Nærløp orientering Klappene/Soleide - UsynligO 3.-10. mai

Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 3. Mai 2020

Nærløpet ved Klappene/Soleide for går som UsynlegO, og er no lagt ut på UsynligO-appen. Appen kan lastast ned på https://usynligo.no/ 

Løypeleggjer Helge har lagt fire løyper, og har døypt vekas o-løp for Kvitveisløpet, av åpenbare grunner. I terrenget og traséane er det ein god del kvitveis i full blom. 

Også denne veka kan vi glede løparane våre med at det er plassert ut o-skjermar for å visualisere kor postane er. Skjermane er i terrenget 3. mai - 10. mai. 

Løparane skal ikkje berøre skjermane, grunna smittevernhensyn. Av same grunn er det heller ikkje utplassert EKT-einingar for stempling. Registeringa foregår kun ved hjelp av UsynligO-appen.  

Om ein ikkje brukar appen eller at løpet av andre grunnar ikkje blir registrert, ber vi om at du sender navn, alder og kva løp ein har deltatt på til: knuteh@hotmail.com. Dette for at vi skal få registrert alle som deltar på løpa i forhold til premiering til hausten.

Løypene finn du på UsynligO-appen, eller nettsida til UsynligO: https://usynligo.no/  

Eller dei kan lastast ned her (PDF):

Kvitveisløpet N-løype.pdf

Kvitveisløpet C-løype.pdf

Kvitveisløpet.A-Kort.pdf

Kvitveisløpet.A-lang.pdf

Skriv ut kartet og kom deg på UsynligO-løp. Lykke til og god tur!

Bilete frå terrenget i ein aktuell trasé.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline