida til Eventor som du finn her: https://eventor.orientering.no/EventsOm du ikkje allereie er innlogga, klikk på "Logg inn"


8 - Logg deg inn med brukarnavn og passord og klikk på "Logg inn"


9 - Framsida på Eventor vil da ha link til "Mine sider". Den inneheld terminlista for dei fleste orienteringsarrangement, sortert på dato. Her kan ein også finne tidlegare orienteringsløp og resultat fra dei.


10 - Klikk på ønska arrangement.


 11- Arrangementsinformasjon inneheld nyttig informasjon om løpet. På høgre side ligg link til påmelding.


12 - Velg klassen du ønsker å konkurrere i. Om du har di eiga Emit-brikke kan du legge inn nummeret på den (seks siffer). Om du ikkje har brikke, lar du feltet stå tomt. Klikk på "Lagre"


13 - Påmeldinga er lagra! Velkommen til orienteringsløp.


14 - Dei registerte opplysningane kan endres eller ein kan legge til fleire påmeldingar (på registerte brukarar).


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline