Statuttar for

æresmedlemskap i Førde IL Orientering

 

Æresmedlem er ein heider Førde IL Orientering kan tildele personar som over lengre tid har                                                              gjort ein ekstra stor innsats for å synleggjere og fremje orienteringsidretten ved:

  • Arbeid for å legge til rette for å kunne drive orientering i Førde
  • Stor administrativ innsats for Førde IL Orientering gjennom fleire år
  • Langvaring sportsleg innsats på lagsnivå, eller prestasjonar av nasjonal og/ eller internasjonal klasse

 

Forslag, innstilling og vedtak om æresmedlemskap

Alle medlemmer i Førde IL Orientering kan overfor styret komme med forslag på kandidatar                                                                     til æresmedlem.  Styret vurderer innkomne forslag og eventuelt innstiller personar som bør                                                                     utnemnast til æresmedlemmer. Styret skal i si innstilling vurdere aktuelle kandidatar i forhold                                                                   til alle kriterium for æresmedlemskap. Årsmøtet i Førde IL Orientering gjer vedtak om æresmedlemsskap.

 

Tildeling og kunngjering av æresmedlemskap

Æresmedlem i Førde IL Orientering er først og fremst ein heider til vedkommande person.                                                 Æresmedlemskapet kan likevel synleggjerast ved eit diplom, eller ein gjenstand (pokal, krus, fat)                                                        med inskripsjon.  Vedtak om æresmedlemskap skal gå fram av referatet frå årsmøtet, og skal elles gjerast                                        kjent gjennom Førde IL Orientering si nettside og ved melding i aktuelle media.