Internasjonal deltaking

Postet av Førde IL den 27. Jun 2024

Det var internasjonal deltaking på løpet i Solheimsdalen onsdag 26. juni. To løparar frå Ny-Caledonia, på ferie og gjennomreise, var innom og sprang nærløp. Kjekt. Arrangør fekk positive tilbakemeldingar frå løparane. På resultatlista finn vi fleire løparar som f.t. bur vekke frå Førde. A-lang vart vunne av Håvard  Os og Anja Hole. B-løypene vart vunne av  Rophaclle Bouchitte og Arthur Raynaud frå Ny-Caledonia. Best tid i C-løypene hadde Anita Hole og Anders Mallasvik.

Resultatliste finn du her.

No tar nærløpa pause til august månad.Men vi oppfordrar til å delta på eit av dei mange løpa som er kring om i Norge i sommar. Er du heime i Førde, er det også eit godt tilbod med turorientering.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.