Nærløp onsdag 24. juni på Kinna - med resultat

Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 22. Jun 2020

Det er no klart for nær O-løp på Kinna. Frammøte og mål er ved grushola rett før Byrkjefloten. 

Resultat: Resultat Byrkjeflot-240620.PDF

Påmelding på førehand i Eventor innan onsdag kl 14.00:  https://eventor.orientering.no/Events/Show/13329

Det er 1 km å gå på bilveg til start.

Løypene:

  • A-lang 4,3 km
  • A- kort 2,8 km
  • C løypa 2,3 km
  • N løypa 1,5 km

Merk at grunneigar held på å sette opp eit el gjerde. Markert inn på kartet. 

Velkommen til o-løp i fin natur med molteblomster, maurtuer og kanskje litt mygg.

Helsing Gunnar 

Bilede frå post 37 viser at det framleis er snø i høgda. 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.