Nærløpa som UsynligO
Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 11. Apr 2020
Koronasituasjonen gjer til at nærløpa ikkje kan arrangerast i tradisjonell form. Difor kjem Førde IL Orientering til å gjere nokre endringar denne vårsesongen.
Det er utvikla ein app, UsynligO, og ei heimeside, usynligo.no som gjer det mogleg å lage orienteringsløyper utan å sette ut postskjermar og stemplingsbukkar i terrenget. Ein av utfordringane er at orienteringskarta må vere georefererte, slik at o-kartet og GPS-koordinatene på mobiltelefonen stemmer overeins. Dette vert det jobba med no, slik at fleire områder vil vere klare for UsynligO.
Allereie no ligg det ei testløype ute, på Soleide. Oppfordringa vår er: Last ned appen, skriv ut kartet og test ut løypa!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kenneth Husevåg-Lobben

KM Natt 3. oktober og Haustbløyta 4. oktober
03.09.2020

Nærløp Etterlia 26. august - med resultat
23.08.2020