Orienteringsløp Bulingstjørna tirsdag 16. mai med Resultat
Postet av Førde IL Orientering den 11. Mai 2017
Resultat:
Bulingstjørna Holsen 160517.PDF
Resultat Eventor:
http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...
Neste veke er nærløpet flytta fram til tirsdag 16. mai klokka 18.00. Då er det klart for nærløp ved idylliske Bulingtjørna, på vegen mot Holsen.
Terrenget i området Bulingstjørna-Åsvatnet er mykje meir vennleg enn det mange sleit seg gjennom på Soleide for nokre dagar sidan. Men vi kan ikkje love at du kjem gjennom løypa tørrskodd!
Det blir to A-løyper, ei på 4,0 km og ei på 3,0 km. C-løypa blir på ca 2,1 km og N-løypa ca 1,5 km.
Dei yngste N-løparane bør ha ein vaksen person med seg rundt i løypa. Ikkje for at løypa er farleg, men på eit kort strekk er naturlig vegvalg langs ei elv.
Løypeleggjar Kurt oppfordrar alle til å gjere unna bunadsskjortestrykinga og pussing av bunadssølv, og møte opp for å finpusse formen til neste helgs (20.-21.mai) to løp på Langeland.
Og så satsar vi alle på at regnet som er venta, ikkje kjem før etter 17.mai!
Vegbeskrivelse: Køyr i retning Holsen i krysset ved Moskog. Sving inn til høgre ca 150-200 meter etter rasteplassen ved Bulingstjørna. 150 meter innover denne vegen er det god plass til parkering! Vegen er som alltid merka med o-skjermer.
-Køyr til høgre etter Bulingstjørna. God plass til parkering!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering
O-posten 2024 er klar
19.12.2024
Orientering på Alti
08.12.2024
Innetrening Slåtten skule
05.11.2024
Premiefest onsdag 30. oktober
27.10.2024
Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025
16.10.2024
Idrettens møteplass 27.10.
08.10.2024