Kreftforeningas Stafett for livet

Postet av Førde Idrettslag den 22. Aug 2025

Førde I.L. Orientering stiller også i år lag på kreftforeningas Stafett for livet som blir avvikla på Førde stadion lørdag til sunndag 6.-7.september. Konseptet går ut på å gå eller springe kontinuerleg i 24 timar frå kl 12.00 på lørdag til sunndag, det betyr at det alltid skal vere minst ein person på laget på bana heile tida. Det mest vanlege er at kvar deltakar har etappar på 1 til 2 timar. Fint høve til ei god treningsøkt og støtte ei god sak. Vi oppfordrar alle som har høve til å delta melde seg på, så skal vi sette opp liste på når du skal gå/springe. Meld deg direkte på linken:  Førde I.L. Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet eller på mail: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Vi set opp lagsteltet vårt og serverer forfriskningar. Husk å ta med varme kle, spesielt for dei som har nattetappar.  I fjor klart orienteringsgruppa 641 rundar, det vil sei at vi la tilbake ein distanse på 256 km. Målet i år er å slå denne rekorden. Vi prøver og å få til ein utloddning så vi kan få inn litt ekstra til Kreftforeninga. Dei som ynskjer å gje eit beløp kan og berre vippse til: #590488.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.