Kurs i kart og kompass
Postet av Yngve Årdal den 30. Apr 2025
Førde IL Orientering inviterer til kurs i bruk av kart og kompass.vDette er eit grunnleggande kurs, og ein treng ikkje nokon førehandskunnskap.Kurset er todelt.
Del 1: Tysdag 6. mai kl 18.00 – 20.00 på FIL-huset i Hafstadparken. Teori.
Del 2: Laurdag 10. mai kl 10.00 – 15.00. Oppmøte Reset i Halbrendslia. I del to får du prøve deg ute i naturen å finne postar med hjelp av kart og kompass. Vi har ei turorienteringsløype frå Reset opp til Halbrendsstølen og rundt til Bekkjavatnet. Vi prøver oss på fleire av desse postane. Denne dagen serverer vil drikke og noko å bite i på post nr. A6 ved Prestestølen.
Kursa er gratis. Inga påmelding. Har du kompass, ta det gjerne med.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Yngve Årdal

Treningsløp laurdag 5. april
01.04.2025