Resultat frå Romjulsløpet.

Postet av Førde Idrettslag den 27. Des 2024


39 deltakarar møtte opp mellom regnbygene i Ulvedalane for å delta på Romjulsløpet. På bildet er vinnarane av dei forskjellige klassane. Frå venstre Anja Hole - Halden SK (ALK),  Cecilie Johnson - Sandnes IL (CK), Anders Mallasvik Os - Førde IL (CM), Gunnar Gytri - Førde IL (AKM), og Håvard Nummedal Os - Førde IL (ALM). Ann Kristin Kusslid - Førde IL vant AKK klassen.


Sjå resultatlista HER.




O-posten 2024

Postet av Førde Idrettslag den 19. Des 2024

2024 har vore eit innhaldsrikt år for o-gruppa i Førde. Vi har som vanleg gjort opp status for 2024, samt gjort oss nokre tankar for 2025-sesongen. Les meir om det her: O-posten 2024.pdf

Minner også om det tradisjonsrike romjulsløpet 2. juledag. Start kl 12.00. Arena: Skjervane, ca 1 km frå Moskog retning Holsen. Her finn du innbydinga: Innbydelse romjulsløp.pdf

Vi nyttar samtidig høvet til å ønske alle våre medlemmer, løparar og sponsorar ei retteleg god jul. 




Orientering på Alti

Postet av Førde Idrettslag den 8. Des 2024

Laurdag 7. desember var det innandørs orientering på handelssenteret Alti i Førde. Knut Even hadde laga kart, og 68 personar registrerte seg og prøvde seg. Det var mange flotte premiar gitt av ulike butikkar, og desse vart trekt ut som premievinnarar:




Innetrening Slåtten skule

Postet av Førde Idrettslag den 5. Nov 2024

Klart for innetrening på Slåtten skule kvar onsdag kl 19-20 framover mot jul. Oppmøte kl 18.50. Leik, styrketrening og litt o-teknisk trening. Vi har plass til mange - også dei som ikkje har vore med før. Hyggeleg og uformelt. Ta turen. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Premiefest onsdag 30. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 27. Okt 2024

Førde IL Orientering har premiefest for 2024-sesongen onsdag 30. oktober i Hafstadparken.
Vi starter med O-løp med start kl 1730. NB! Ta med lys - hovudlykt eller lommelykt. 
Etter løpet vert det premiefest kl 1830 i FIL-huset.

Premieutdeling for turorientering, nærløp og lagsmeisterskap.
Kake, saft og kaffi. Utlodding.

Velkomen til alle!  


Her finn du premielistene:

Premieliste lagsmeisterskap2024.xlsx

Premieliste nærløp 2024.xlsx

Premieliste tur-O 2024.pdf



---------------------------------

PS! Minner også om at måndag 28.10 er Hall-O-ween. MorO for aldersgruppa 8-12 år, som vanlegvis held til i Hafstadparken, har denne måndagen flytta seg til Langeland Skisenter, med oppmøte kl 17.30. 
Det vil bli skummel o-løype med godteriposter. Kanskje ein og anna skummel person? 
Det vil og bli rakettløype. Ta med lomme- eller hodelykt. Kanskje borna vil ha med foreldre så det ikkje blir for skummelt i nattemørket. Vi avslutter kvelden med kveldsmat og kakao på Skihytta. Tilbodet er gratis!

https://www.facebook.com/groups/1415887119062587


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025

Postet av Førde Idrettslag den 16. Okt 2024

Sogn og Fjordane Orienteringskrins ønsker å legge til rette for fellesturar for å delta på løp utanfor krinsen i 2025. Dei ønsker innspel frå løparar og klubbar på kva nasjonale løp ein skal planlegge felles reise/overnatting på.





Idrettens møteplass 27.10.

Postet av Førde Idrettslag den 8. Okt 2024

Søndag 27. oktober er det "Idrettens møteplass" i Førdehuset kl 10.00 - 16.00.
Det er fellessamling for Friidrett, Ski og Orientering.
Felles kl 10.00 - 13.00, før ein splittar seg til haustmøte i dei ulike greinene. 
For orientering vil det m.a. vere saker som gjeld 2025-sesongen på: tiltaksplan, terminilste, premiar til unge utøvarar, leir/fellestur(ar) i 2025. 

I tillegg vil det vere treningssamling for ungdom denne dagen.

Sjå fullstendig innbyding her. Det er fritt fram å melde seg på, frist 20.10.
Kjekt om det kjem mange frå o-gruppa. 

Minner også om kompetansehelg på Gardermoen 2.-3. november.
Frå Førde vil Knut Even Hole vere med (som krinsleiar og leiar for Førde IL Orientering), Julie Daling skal vere med på trenar-1 kurs, og Harald Hjellbrekke har også meldt seg på med spesiell interesse for det som går på turorientering. Om det er fleire som kan tenke seg å vere med? 

Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER (høyoppløselig) og HER (lavoppløselig)  

Trener-1 kurs arrangeres samme sted og et par av seminarene er integrert i kurset. Påmelding samme sted og samme frist som for kompetansehelgen. Se egen innbydelse HER

Dersom nokon frå Førde ønsker å vere med, kontakt Knut Even Hole. Framleis mogeleg å melde seg på. 




Nattorientering onsdag 9.10.

Postet av Førde Idrettslag den 6. Okt 2024

Onsdag 9. oktober er det nytt natt-løp i orientering. Oppmøte Langeland skisenter. Start når det er mørkt, tidlegast kl 1930. Tre løyper: A-lang er 3,8 km, A-kort er 2,5 km og C-løypa er 2,2 km.
Påmelding i Eventor, eller ved frammøte. 

Det er vidare planlagt tre natt-løp seinare i haust:
Onsdag 16.10 Sundsdalen, frammøte ved lysløypa. Lagsmeisterskap. 
Onsdag 23.10 Sundsdalen, frammøte ved lysløypa. 
Onsdag 30.10. Hafstadparken, FIL Huset. Etter løpet vert det premiefest :)

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

 




Kompetansehelg Gardermoen

Postet av Førde Idrettslag den 27. Sep 2024

Bli med på Kompetansehelgen for Norsk Orientering 2.-3. november 2024

En helg for inspirasjon, erfaringsutveksling og faglig påfyll på Clarion Hotel Oslo AirportGardermoen.

Husk påmelding senest 30. septemberHER

Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen!
Vi håper på stor deltakelse fra hele O-Norge og oppfordrer alle klubber og kretser til å benytte denne gode muligheten til å samles til en hyggelig og sosial helg med et rikholdig og variert seminarprogram.

Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER (høyoppløselig) og HER (lavoppløselig)  

Trener-1 kurs arrangeres samme sted og et par av seminarene er integrert i kurset. Påmelding samme sted og samme frist som for kompetansehelgen. Se egen innbydelse HER

Dersom nokon frå Førde ønsker å vere med, kontakt Knut Even Hole. 




KM-natt og Haustbløyta i Naustdal

Postet av Førde Idrettslag den 17. Sep 2024

KM natt som skulle være laurdag 21. september er flytta til onsdag 25. september grunna lav påmelding. Søndag 22. september vert det tradisjonsrike Haustbløyta som tidlegare oppsatt, med start frå kl 13.00.
Begge dagar Ramsdalsheia. Merk: ordinær påmelding torsdag 19/9 for Haustbløyta og tirsdag 24/9 for KM natt.
Eventor - Arrangementsinformasjon: KM natt (orientering.no)

Eventor - Arrangementsinformasjon: Haustbløyta (orientering.no)




Orientering Slåtten skule 18.9.

Postet av Førde Idrettslag den 17. Sep 2024


Nærløp orientering frå Slåtten skule i Førde onsdag 18. september. Start frå kl 18.00. Løyper for alle.

Påmelding ved frammøte eller via Eventor.

Velkomen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-løp Sunde skule 11.9.

Postet av Førde Idrettslag den 9. Sep 2024

Nærløp sprint onsdag 11. september kl 18.00 frå Sunde skule.
Løypelengder: A-løype 2,4 km, B-løype 1,7 km, C-løype 1,4 km, N-Løype 1,2 km
Påmelding på Eventor, eller ved frammøte.

Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-løp Gjesdalsdalen 4.9.

Postet av Førde Idrettslag den 2. Sep 2024

O-løp på Vassenden i Jølster, Gjesdalsdalen, onsdag 4.9 kl 18.00. Dette blir siste sjangse til å løpe næløp i skogsterreng før dei 3 siste nærløpa som er sprint.

Frammøte: Oppdatering 4.9: Brua på Vassenden er opna igjen. 
Sidan brua ved Vassenden er stengt fram til 08.09.2024, blir det merkt frå Jølstraholmen via Bjørkelia. Bomveg, betaling med vipps kr 50.

Løyper:
AL 5,0 km, 950 meter til start.
B 2,8 km, 100 meter til start
C 1,7 km,  100 meter til start
N 1,4 km, 100 meter til start

Påmelding via eventor, eller ved start. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Gratis aktivitetstilbod 8-12 år

Postet av Førde Idrettslag den 1. Sep 2024

Orienteringsgruppa har starta opp igjen  "mor-O" i Hafstadparken på måndagar. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg serverer vi kveldsmat på FIL-huset før ein reiser heim. Så det er berre å ta turen til Hafstadparken kl 1800 på måndagar. 

Her kan du lese meir frå då vi starta opp hausten 2023. Same gjeld no, men vi er i gang med aktiviteten:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 

Vi har plass til fleire, og vi prøver å nå ut til flest mogeleg med informasjon. Del gjerne! 

Instruktørane har oppretta eiga facegruppe-side: (1) morO i Hafstadparken | Facebook


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




morO startar opp igjen 26.8

Postet av Førde Idrettslag den 26. Aug 2024

Det vert gratis aktivitet for aldersgruppa 8-12 år i Hafstadparken kvar måndag i haust kl 18.00-19.00, etterfølgt av gratis kveldsmat på FIL-huset 1900-1930. Velkomen til alle.

Første dag blir onsdag 26. august. 

Det er oppretta ei eiga facebook-side der informasjon blir lagt ut. https://www.facebook.com/groups/1415887119062587







Ny stad for o-løp 28.8.

Postet av Førde Idrettslag den 25. Aug 2024

Nærløp onsdag 28. august kl 18.00 frå Langeland skisenter. Dette løpet var i utgangspunktet planlagt i Blomlia, men store nedbørsmengder har gjort elvane der litt for store til at ein fant det forsvarleg å arrangere. Løpet vert no flytta til Langeland. 

Løypeleggar Kurt Grønli melder at forholda på Langeland er veldig bra, sett i forhold til nedbørsmengdene dei siste dagane. Myrene er våte så det blir fysisk krevjande for dei lengste løypene, som det skal vere når det skal kårast lagsmeister i mellomdistanse.

Løypelengder: A løype ca 4,6 km, B-løype ca 3,0 km, C-løype ca 2,2 km og N-løype ca 1,8 km.

Påmelding ved oppmøte, eller via Eventor.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri 







O-helg i Sogndal 7.-8. sept

Postet av Førde Idrettslag den 23. Aug 2024


Sogndal IL arrangerer krinsløp 7.-8. september. Same helg er det også o-troll leir og ungdomsleir.

"Påmeldinga til krinsløp i Sogndal 7.-8. september ligg no på Eventor og påmeldinga er opna.

Laurdag (sprint): https://eventor.orientering.no/Events/Show/19287
Sundag (mellom): https://eventor.orientering.no/Events/Show/19288

Hugs også at det er leirar (o-troll og ungdom) samtidig med løpa, med påmeldingsfrist no på sundag. Påmeldinga ligg under "Aktiviteter" i Eventor: https://eventor.orientering.no/Activities"




Nærløp Kråkenesmarka 21.8.

Postet av Førde Idrettslag den 19. Aug 2024

Onsdag 21. august kl 1800 er det klart for nytt nærløp io orientering frå Skyttartun i Kråkenesmarka. Løypetilbod for alle. Enkel ntybyrjarløype. C-løype for litt vidarekomne. B-løype for løparar som har vore med litt, og ei A-løype for erfarne o-løparar. 

Påmeling ved frammøte, eller via Eventor. 
Etter løpet inviterer vi alle inn i Skyttartun, der det er mogeleg å kjøpe seg ein vaffel, ein kopp kaffi eller eit glas saft.

Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Nærløp Kråkenesmarka

Postet av Førde Idrettslag den 12. Aug 2024

Onsdag 14. august vert det o-løp i Kråkenesmarka kl 18.00. Løype-tilbod: A-lang 4 km, B-løype 2,5 km, C-løype 2,1 km og nybyrjarløype på 1,2 km. Start og mål nær parkeringen ved Skyttartunet.

O-gruppa kjem til å Skyttartun i Kråknesmarka som arena for løp dei tre neste onsdagane; 14.8, 21.8 og 28.8. Etter løpet er det mogeleg å sette seg ned inne i Skyttartun, kjøpe seg ei vaffel, kaffi og/eller saft, og sjå på gode og mindre gode o-tekniske val :)  

Påmelding ved frammøte, eller aller helst her via Eventor.

Velkomen til alle!

Minner og om Vestlandsmeisterskapen i orientering som vert arrangert 17.-18. august på Os litt sør for Bergen. Her skulle vi gjerne hatt med fleire løparar frå Førde. Informasjon og påmelding finn du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp onsdag 7. august

Postet av Førde Idrettslag den 4. Aug 2024

Første lokale nærløp etter sommaren vert onsdag 7. august. Start frå kl 18.00. Oppmøte på Reset, Halbrendslia. Løypeleggar planlegg ei A-løype på ca 5 km, B-løype på ca 3 km, C-løype på ca 2 km og ei Nybyrjarløype. 

Ca 10 minutt å gå til start for alle løyper. Velkomen til alle! 

Påmelding ved frammøte, eller aller helst på Eventor.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Fellestur til O-festivalen

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jun 2024


Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til felles overnatting under O-Festivalen på Lillehammer/Sjusjøen 21-23. juni

SFOK har reservert ei hytte med 20 sengeplassar, stort og flott fellesområde og stove.

Oppfordrar spesielt ungdommen til å være med, og de som skal på HL/OLL, da dette er ein flott måte å prøve seg på litt anna terreng enn kva de er kjent med. Treng de skyss, så sjekk kven som har meldt på, så ordner det seg nok.

Det er og mogleg å stå med bubil/campingvog på plassen.

Link til meir info om hytta HER

Påmelding på Eventor innan 14. juni med link HER

Påmelding til løpa fin de på Eventor

Skund dykk å melde på, dette kan ein ikkje gå glipp av 😊




Utvikfjellet og Askøy

Postet av Førde Idrettslag den 31. Mai 2024

Miner om to arrangement denne helga og neste helg som går utanfor Førde. 

Laurdag 1. juni går Rotekoppen på Utvikfjellet.Start kl 15.00. https://eventor.orientering.no/Events/Show/19282

Helga 8.-9. juni har Hordaland KM på Askøy. Start laurdag kl 1430 og søndag kl 1100. Vi hadde besøk av mange løparar frå Hordaland på vårt vårløp i Førde, og oppfordrar våre løparar til å reise ut og delta på løp andre stader. https://eventor.orientering.no/Documents/Event/41471/1/Innbydelse




O-løp onsdag 22. mai

Postet av Førde Idrettslag den 19. Mai 2024

EKSTRA LØP: Det vert nærløp onsdag 22. mai kl 18.00. Stad: Ulvedalane, dynamittlageret, ca 2 km langs riksveg 13 frå krysset på Moskog. Løyper:  A 4,9 km, B 2,8 km, C 1,5 km og Nybyrjarløype på 1,1 km.
200 meter å gå til start og 100 meter fra målpost til brikkeavlesing på samlingsplass.

Påmelding gjer du her. Det er også høve å melde seg på ved frammøte. 


Minner også om desse kretsløpa i Sogn og Fjordane:

25.-26. mai: Sogndal med løp laurdag og søndag + o-troll leir og ungdomssamling 
29. mai: Sunnfjordorienteringa i Førde
1. juni: Rotekoppen på Utvikfjellet

Du finn meir om arrangementa på Sogn og Fjordane Orienteringskrins sine nettsider. 
Oppfordrar løparar frå Førde om å delta på kretsløp i fylket! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Naustdal 15. mai

Postet av Førde Idrettslag den 12. Mai 2024

Onsdag 15. mai vert det nærløp i Helgåsmarka i Naustdal. Merka frå brua på rv 5 i sentrum. Start frå kl 18.00. Løyper A-lang 4,1 km, B-løype 2,7 km, C-løype 2,3 km, N-løype 1 km.  Kart: målestokk 1:7500. Utskrift på vassfast papir.

Påmelding på Eventor, ev. ved frammøte. 

NB! Onsdag 22. mai vert det nærløp på Skjervane (frå Moskog mot Vettereinene). Dette løpet står ikkje på nærløpsoversikten. Kjem tilbake med meir info om løypelengder og påmelding. 






54 på nærløp Førde Vassverk

Postet av Førde Idrettslag den 7. Mai 2024

Løypevinnarar 8. mai: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellangen, A-lang menn Håkon Grønli, B-kort kvinner Julie Daling, B-kort menn Gunnar Gytri, C kvinner Bodil Ryste, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

-------------------------------------------------------------

Onsdag 8. mai er det klart for nærløp i orientering frå Førde Vassverk i Sundsdalen. Løypelengder. A-løype 4,6 km, B-løype 2,7 km, C-løype 1,9 km, N-løype 1,3 km. Ca 10 minutt å gå til start. Det gjer det ein del enklare for arrangør om ein melder seg innan kl 1400 onsdag på Eventor, men det er mogeleg å melde seg på ved oppmøte. Velkomen til alle!

 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Trygg på trening

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2024

Tambarskjelvar IL inviterer til Trygg på trening foredrag 7. april på Naustdal skule kl 18.00-20.00. Foredraget er åpent for alle (tillitsvalgte, trenere, lagledere og utøvere) over 16 år, også foreldre som ikke har en rolle i idrettslaget. I foredraget får dere mer kunnskap om hva seksuell trakassering og overgrep slik at dere kan kjenne det igjen, dere får noen tips til hvordan håndtere det, enten du er leder, trener, forelder eller lagkamerat. Du får konkrete tips til hvordan prate om det, du får kjennskap til retningslinjer og til varslingskanal. Alt dette for at idrettslaget skal stå tryggere og at utøverne skal være tryggere.

Overgrep skjer overalt i samfunnet, også i idretten. Det er naivt å tro at det ikke kan skje i eget idrettslag. Foredraget er kunnskapsbasert og formidles gjennom fakta, historier, video og en case.

Påmelding via denne lenken  Gratis inngang.




KM og krinsløp i Førde

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2024

Denne helga har det vore arrangert to o-løp i Førde med arena på Førde ungdomsskule. Fredag var det KM-sprint, med 39 deltakarar. KM-vinnarar frå Førde: Gaute Osvoll i H15-16, Trygve Hermansen i H17-, Julie Daling i D50, og Brita Eilertsen Grønli i D80. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Laurdag 4. august var det krinsløp mellomdistanse på det nyreviderte kartet over Førdslia. 50 løparar stilte på startstreken. Resultat her. 

Det er krinsløp i Askvoll 5.5.

Neste nærløp i Førde vert onsdag 8. mai med oppmøte Førde vassverk i Sundsdalen. Merka frå E39. Løyper for alle.  Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





O-helg Sunnfjord 3.-5. mai

Postet av Førde Idrettslag den 25. Apr 2024

Helga 3.-5. mai er det orienteringshelg i Sunnfjord. 
Fredag 3. mai KM sprint frå Førde ungdomsskule. Start kl 19.30. 
Laurdag 4. mai kretsløp mellom frå Førde ungdomsskule. Kart: Førdslia. Start kl 12.00. 
Søndag 5. mai kretsløp mellom i Askvoll. Start kl 12.00. 

Det vert også arrangert o-troll-leir og ungdomsleir på Førde ungdomsskule denne helga.
For meir informasjon sjå innbyding på Eventor. 

Her er løyper for alle. Vi har hatt veldig god deltaking på våre nærløp på onsdagar så langt i år, og vi håper at fleire nyttar høvet til å vere denne helga. Påmelding i aldersklasse. 
Sidan dette er kretsløp ønsker ein at flest mogeleg melder seg på i god tid i Eventor. 

Påmelding (og innbyding) fredag 3. mai i Førde
Påmelding (og innbyding) laurdag 4. mai i Førde
Påmelding (og innbyding) søndag 5. mai i Askvoll.




Lagsmeisterskap sprint

Postet av Førde Idrettslag den 24. Apr 2024

65 deltakarar starta på sprintløpet på Halbrend skule onsdag 24. april. Resultatlista viser mange jamne duellar. Løypevinnarar: A-kvinner Gøril Fristad, A-menn Håkon Grønli, B-kvinner Olea Fristad, B-menn Kenneth Husevåg-Lobben, C-kvinner Ann Kristin Kusslid, C-menn Erlend Husevåg-Lobben. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste o-løp i Førde vert  3. og 4. mai. Fredag 3. mai vert det KM-sprint med samlingsplass på Førde ungdomsskule. Laurdag 4. mai er det kretsløp i Førdslia. Det er også løp i  Askvoll 5. mai. Denne helga er det også o-troll-leir og ungdomsleir på Førde ungdomsskule.Vi må ha fleire deltakarar frå Førde. Så langt er det flest påmeldte frå Bergens-området. Sjå innbydinga, og meld deg på! 




Nærløp og lagsmesterskap Halbrend 24. april kl. 1800.

Postet av Førde Idrettslag den 21. Apr 2024

Nærløpet komande onsdag ved Halbrend skule er også sprint-lagsmesterskap.   Opplegget er likevel om lag det same som eit vanleg nærløp med 4 løyper: Løype 1 A-nivå 2,3 km, løype 2 B-nivå 1,6 km, løype 3 C-nivå 1,3 km og Nybyrjarløype på 0,7 km.  Alle løypene går stort sett på fast underlag, slik at joggesko er riktig skoval.

NB! Det er fri start mellom kl. 1800 og 1930, men sidan det er lagsmesterskap vil løparane i A-, B- og C-løypene først få sine kart rett før start.   Vi minner også om o-skulen frå kl. 1715 til 1800.

Påmelding er greiast ved å bruke Eventor, men kan også gjerast ved frammøte.   Vel møtt til alle!

Påmelding her.




Rekordstor deltaking

Postet av Førde Idrettslag den 17. Apr 2024

Over 70 løparar registrerte seg på o-løpet i Vieåsen onsdag 17. april. I tillegg var det mange forelder og vaksne som følgde born gjennom løypene. Kjekt at så mange kom! Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Gøril Fristad, A-lang menn Håkon Grønli, B kvinner Vena Fristad, B menn Emil Helgheim, C kvinner Ann Kristin Kusslid og C menn Emil Helgheim.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 23. april kl 18.00 med oppmøte på Halbrend skule. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Vieåsen 17.4.

Postet av Førde Idrettslag den 15. Apr 2024

Nærløp orientering onsdag 17. april i Vieåsen. Frammøte på ballbana. Start frå kl 18.00. Løypeleggar melder om følgjande løyper: A 3,9 km, B 2,8 km, C 2,0 km, Nybyrjarløype 1,3 km. Løypene går i terreng, på sti og veg. For dei som har o-sko er det fint å bruke. 

Minner og om o-skulen same stad kl 17.15 - 18.00.

Veldig kjekt med 66 deltakarar i Movika. Då kan det verte litt hektisk kring parkering, påmelding og kartutdeling. Ver ute i god tid. Oppfordrar flest mogeleg til å bruke Eventor til påmelding, men det går sjølvsagt an å ordne det ved frammøte og. Vel møtt til alle!

Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





TURORIENTERING

Postet av Førde Idrettslag den 11. Apr 2024


Endeleg har vi fått  det nye og fine TurO-hefte levert frå trykkeriet. Det er no tilgjengeleg å få kjøpe hos Intersport Erdal Sport for kr. 200,-. Spesialpris for medlemer som møter opp på dei to neste nærløpa er     kr. 100,-. Ein kan også lasta ned og skrive ut karta på turorientering.no. God tur til alle som ynskjer å nytte dette fine trim-/treningstilbodet.




Nærløpstart 10.4 i Movika

Postet av Førde Idrettslag den 8. Apr 2024

Onsdag 10. april startar nærløp-sesongen i orientering. Første løp vert ved Sunnfjord Museum i Movika. Start frå kl 18.00. N-løype på 1,3 km for nybyrjarar, C-løype på 1,5 km for litt vidarekomne, B-løype på 3,2 km for løparar som har vore med litt, og ei A-løype på 4 km for røynde løparar. Her er løyper til alle. 

Sidan det er første løpet for sesongen, oppfordrar vi folk om å vere ute i god tid.
Påmelding kan du gjere på førehand her, eventuelt tar du det ved frammøte. 

O-skulen: Nybyrjar-kurs kl 1715-1800 for alle aldersgrupper.

Turorientering:
Vi tilbyr alle medlemer i Førde IL turorientering for kun kr 100,- (halv pris). Vi sel tur-o-pakke på dei tre første nærløpa våre; Movika, Vieåsen og Halbrend skule. Etter det er det høve å kjøpe TurO-heftet på Intersport Erdal Sport for kr. 200,- eller du kan laste karta ned frå turorientering.no eller på TurO-appen. For denne prisen får du TurO-heftet med 10 kart med 10 turar iulike vanskegrader. . Les meir om turorienteringa på turorientering.no 

VEL MØTT til alle - om du er ny og nyskjerrig på o-idretten, eller om du er meir røynd. Det er god plass i skogen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Ny i orientering?

Postet av Førde Idrettslag den 2. Apr 2024

Førde IL Orientering arrangerer "O-skulen". Her kan du få ei innføring i o-sporten. På alle nivå. For dei yngste, ungdommar og for andre. Oppstart i Movika, Sunnfjord Museum, onsdag 10. april kl 17.15.






Alle 10 turane i TurO er på plass

Postet av Førde Idrettslag den 26. Mar 2024

Bilde frå post C9 med Storehesten i bakgrunn.

Då er alle 10 turane i årets turorientering på plass. 80 av 82 postar er plasert, manglar berre post B7 og B10 på kinna pga mykje snø. Det er framleis ein del snø igjenn i terrenget, så alternativet her er truger eller ski dersom det ikkje ber på skaresnøen. Lite snø på Einestøylen, og alle grøne turar i lavlandet er snøfrie



1 Kommentar

O-sesongen ute er starta!

Postet av Førde Idrettslag den 25. Mar 2024

O-sesongen 2024 utandørs er starta! Tur-o-rådet har alt fått mange av postane ut i terrenget, så her er det mogeleg å komme i gang alt i påska. Nærløp-sesongen startar i Movika onsdag 10. april. I denne oversikta vil du finne mykje nyttig informasjon nærløpa, turorientering, drakter, o-skulen for alle aldersgrupper, morO for dei yngste, samt ulike leirar for barn og unge. Vi ser fram til å sjå deg ute i naturen denne sesongen! 

Nyhetsbrev 1-24.pdf

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR 2024: 





Tilbakeblikk. NRK innslag for 20 år sidan

Postet av Førde Idrettslag den 16. Mar 2024

Eit lite tilbakeblikk på ei alternativ orienteringstrening med truger i eit innslag vist på NRK Vestlandsrevyen 6 februar 2024. To framleis aktive o-løparar i full driv med truger. Klikk på lenka for innslag 6. "Trugeorientering på Langeland"




Tilbakeblikk. NRK innslag for 20 år sidan

Postet av Førde Idrettslag den 16. Mar 2024


Eit lite tilbakeblikk på o-innslag som NRK viste 6 februar 2024. To framleis aktive o-løparar i alternativ orienteringstrening med truger. Klikk på

og innslag 6. i sendinga på Vestlandsrevyen.





Fjord-O 2024 i Bergen

Postet av Førde Idrettslag den 13. Mar 2024


Orienteringssesongen nærmar seg. Første løp i Førde vert onsdag 10. april i Movika. Meir info om o-sesongen kjem snart. Tar i dag med innbydelsen til Fjord-O 2024 som går 3.-7. juli i Bergen/Kvamskogen. Det er rimelegare påmeldingsavgift dersom ein melder seg på innan 15.3. Er det nokon i klubben som er interessert i eit felles opplegg med overnatting, gje beskjed til Knut Even, epost knuteh@hotmail.com innan søndag.

Innbydinga til Fjord-O 2024 finn du her: fjord-0-2024.pdf  




Årsmøte måndag 26.2 kl 1800

Postet av Førde Idrettslag den 20. Feb 2024

Viser til innkalling til årsmøte publisert 26.01.24.
Det vert årsmøte i Førde IL Orientering måndag 26. februar kl 18.00 på FIL-huset i Hafstadparken. 

Sakliste:
1. Godkjenne de stemmeføre. 
2. Godkjenne innkalling og sakliste. 
3. Val av dirigent. Forslag frå styret: Yngve Årdal
    Val av referent. Forslag frå styret: Knut Even Hole
    Val av 2 medlemmer til å underskrive protokollen. 
4. Behandle årsmelding 2023. 
5. Behandle rekneskap 2023.
6. Vedta budsjett 2024
7. Behandle forslag og saker.
    Forslag frå Kurt Grønli om å gi tillitsvalte eit honorar for dekking av uspesifiserte utgifter
   i forbindelse med utøving av verv (sjå vedlegg) 
8. Valg

Følgjande dokumenter lagt ut på nettsida:
- Årsmelding 2023. Inneheld: Årsmelding 2023, rekneskap 2023 og budsjett 2024. 
- Innkomme forslag om å gje tillitsvalgte eit honorar for dekking av uspesifiserte utgifter 

Valkomiteens innstilling vert presentert på årsmøtet.

Velkomen til alle o-venner!

Med vennleg helsing 
Styret FIL-Orientering


Årsmelding 2023 .pdf

Forslag til årsmøte 2024.pdf






Hovedløp, landsleir, webinar og utøvarforsikring

Postet av Førde Idrettslag den 6. Feb 2024

Norges Orienteringsforbund sender ut ein del informasjon om ulike kurs og webinar. Deler litt informasjon om det som er komt siste vekene:

Informasjon om Hovedløp og O-landsleir 

Arrangør av Hovedløp og O-landsleir (HL/OLL) i 2024, Fredrikstad SK, inviterer i samarbeid med Norges Orienteringsforbund til åpent webinar om HL/OLL:  TIRSDAG 13. FEBRUAR KL 20.00 – 21.00 på teams.

Målgruppene for møtet er spesielt ledere, trenere og foresatte til ungdomsløpere i alle klubbene og kretsenes ansatte, ledere og HL/OLL-kretskontakter.

 Program:

Informasjon om HL/OLL i Fredrikstad 2.-7. august 2024

  • Visjon for HL og OLL 2024  
  • Rammeprogram - viktigste hendelser  
  • Organisering, inkludert ledere og unge trenere
  • Hvem kontaktes ved spørsmål Informasjon og våre markedsføringskanaler - følg med, dette vil du ikke gå glipp av

Påmelding innen tirsdag 13. februar kl 18:00 i Eventor/forbundsaktiviteter : https://eventor.orientering.no/Activities/Show/5493

Alle påmeldte får tilsendt lenke til teams på e-post etter kl 18.00

Vi håper mange benytter mulighet til å få tidlig informasjon om arrangementet og kan stille spørsmål.

Besøk gjerne nettsiden for arrangementet: https://fsk.no/hl2024


Sunn idretts foreldre- og ungdomswebinar 2024

I år holder vi et webinar som ungdom og foreldre kan se sammen! Innholdet tilpasses ungdom fra 15 år og deres foreldre - men webinaret kan også ses av yngre ungdommer. 

 Hold av datoen torsdag 18. april, kl. 19-20.45. Del med dem det kan være relevant for!

I webinaret møter dere Kasper Kvello (som mange ungdom kjenner som "Styrketreneren", blant annet på Tik Tok), Martin Norum (fagkonsulent ernæring ved Olympiatoppen) og Beate Anstensrud (klinisk ernæringsfysiolog og foredragsholder i Sunn idrett). Program følger nærmere!

Les mer her! https://sunnidrett.no/


Utøverforsikring

 NIF har utviklet en ny og enklere løsning for kjøp og administrasjon av lisenser og utøverforsikringer. Dette betyr blant annet at alle som har fylt 13 år og er medlem av en klubb tilknyttet NOF nå har mulighet til å kjøpe forsikring via vår nye landingsside i Min Idrett.

 Se vilkår og kjøp utøverforsikring 2024 HER

Forsikringen er frivillig, og er tilgjengelig for alle medlemmer fra 13 år og eldre. (For utøvere til og med 12 år gjelder NIFs barneidrettsforsikring.)

Forsikringen koster kr 1190,- pr år og gir tilvarende dekning som både skiforbundets og friidrettsforbundets utvidete lisenser.  

Forsikringen gir utøver dekning med svært rask behandlingstid. Utredning og behandling du ellers måtte ha bekostet selv, dekkes mot egenandel. 

 Adresse til landingsside for kjøp av forsikring: https://www.minidrett.no/lisens/cmrpqpmf0001kd7c70jg




morO i Hafstadparken 29.1.

Postet av Førde Idrettslag den 28. Jan 2024

Måndagane er det morO for born mellom 8-12 år i Hafstadparken med påfølgande kveldsmat. Her er alle velkommen medlem eller ikkje. Det blir og lagt o-løyper i og rundt parken for dei som vil ha seg ein trimmetur. Kort og lang enkel løype. Start kl 18.00. O-løparane må gjerne komme inn på Fil-Huset etter turen for ein kaffe/kakao.

Minner og om innetrening kvar onsdag på Slåtten skule frå kl 19.00 - 20.00 Ope for alle medlemmar over 13 år. Håkon Grønli står for treninga.






Årsmøte måndag 26. februar

Postet av Førde Idrettslag den 24. Jan 2024

Førde IL Orientering har årsmøte på FIL-huset måndag 26. februar kl 18.00. Innkalling til årsmøtet finn du her. Innkalling årsmøte.pdf




O-aktivitet 22.1 og 24.1

Postet av Førde Idrettslag den 21. Jan 2024

Vermeldingane viser regn og ruskever måndag 22. januar. Likevel prøver vi til med morO i Hafstadparken kl 18.00. Kveldsmat kl 19.00. Gratis for alle. 

For andre som har lyst å trimme vert det lagt ut nokre enkle løyper. Hugs piggsko! Og hovudlykt.

Minner også om innandørstrening på Slåtten skule onsdag 24. januar kl 19.00. Her er plass til fleire :)
Velkomen til o-aktivitet.






O-aktivitet veke 3

Postet av Førde Idrettslag den 14. Jan 2024

Måndag 15. januar kl 18.00: morO i Hafstadparken for aldersgruppa opp til 12 år. Uteaktivitet fram til kl 19.00. Deretter kveldsmat på FIL-huset. Gratis for alle. Velkommen.

Måndag 15. januar kl 18.00: treningsløype i Hafstadparken for alle som vil prøve seg på orientering. Ta med hovudlykt. 

Onsdag 17. januar kl 19.00: innandørstrening på Slåtten skule for 13 år og oppover. Velkomen!




O-aktivitet veke 2

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jan 2024

morO er planlagt på måndagar kl 18.00 - 19.30 framover, men utgår måndag 8.1.
Planen er å vere tilbake måndag 15.1.

Innandørstrening på Slåtten skule onsdag 10. januar kl 19.00 - 20.00. 




Krinsting søndag 28.1 på Skei

Postet av Førde Idrettslag den 1. Jan 2024


Sogn og Fjordane orienteringskrins har krinsting søndag 28. januar på Skei.
Fullstendig innkalling finn du her. Innkalling SFOK krinsting sø 28 januar 2024.pdf