Frivillig under Førde Rundt
Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2025
Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt 20. september og treng frivillige til ulike arbeidsoppgåver.
Ved hjelp av QR koden eller linken kan medlemmar i Førde IL melde seg på som frivillig, og krysse av for kva arbeidsoppgåve ein ynskje å hjelpe til med. Sparebanken Norge støttar Førde Rundt med midlar til dette som igjen blir delt ut på lag og organisajonar som stiller med frivillige.
Det er og mogleg å delta på løpet som har 3 ulike distansar, 5 og 10km samt halvmaraton. Ein kan springe/gå med eller utan tid. Der er også para-klassar. Flotte premiar til løypevinnar, 1-3 plass i kvar klasse, familiepremie (min 3 i fam.), til beste bedrift (flest km) og ikkje minst uttrekks-premiar bant alle løparane.
Trykk på linken eller skann QR koden for påmelding.
Trening 26.5. og nærløp 28.5.
Postet av Førde Idrettslag den 25. Mai 2025
Trening og morO måndag 26. mai. Langeland skisenter. morO for dei aller yngste, trening for ungdom, og fellesstart med gafling på ei ca. 3 km lang treningsløype for andre. Påmelding.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening
Nærløp onsdag 28. mai. Samlingsplass ved ballbanen på Haugom/Kletten. Merkes fra rundkjøringa på Naustdalsvegen/E5 500 meter vest for Klettentunnellen.
Løyper: A 3,0km, B 2,0km, C 1,6km og N 1,0km. Start mellom 1800 og 1845.
Påmelding via Eventor innen kl. 16.00 arrangementsdagen.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nærløp Kletten ballbane Haugum
Kretsløp Veten laurdag 31. mai og Markane søndag 1. juni. Denne helga er det også o-troll-leir og ungdomsleir. Meir informasjon og påmelding:
Eventor - Arrangementsinformasjon: Krinsløp mellom
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Omtale på NOF sine sider
Postet av Førde Idrettslag den 23. Mai 2025
Norges Orienteringsforbund har publisert ei lita sak om Sunnfjordorienteringa som vart arrangert 21.mai. Den kan du lese her:
SUNNFJORDORIENTERINGA: Det lengstlevande orientereingsløpet i Sogn og Fjordane.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Stor o-aktivitet neste dagane
Postet av Førde Idrettslag den 18. Mai 2025
Mange mogelegheiter til å vere med på orientering dei neste dagane. Bli med.
Måndag 19. mai: O-trening på Langeland skisenter. mor-O for dei aller yngste, trening for ungdom, og løp med fellesstart for vaksne. Start kl 18.00 (ver der gjerne litt før). Påmelding innan måndag kl 14.00.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening
Onsdag 21. mai: Sunnfjordorienteringa. Støfringsdal, Jølster. Start mellom kl 18.00 og 19.00. Løyper for alle. Påmelding innan tysdag kveld.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Sunnfjordorienteringa 2025
Torsdag 22. mai: Helse Førde stafetten. O-gruppa deltek med rakettløype og stand både på dagtid og kveldstid. Skulle hatt fleire som var med å hjalp til.
Laurdag 24. mai: Breimsbygda arrangerer Rotekoppen på Sårheim, ca 6 km frå Byrkjelo. Start kl 15.00. Fellesstart. Løyper for alle. Påmelding måndag kveld.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Rotekoppen
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Sunnfjordorienteringa onsdag 21.5
Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2025
Onsdag 21. mai er det klart for Sunnfjordorienteringa. Dette tradisjonsrike o-løpet vart første gong arrangert i 1963! Oppmøte i år er Støfringsdal på Jølster. Merka frå E39 Langhaugane, 3 km sør for Vassenden. Kart er Fluge, som vart utgjeve i 2024. Dette vert første løpet på det nye kartet.
Her litt fleire løyper enn på eit vanleg nærløp, og her melder ein seg på etter alder. Påmeldingsfrist er tysdag kveld på Eventor. Det lettar veldig på vårt arbeid at flest mogeleg nyttar den nettsida. Er det nokon som ikkje får det til, så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på sjølve løpsdagen.
Meir informasjon om løpet, løypelengder og påmelding gjer du her.